tirsdag 8. april 2008

Markus-evangeliet - del 1.

Markus evangelium - del 1.
Ved NDH.

1)
Innleiing.
Kortfatta oversyn over Jesu liv etter evangeliet til Markus.

Evangeliet etter Markus er det kortaste av dei fire evangelia i NT. Det er mest prega av dei under Jesus gjorde og mindre av talane hans, slik Matteus og Johannes er. Ein trur at det er det første evangelium som vart skrive, truleg før år 70, kanskje så tidleg som ikring år 50. Ein tradisjon seier at det var Johannes Markus som skreiv det ned i Rom, og han er den som er nemnt i Apg. 12, 12; Kol. 4 og 1. Pet. 5, 13.

Det spesielle ved Markus sitt evangelium er altså at han skriv mykje om under og gjerningar Jesus gjorde, og lite om forkynninga. Grunnen til det kan vera, skriv Bo Giertz, at han voks opp i ein kristen heim i Jerusalem der apostlane gjekk ut og inn. Og kanskje han arbeidde saman med Paulus og Peter seinare, og slik kjende han godt soga om Jesus ved å høyra dei tala.

Eit særdrag er og at han skriv som om han hadde opplevd ein del av dette sjølv, og det hadde sett merke i han.

Nokre meiner så at han skriv for dei nyomvende kristne, som ei slags dåpsundervisning om grunndraga i Jesu liv (O. Modalsli, s. 22 og 36). Det er ikkje lenger enn at dei kunne hugsa det meste her. Det ser ut til at han skriv for heidningkristne ved at han omset arameiske ord og forklarar jødiske skikkar. Men me kan alle ta del i det Markus skreiv – her finn me essensen av Jesu liv.

2)
Kap. 1.

Innleiing.
1. Johannes står fram i øydemarka, og forkynner at Kristus skal koma, og han døyper der, 1-8.
- Når Markus skal byrja å skriva soga om Jesus, grip han attende til profetane. Og han tek til med døyparen Johannes som skulle bera bod om Frelsaren. For han seier mykje viktig om Jesus. Både Jesaja og Malakia talar om han. Jesaja seier noko fint her: I kap. 40, 3 seier han: ”Høyr, det er ein som ropar: Ryd veg for Herren i øydemarka!” Røysta er Johannes døyparen og øydemarka er både verda og Israel då dei hadde falle frå sin Gud.

Johannes var sendt av Gud, v. 2. Han skulle rydja veg for Jesus og slik førebud hans kome. Me veit at NT at han gjorde det ved å forkynna omvending for himmelriket var nær, og døypa dei som gjorde det. Johannes var ei røyst i øydemarka. Han var ikkje Frelsaren, men forkynte slik han skulle gjera det. Dei som vende om fekk forlating for syndene.

Han gjekk kring i landet og møtte mange, og mange gjekk til Jordanelva og vart døypte der. På same tid peika han på Jesus som snart skulle koma, jfr. Johs 1, 29. Og han skulle gjera ei større gjerning: døypa dei med Den Heilage Ande, dvs han skulle gje dei frelse, v. 8. Sjølv var Johannes audmjuk, både i framferd og klede, v. 6.

2. Jesus vert døypt og freista, 9-13.
(Mat. 3, 13-17; Luk 3, 21f; Johs 1, 29-34.)

- Også Jesus kom til dåpen hans. Og dåpen vart det store skilje då han vart vigd til si gjerning. Gud sette sitt segl på han og tenesta tok til. Nå skulle hans offentlege gjerning ta til. Den skulle vara ei kort, men innhaldsrik tid.

I mest 30 år var han ukjend, medan tenesta hans i folket skulle vera om lag tre år. Dua er symbolet på Anden, v. 10. Og Jesus fekk godkjenning av Guds eiga røyst frå himmelen, v. 11.

Deretter kom freistinga. Jfr. Mat. 4, 1ff. Adam og Eva vart freista i Edens hage, og her er det Guds Son som møter det. Til alle tider har alle menneske møtt djevelen på ein eller annan måte. Ingen møter han på same vis. Her er det Jesus sjølv, heller ikkje han slapp unna.

Det var Anden som dreiv han ut i øydemarka, v. 12. Slik veit me at Gud sjølv tillet dette. Det er ikkje alltid me skjønar kvifor me møter vonde ting. Då er det godt å ta dette med: Gud tillet det – då er han med oss.

Men Jesus vann siger. Av Matteus kap. 4 veit me at han brukte Guds ord som våpen, og djevelen måtte røma. Slik skal me og sigra – ved Guds evige og sterke ord mot djevelens listige ord. Heile tida brukte Jesus ord frå 5. Mosebok som svar. Det var ein del av hans bibel. Me har ein heil bibel å visa til når djevelen kjem med listige åtak på oss.

3)
I. Jesu verksemd i Galilea, kap. 1,14-9,50.

3. Han tek til å forkynna og kallar læresveinar. 14-20,
(Mat. 4, 12-22; Luk. 4, 14; 5, 10f. Johs 1, 35-42.)

- Nå byrjar Jesus si teneste offentleg. Men først gjeld det Johannes. Han vart kasta i fengsel og måtte slik lida for si tru og for at han tala ordet om synd så klårt. Mat. 14, 3. Men sjølv om dette vitnet var borte, var ikkje Jesus det. Han får tvert om nye vitne med seg etter kvart. Slik er det i grunnen alltid.

Jesu forkynning var den same som Johannes si: Tida er inne (Gal 4, 4), Himmelriket er kome – i og med Jesus, vend difor om og tru evangeliet, v. 15. Det er den rette vekkingsforkynninga. Omvendinga var å fylgja Jesus, v. 17. Det sa han til brørne Simon og Andreas. Han hadde byrja å samla medarbeidarar – dei skulle fiska sjeler.

Reaksjonen er spontan: Dei forlet alt og går i lag med Jesus – det kom dei til å gjera i dei neste 3 åra. Om ikkje lenge kom fleire, Jakob og Johannes. Sønene til Sebedeus slo lag med dei to andre. Ein tredjepart av flokken var alt samla. Dei skulle bli dei nye pilarane i det nye Gudsriket som nå kom.

4)
4. Han lækjer ein forgjord, vermor åt Peter og mange andre, 21-34;
(Luk 4, 31-37. 40f; Mat. 8, 16f.)

- Nå vert me med ein dag i Jesu liv i denne første fasen. Dei er nå i Kapernaum. Som andre jødar gjekk han og venene inn i synagogen der han lærte folket. Og dei var forundra over læra hans, slik dei lærde hadde vore i templet då han var 12 år. Luk. 2, 47. Jesus hadde mynde, v. 22; Mat. 7, 29. Han var ikkje vaklande og tvilrådig i læra, han visste kva han ville seia – Guds ord.

Då møter me det første under i denne soga. Ein mann med ei urein ånd er i syngogen. Han veit kven Jesus er og roper til han: Du er Guds heilage, skal du øydeleggja oss? Jesus viser straks si mynde her og når han seier: Ti stille, far ut or han! Og det skjedde. V. 26.

Jesus hadde nå vist kven han var, både ved tale og ved under, dvs. han hadde makt over alt. Og det gjorde folket endå meir forferda. Kven er dette? Dei ureine åndene skjøna kven Jesus var for dei var styrde av Satan. Men Guds eige folk i Guds hus skjøna det ikkje. Det er klårt at dette skapte rykte. Snart visste heile Galilea om Jesu makt og mynde.

Nå gjekk dei heim til Simon. Vermor hans var sjuk, og Jesus viste på nytt si makt og reiste henne opp, så frisk at ho kunen straks tena dei andre. Det var kveld, men Jesu dag var ikkje over. Ryktet nådde folk i byen, og dei tok med sjuke menneske av mange slag – heile byen samla seg ved døra, står det. V. 33.

Meisteren viste medkjensle med alle og lækte mange. Det står ikkje alle. Kanskje det berre tyder at det var mange ved døra og desse mange vart lækte. For ingen ting var umogleg for han. Guddomsmakta hans hadde ikkje vike frå han då han vart menneske.

5)
5. Jesus forkynner ordet i Galilea og driv ut vonde ånder, 35-39;
(Mat. 8, 2ff; Luk. 5, 12ff.)

- Nå byrja ei travel tid med forkynning og lækjing av sjuke. Men før han gjorde det, gjekk han avsides for å be. Slik fekk han styrke og kraft i bøna til arbeidet som venta han. Han viste oss at slike bønestunder er viktige og at det er best når me er åleine med Gud. Lønnkammeret er ein viktig kvileplass for oss og ein stad med hentar kraft.

Men folket leita framleis etter han, han var blitt populær i folket. Simon og dei andre læresveinane fortalde han det. Men Jesus visste at han var ikkje berre komen for å lækja sjuke og hjelpa folket i lekamleg naud. Han skulle forkynna evangeliet.

Jesus var heller ikkje komen for eit lite avgrensa område i landet. Han hadde heile Israel som sitt kall førebels – og seinare skulle ordet om han til alle. Difor tok han straks ut på ei lengre reis. Han reiste difor til småbyane omkring der og var i hele Galilea. Der gjekk han inn i synagoger og tala Ordet og dreiv ut vonde ånder. Han hadde makt til det.

6)
6. Han reinsar og ein spillsjuk mann, 40-45.

Ein stad i Galilea møtte han ei spedalsk, og han hadde eit einaste ynskje og fall på kne: Gjer meg frisk, Herre. Reinsa meg frå sjukdomen. Om du vil, kan du gjera det. Han var altså overtydd om Jesu allmakt, men gjaldt dette han? Ville Jesus bøya seg ned til ein så sjuk mann? Det er ofte tanken vår i vanskelege situasjonar. Og det er rett å be: Som du vil, Herre.

Då møter me Jesu medkjensle. Det store under i livet hans hende: Jesus stansa der, rørte ved han og gjorde det klart: Eg vil. Når Jesus gjer noko, skjer det. Straks vart han frisk. Eit under hadde hendt.

Men her møter me ei anna side ved Jesus: Han ville ikkje ha publisitet. Sei det ikkje til nokon. Gjer berre det lova seier: Gå til presten og ber fram offer som Moses har sagt. På den tida var det presten som måtte erklæra ein sjuk frisk, elles var ein spedalsk mest fredlaus. Han kunne ikkje vera mellom folk, men gå ute i villmarka. Presten var ein slags helseråd. 3. Mos. 14, 2ff.

Som det ofte hender også når, var mannen ikkje lydig mot Jesu røyst. I dette tilfelle kan me skjøna grunnen: Det var blitt så stort for han. Han var frisk, men ikkje ved medisinar eller på anna naturleg vis. Han hadde opplevd eit under!

Difor gjekk han kring i bygdene der han møtte folk og fortalde alt han visste. Og ryktet voks så fort at Jesus måtte gøyma seg. Jesu grunn var ikkje berre populariteten. Den kan vera skadeleg nok og hindra at sjølve saka kjem fram. Det var stort at Jesus kunne lækja sjuke, og Gud vil me skal ha det godt lekamleg og menneskeleg.

Men Jesus hadde ei endå større oppgåve. Det aller største for eit menneske er å berga sjela for æva. Synda er det største ”problemet”. Det var den han var sendt til jorda for å ordna. Og det kunne han berre gjera ved å døy som ei soning for alle synder i verda. Difor går det trådar får desse dagane og heilt til langfredag då Jesus anda ut. Før han anda ut, ropte han det ut over Golgata, kap. 15, 37 og Johs. 19, 30.

7)
Kap. 2.
1 A. Jesus lækjer ein som er lam, 1-12;
(Mat. 9, 1-8; Luk. 5, 18-26.)

Kort etter hende eit nytt under. Jfr. Mat. 9, 1-8. Jesus kom igjen til Kapernaum, truleg etter nokre dagar i løynd. Men det vart snart kjent mellom folk, og dei strøymde til huset der han var. Det var ikkje plass til alle, nokre måtte nok stå utafor.

Då står det så fint at han tala ordet til dei. Han nytta alle høve til det mest vesentlege: Folk måtte få høyra om Guds rike og vegen dit. Men folket var framleis opptekne av under. Dei ville sjå noko. Nå hadde die funne ein lam – kanskje Jesus kunne gjera nok for han og?

Men folket stengde vegen. Dei skulle inn til Jesus slik at han kunne leggja hendene på han og lækja han. Men folket stengde. Dei som bar han, var oppfinnsame. Husa i Israel var flate på taket, og dei brukte den utandørs trappa og gjekk opp. Der braut dei sund noko av taket og fira han ned framfor Jesus. Det må ha vore bjelkar og fjøler på taket saman med faststampa leire som dei fjerna.

Då Jesus såg trua deira, står det. Det var dei fire som bar han. Då hadde så fast tru på at Jesus kunne hjelpa han, at dei måtte finna ein utveg til å føra han til Meisteren. Men det var ikkje sjukdomen han var oppteken av. Det første han seier er: Syndene din er tilgjevne, v. 5. Jesus visste at det trong han meir enn friske føter. Men me lærer dette seint, dei fleste er for opptekne av det daglege jordiske livet.

8)
1 B. Kap. 2, 1-12.
Dei skriftlærde kritiserte som dei ofte gjorde, v. 6. Men det er heilt rett det dei seier i v. 7: Berre Gud kan tilgje synd. Teologien var ikkje feil. Dersom Jesus kunne gjera dette, måtte det tyda at han var Gud. Og det kunne han ikkje vera, han var eit menneske. Den kombinasjonen var vanskeleg for dei.

Det var likevel meir uvilje enn eit teologisk problem hjå dei. Jesus merka det. Nå sette han dei på prøve: Kva er lettast: å seia at ein tilgjev synd enn å lækja ein sjuk? Ingen kunne kontrollera om syndene var tilgjevne. Men alle ville sjå om ein sjuk var frisk. Mon dei ville tru når dei såg eit verkeleg, kontrollerbart under?

Nå kallar han seg menneskeson og ikkje Messias eller Guds Son. Det ville nok ha provosert die endå meir. For han vil visa dei at han kan meir enn store ord. Han sa rett til dei: De skal få vita at eg har makt til å tilgje synder, v. 10. Provet på det er at den lame mannen reiste seg og gjekk ut framfor augo deira. Folket ved døra må ha vike til side nær sagt i skrekk for det som hende. Dei ”vart ute av seg av undring”. Slikt har vi aldri sett før, sa dei. Men dei fatta straks poenget: Her har Gud gjort eit under – og dei lova Gud. Me får ikkje vita her kva dei skriftlærde tenkte. Men det går trådar herfrå til påsken då opprøret kom for alvor.

9)
2 A. Han kallar Levi og et i lag med tollmenn og syndarar, 13-17.
(Mat. 9, 9-17; Luk 5, 27-39.)

Jesus og folket gjekk vidare ned til sjøen og bortover vegen. Det må ha vore litt av eit opptog, og me kan undra oss over at folk ikkje måtte vera på arbeid. Det var som om alle sleppte alt dei hadde då Jesus kom. Han var heile tida midtpunktet.

Ved vegen her i Kapernaum var det ei tollbod. Dette var mot grensa i aust og innfartsveg til landte, slik Jeriko var lenger sør. Levi var tollar her, det er Matteus som seinare skreiv eit evangelium. Jesus stansa ved han og gav han kallet: Fylg meg! Levi må ha skjøna at her var noko spesielt. Han reagerte spontant og forlet alt.

Han må ha bede Jesus og andre til seg i huset sitt, v. 15. Han dekka bord til mange – tollarar og syndarar. Dette ordparet er brukt i same tyding om folk som levde i synd. Ein tollar var ikkje populær mellom folket. Han hadde så å seia godt i teneste hjå fienden (Romarmakta), og han tok ofte meir toll enn han skulle for å auka si eiga forteneste. Det ser me t.d. av Sakkeus, Luk.. 19, 8.

Men Jesus går inn til dei og er saman med slike folk. Det skapte og irritasjon, men det var symbolsk. Han var komen for å berga syndarar.

10)
2 B. Kap. 2, 13-17.
Nå kjem dei skriftlærde og farisearane på banen igjen. Dette likte dei ikkje. Å eta med nokon var å identifisera seg med dei. Ein Guds mann kunne ikkje gjera det, han måtte halda fråstand til slike offentlege syndarar.

Då kjem Jesus med ei viktig lekse, v. 17. Her er grundig teologi, rett og slett essensen om Jesu kome til jord. Dei friske treng ikkje doktor, det treng berre dei sjuke! Det brukar han så åndeleg og seier: Eg er komen for å berga syndarar, ikkje for dei som trur dei er gode nok i seg sjølv. Dersom dei skriftlærde skjøna dette biletet, må det ha stukke dei godt i hjarta. For dei meinte verkeleg dei var rettferdige og gode nok. Jesus var ikkje for dei.

Og det har alltid vore sant. Mange kjem aldri til Jesus av di dei meiner dei er bra nok. Kva meir skulle dei trenga? Me gjer så godt me kan, og Gud kan ikkje venta meir av oss. – Få har teke meir feil enn dei. -

11)
3. Han talar om faste, 18-22.
Fate er å halda seg frå noko friviljug. Oftast er det kanskje tale om mat, men det kan og vera fråhald på anna måte. Her er sagt at læresveinane til Johannes og farisearane fasta, men ikkje Jesu læresveinar. Og det undra ein seg over. Folk er ofte opptekne av det ytre kristenlivet, ritual og levemåte.

Faste er nemnt i 3. Mos 16, 29 og var elles eit krav i vanskelege tider og som uttrykk for sorg over synd. Særleg var måndag og torsdag slike dagar. Eit poeng for mange var at det skulle visa på utsida at dei fasta. Me kjenner særleg uttrykket frå tida før påske.

Jesus gjekk i rette med dette. Kvifor skulle dei sørja når han – Guds Son – var hjå dei, v. 19. Seinare ville dei gjera det. For det kjem ei ny tid med ei ny pakt og dermed med nye livsformer. V. 21f.

Her nyttar han to bilete for visa at noko nytt kjem snart: å sy ein lapp på gammalt tøy og hella ny vin i gamle skinnsekker vil ikkje lukkast. ”De gamle form må vike for ny skikk som svarer til det nye liv” (Ole Modalsli). Evangeliet er bodskapet om fridom. Det tyder ikkje at ein kan gjera alt som ein vil. Alt skal tena Guds rike og vera i samsvar med Guds Ande. Men faste er ikkje i seg sjølv synd.

12)
4. Han forsvarar læresveinane som riv av aks på sabbaten, 23-28.
(Mat. 12, 1-8; Luk. 6, 1-5.)

Sabbaten er kviledagen, og han er til for menneska si skuld og ikkje motsett. Men farisearane var svært nøye med å halda den rett. Dei hadde strenge reglar for kor langt ein kunne gå og kva ein kunne gjera. Alt som handla om arbeid, var difor forbode.

Difor reagerte dei kraftig på at læresveinane plukka aks i ein åker til eigen mat på ein slik kviledag. Det var ikkje lov, sa dei. Jesus svara med å visa til ei soge om David, 1. Sam. 21. Han gjekk inn i Guds hus og tok av skodebrøda. Det var ikkje ”lov”. David var konge og slik herre over alt det jordiske. Slik er Jesus som Messias herre over alt på ein større måte, sidan han er Gud.

Jesus slår fast at han er herre over denne dagen, v. 28. Hovudtanken må vera den same som i førre avsnitt: Det kjem nå ei ny tid. Dei gamle reglane si tid er over. Noko nytt veks fram med Messias. I mykje av Jesu liv kjem dette att. Jesus kjem med det nye, og dei gamle hadde vanskar med å sjå det og akseptera at noko vart annleis. Det tyder sjølvsagt ikkje at alt nytt er rett og naudsynleg nå. Berre det som tener Guds rike er meint her.

13)
Kap. 3.
1. Jesus lækjer ei nomen hand, 1-6.
Mat. 12, 9-14; Luk. 6, 6-11.)

Jesus gjekk ofte i synagogen, etter sedvane gjorde han det. Det var ein møteplass for folk. Ein sabbat møtte han ein med ei lam hand der. Det kan vera den same sabbat som i kap. 2.

Kva ville han gjera nå? Farisearane var svært skeptiske og venta på eit høve til å ta han. Jesus sa han skulle reisa seg. Og då høgg dei tak i han og nytta høve til å kritisera. Det er underleg kor ofte die var ute etter han, sjølv om han berre gjorde det som var godt for folket.

Han merka korleis dei tenkte og sa: Kan eg gjera godt på sabbaten eller gjera vondt for å berga liv? Stilt over for dette kunne dei ikkje svara. Jesus var ein meister i stansa motstandaren. Jesus var sorgfull over kor harde dei var i hjarta, v. 5. Men mannen vart frisk. Dei såg det, men la likevel råd opp om å drepa han. Slik kan menneska verta når ikkje Gud fyller sinnet.

14)
2. Han lækjer mange andre sjuke og driv ut vonde ånder, 7-12.


Jesus vil nå vera i stille etter det som hadde hendt. Difor går han ned til sjøen i Kapernaum. Sjølv om nokre leiarar mellom jødane var mot han, var folket på hans side. Dei kom til han i flokketal frå mange byar og bygder. Somme hadde lang veg å gå.

Me les at dei kom frå Jerusalem og Idumea og frå austsida av Jordanelva, ja, heilt frå Tyrus og Sidon i nord, v. 8. Dei ville høyra han tala, men undera han gjorde drog dei også. Så mange kom til stranda der han var, at han ville ikkje kunne nå til alle. Han bad difor om ein båt han kunne bruka om naudsynleg.

Mange sjuke kom. Dei ville røra ved han og trudde at då vart dei friske. Og Jesus lækte dei. Også nokre med ureine ånder kom. Dei visste kven Jesus var og kalla han Guds Son, v. 11. Men Jesus ville vera mest mogleg anonym på denne tida, difor bad han dei ikkje seia kven han var og gjera han kjend kring i landet. Jfr. Mat. 8, 5f. Han sa dette ofte av di han ville dei skulle vera meir opptekne av si frelse og det åndelege, enn av det jordiske og helsa si. Sjå t.d. Mark. 1, 25. 34; 3, 12; 5, 43; 8, 30.

15)
3. Jesus vel ut dei tolv apostlane, 13-19.
Han er komen så langt i verksemda si at han ynskjer medarbeidarar. Det var ganske vanleg. Nå skulle han velja ut nokre av dei som hadde vore med han ei tid, og som han difor kjende. Men før eit slikt alvorleg val, valde han å gå aleine opp i fjellet, v. 13. Han valde ikkje læresveinane midt i folkemengda. Han bad nokre vera med avsides.

Han valde 12. Om det var vanleg for rabbinarar er uklårt. Men det spelar truleg på 12-talet i Israel sine stammar. Slik skulle han byggja det nye gudsriket. Og her får me namna på alle tolv, v. 16-19.

Men me legg merke til at dei ikkje skulle vera passive tilhøyrarar for å læra meir om gudsriket for sin eigen del. Hana kalla dei samstundes tilø å gå ut å forkynna der han ikkje nådde fram, v. 14. Dei skulle og få makt til å lækja sjuke og driva ut vonde ånder, slik han sjølv hadde gjort, v. 15. Han hadde altså siktemålet mot framtida med ein gong. Dette må altså vera seinare enn det som er fortalt i andre evangelier om at han møtte ein eller to-tre og kalla dei til å fylgja seg.

16)
4. Han forsvarar seg mot skuldinga frå dei skriftlærde at han står i pakt med djevelen, 20-30.
Han gjekk heim, står det. Nå budde han i Kapernaum og flytta bort frå Nasaret, 2, 1 (Mat. 9, 1). Det som hadde hendt tidlegare, tok seg opp att her: Folk strøymde til, det var ikkje tid til matpause ein gong. Heller ikkje hans eiga slekt skjøna kven han var, v. 21. Dei meinte at han tok kallet sitt for alvorleg og sleit seg ut før tida. Difor ville dei ta han bort frå folket.

Mellom folket var det og nokre skriftlærde og farisearar, Mat. 12.22ff. Dei var nå ganske agressive og klaga han for å vera forgjord av Satan (Be’elsebul). Og det er mykje sterkare enn at han berre dreiv ut åndene ved hjelp av Satan. Jesus visste kva attest han fekk av dei, og ville møta dei. Det var både klokt og modig.

Også denne gongen set han dei på prøve, utan at Markus skriv noko om reaksjonen nå. Dei let han i alle høve gå. Jesus brukar sterke ord og argument nå. Dei skjøna nok det logiske i orda hans når han sa: Korleis kan Satan driva ut Satan? Det var eit rike som låg i strid med seg sjølv, og det hadde då tapt alt.

Det var ganske utenkjeleg at Satan skulle reisa seg mot seg sjølv. Og Jesus erkjenner at Satan er sterk. Difor må det ein sterkare til for å knusa han. Indirekte seier han nå at han er sterkare enn Satan. Difor er det ekstra stort alvor når eit menneske spottar Guds Ande. For det er den som er verksam her. Ingen som spottar den, kan få tilgjeving – det er ei evig synd. Dette seier Jesus av di dei lærde hadde skulda han for å vera forgjord av ei urein, djevelsk ånd. Og djevelen kan ikkje bli frelst.

17)
5. Jesus seier kven som er hans rette skyldfolk, 31-35.
Nå kjem det eit intermesso som Jesus nyttar ut for å visa kven han verkeleg er. Og det gjeld hans nære slekt. Mora og brørne hans stod utafor og bad han koma ut til dei. Kanskje ville dei prøva å få han bort frå folket.

Korleis reagerte Jesus då? Kva sa han eigentleg til mora? Jesus reknar ikkje slik som me som ofte er sterkt bundne til slekt og vener. Dei kan vera ei hindring både for å venda om til Gud, og for å tena Herren på den måten som kallar oss til. Her må me vera varsame og lytta meir til Guds røyst og vilje enn til det folk meiner.

Svaret viser at Jesus alltid såg på Guds rike som det viktigaste. Åndeleg slektskap er betre enn jordiske slektsband. Den som gjer Guds vilje, er mi rette slekt. Det er bodskapen. Men han sa også noko meir. Han såg på dei som sat ikring han og sa: Her er mor mi og brørne mine. Då viste han at han hadde ein trufast flokk kring seg som trudde på han. Mat. 12, 45-50.

18)
Kap. 4.
1 Likninga om dei fire slags sædejord, og om korleis ho skal tydast, 1-20.
Dette kapitlet svarar til Mat. 13 og Luk 8. Markus har berre 4 likningar med, han har i det heile lite av Jesus talar med. Men han gir altså døme på Jesu forkynning her. Det samla seg mykje folk ved sjøen, og Jesus lærte dei der. Nå steig han ut i båten og brukte den som talarstol, jfr. 3, 9. Han lærde dei mykje i likningar, skriv Markus. Det er ein god pedagogisk metode. Folket ville lettare skjøna løyndomen i Guds rike då, v. 11.

Likninga om såmannen er grunnleggjande, difor kjem han først. I alle dei tre første evangelia (dei såkalla synoptiske, av di dei har mykje likt stoff), fell kornet i 4 slag ulik jord. Det er ein detalj som alle har fått med seg. Her vil han truleg seia at slik er menneska. Anten er me det eine eller det andre.

Tre fjerdedelar av såkornet vert utan frukt. Her er nok ikkje meint prosentar og reelle brøkar. Men av dei fire stadene er såkornet fall, er berre ein stad god nok til at det veks opp. Her vil Jesus syna hindringar for evangeliet i hjarto våre. Ikkje alle tek imot slik at det vert frukt.

Den første hindringen var fuglane som kom og åt opp kornet. Når Jesus skal forklara det, seier han at fuglane er Satan. Han møter alltid opp der Guds ord blir forkynt. Og han er ein meister i å plukka bort dei orda frå talen som den einskilde treng. Fuglane kan vera andre tankar som forstyrrar, kritikk av det talaren seier eller t.d. folk i salen som er slik at dei distraherer andre.

19) Kap. 4, 1-20.
Den andre hindring er stein og lite jord. Det var for grunt til at røtene kunne få feste der. Forklaringa til Jesus er vel at kjenslelivet er rørt av song og tale slik at folk straks tek imot. Men Guds ord har ikkje nådd ned i erkjenning og samvit slik at dei står som ein skuldig og fortapt syndar for ein heilag Gud. Då skal det lite til av motgang før dei seier takk for seg. Mange ”fråfall” skuldast truleg dette.

Den tredje vansken for Gud ord er klunger som veks opp samstundes med såkornet. Men klungeren får makt og veks truleg fortare. Og det tok ikkje bort såkornet, for det hadde slått rot. Men den køyvde den vesle planten som såg så lovande ut. Og kva er det som er så farleg for gudslivet vårt?

Jesus svarar på det i v. 19: Det timelege, rikdomen og lyst til andre ting – det tek ordet bort fra hjarta. Og her er det ikkje den første spira som visnar. Her er det gudslivet vårt som står i fare heile livet. Desse freistingane møter me ofte og heilt inn ved dødsporten. Verda sine fangearmar strekkjer seg ut til alle Guds born. Hovudsaka for alt dette er å få oss opptekne og interesserte i andre ting en vår sjel. Jesus sa ein annan gong: Kva gagnar det eit menneske om han vinn heile verda, men taper si sjel?

20) Kap. 4, 1-20.
I det fjerde tilfelle lukkast alt. Jesus kallar det hjarta for god jord. Frukta vart litt ulik, men det viktige er at det vart frukt. Det lukkast. Og Jesus forklaring på den gode jorda er: Dei høyrde Guds ord og tok imot det. Det var ikkje eit spesielt slags folk. Dei var ikkje betre enn andre og dei gjorde ikkje ekstra store og gode gjerningar. Dei tok imot Guds ord og trudde det. Då kom frukta som ei naturleg fylgja av dette.

I Lukas 8, 15 står eit vakkert ord om denne jorda. Han har skrive om kornet i den gode jorda: Det er dei som høyrer ordet og tek vare på det i eit vent og godt hjarta og held ut og ber frukt. – Ingen har eit vent og godt hjarta av natur. Synda har øydelagt oss slik. Men det gode hjarta er dei som opnar seg for Guds ord og tek imot Jesus som sin frelsar. Han gjer hjarta vent. Når me held fast ved det han har sagt og gjort, blir det frukt i livet.

Difor sa han i v. 9: Den som har øyro, han høyre. Og bibelsk hørsel er å fylgja det me høyrer. Men korkje læresveinane eller andre skjøna heilt kva han meinte, v. 10. Difor kom forklaringa. Det er ein løyndom, seier han. Skjønar me denne likninga, kan me og sjå inn i fleire andre.v. 13.


21)
2. Likninga om ljoset, 21-25.
Dei andre likningane her er kortare. Men den har gode poeng i seg. Som Kurt Hjemdal skriv ein stad ”anviser Jesus deg veien til åndelig rikdom” her. Me skal akta vel på det me høyrer, slik at ordet blir til nytte for oss.

Her er lyset eit bilete. Meininga med lyset er at det skal lyse. Det er jo sjølvsagt. Men då må ein plassera det på rett stad slik at det får høve til å lysa. Jesus brukar lyset som bilete på dei kristne i Mat. 5, 15. De er lyset i verda, seier han. Ein kristen har eit vitnemål. Folk ser oss og skjønar kva me er. Me skal ikkje gøyma oss bort. Livet vårt skal vera ei påminning og eit kall til andre om å venda om.

Det er og slik at den som nyttar det lys dei har fått, lærer stadig meir og får nytt lys over fleire sider i Guds ord. Den som ikkje gjer det, mistar det han alt har, v. 25.

Jesus sa at han var lyset, og den som lever i han skal ikkje fortapast. Johs 8,12. Han vil ha lys over sin eigen veg, og vil finna høve til å vitna om lyset for andre. Og han sa at me var lyset i verda, Mat. 5, 14. Slik er me i staden for Jesus nå. Jesus er her, men me skal få vitna om han og visa veg inn til frelse og fridom for alle syndarar. Jesus er det sanne lyset som alle kan bli frelst ved, Johs 1, 9.

22)
3. Om såkornet, 26-29.
Denne likninga står berre hjå Markus. Her er ikkje poenget at det er ulike slags jord slik som i den første. Her er eit anna poeng framme: kornet veks av seg sjølv. Her er naturen eit uttrykk for Guds kraft som viser seg på fleire måtar.

Me skal og kan forkynna Guds ord. Det er å så. Og det må me gjera rett. Men sjølve veksten og frukter og resultat er Guds verk. Det stemmer med 1. Kor. 3, 6: Det er ulike arbeidarar i Guds rike, og me har ikkje alltid den samme oppgåva. Men heile tida er det Gud som gjev vekst.

Predikanten som talar Ordet må difor ofte venta på svar og innhausting Guds rike. I mellomtida ber han og talar endå meir.

Her ser me og korleis nåden veks i hjarte og liv til dei truande. Det tek til med strå og held fram med aks og så fullmoge korn. Det kan ta si tid, for nokre går det mange år før fruktene kjem. Difor vil ein kristen leiar vera tålsam og venta medan Gud gjer si gjerning i dei truande. Dette handlar både om visse i trua, helgingslivet til kvardags og teneste for Jesus. Guds Ord og Guds Ande brukar Gud i si teneste, saman med bøna og samværet med dei truande både i småmøte, i nattverden og i personlege samtalar.

23)
4. Om sennepskornet, 30-34.
Endå ei likning tek Jesus fram. Han spør seg liksom sjølv: Kva skal me likna Guds rike med? Kva likning skal me bruka om det? v. 30. Når me skal finna likningar om noko i Guds rike, må me vera varsame. Me kan lett bruka bilete og illustrasjonar som kan føra somme på feil tanke om kva kristendom er. Og han brukte mange likningar, v. 33f.

Me må heller aldri leggja meir inn i ei likning av Jesus enn det som blir rett. Våre tankar om Gud må aldri kollidera med den samla bodskapen i Bibelen og klare ord om saka.

Denne gongen vil Jesus visa oss ein tanke: Guds rike tek til i det små. Sennepskornet eller frøet er det minste korn – ”mindre enn noko anna frø i verda”. Men det har i seg ei eineståande kraft. Det veks, seier Jesus. Det ser unyttig ut der det ligg i handa. Men i det ligg ei spire som gjer at frøet blir til eit stort tre.

Fuglane kan byggja reir i skuggen mellom greinene. Andre får altså nytte av det og vern. Det er eit vakkert bilete på Guds rike. Det såg smått ut då Jesus vart fødd i ein stall. Dei hadde plass til mange andre i Betlehem, men ikkje for Jesus. Mange synes kanskje at kristendommen er ussel og veik nå. Men frå dei få læresveinane vaks det fram ei heil hær utover jorda.

Til dette såarbeidet treng Herren medarbeidarar. Gud nyttar menneske som reiskap til å så Guds ord utover verda. Nå spør han deg: Vil du gå?

24)
5. Jesus stiller stormen på Gennesaretsjøen, 35-41.
Då det lei mot kveld, ville Jesus reisa bort til ein annan stad. Difor gjekk dei i båten for å reisa over Genesaret. Fleire andre båtar fylgde dei. Jesus var eit menneske som me og vart trøytt, Johs 4, 6. Nå ynskte han å vera i stille for seg sjølv og la seg til å sova.

Jesus var meir enn ein Rabbi og lærar som hadde tala til folket. Det viste han her. På denne innlandssjøen kan det koma plutselege og sterke vindkast og storm. Det hende denne dagen. Og då var folket hjelpelause og måtte berre ta imot det uveret gjorde med dei.

Då ser me Jesus. Eit ord frå han var nok til å stilla stormen. Dei såg nå at han hadde makt over naturkreftene. Til og med dei måtte lyda han. Det skapte otte og vyrdnad. Kven er han, sa dei. V. 41. Slikt hadde dei ikkje sett før.

Likevel måtta han tala strengt til læresveinane. Dei trudde ikkje så stort om han. Dei hadde helst litt mistillit til han. ”Bryr du deg ikkje om at me går under, sa dei, v. 38. Sanninga var svært langt frå det. Jesus ville dei vel. Men han ville og læra dei nye sider ved gudslivet og han sjølv.

I dag er det og slik at eit frå Jesus kan stilla storm og uro i vårt hjarta. Han tek bort det som gjer oss redde. Deretter samtalar med oss og viser kva me skulle ha gjort annleis. Men heile tida er han med oss – sjølv i den sterkaste stormen. Det gjer oss sikre midt i uroa. Men kan læra å ha meir tillit til han i neste storm.


25)
Kap. 5.
1. Jesus driv vonde ånder ut or ein forgjord, 1-20.
Dette kapitlet er framhald av kap. 4. Dei kom nå til austsida av Genesaretsjøen, til Gerasenarlandet. Der må ha vore ein gravplass, og ein forgjord mann heldt til der. Han kom til Jesus straks dei kom til lands.

Den vonde ånda i han kjende Jesus som ofte elles. Og det var mange vonde ånder i han, namnet var legion, det var ein romersk hæravdeling på 6000 mann. Denne mannen skapte otte mellom folk, og det var djevelen som tale gjennom han og bad om ikkje å bli pint. Djevelen er faktisk redd Jesus sjølv om han har stor makt.

Eit ord frå meisteren er nok. Alle fiendar må vika for han og ordet hans. Han hadde nett gjort sjøen still, nå skulle han gjera det stilt i eit menneskehjarta. Jesus sende djevlane inn i ein griseflokk, men det var førebels. Den endelege dommen over dei kjem seinare.

Og mannen vart eit nytt menneske. Slik vert det der Jesus slepp til. Men folket var redd Jesus at han skulle gjera meir skade for dei enn med grisene. Dei bad han dra bort landet der. Dei var glad i verda og skjøna ikkje kva Jesus ville. Det er alvorleg å ynskja Jesus vekk. Her høyrde han den bøna, v. 17-18.

Mannen som nå var frisk, ville vera med Jesus. Der hadde han opplevd noko stort, og det var naturleg at han søkte selskap med han. Og kanskje var ennå redd for at åndene skulle koma att?

Men Jesus gav han eit nytt oppdrag. Han fekk ei teneste av Meisteren. Nå skulle han gå heim til sine eigne og vitna for dei. Me må nokre gonger forlata den staden me ynskjer å vera. Jesus må få avgjera arbeidsplassen vår, det er då me vert til velsigning.

26)
2. Han lækjer ei kvinna som har blodflod, v. 25-34
Eit nytt under skulle Jesus gjera då han kom attende til andre sida av sjøen. Det var alltid nokon som trong hjelp, og Jesus var stadig ute på oppdrag slik. Og dette kom midt inne i eit anna han skulle gjera, sjå nedafor. Det var på vegen til huset åt Jairus dette hende.

Når nokon treng hjelp, stansar han alltid. Difor hadde han tid til å bryta av den turen han hadde byrja på.

Kvinna hadde høyrt kva som hadde hendt med andre, og det tende ei von i henne. Nå var denne Jesus i nærleiken, og det gjaldt å nytta høve. Kven visste om han kom att? Dette er uttrykk for tru, og då skjer underet. Trua kan gjera seg utslag på ulike og mange måtar. Her var det slik: Kunne ho berre få røra ved kleda hans, ville ho bli frisk. Så stor tru hadde ho på Jesus.

Eit fint trekk her er at Jesus merker godt når nokon kjem i tru. Kvinna hadde hatt blødingar i 12 år. Ho hadde lidd mykje og søkte hjelp hjå mange. Alt ho åtte hadde ho brukt opp på lækjarar. Er det så underleg? Me gjer kva me kan når me verkeleg er i naud.

Då kvinna tok i kappen hans, vart ho frisk – og Jesus merka på seg sjølv at ei kraft gjekk ut frå han. Slik er det. Jesus kjenner det når nokon trur, då går det ut ei frelsarkraft frå Jesus. Men kvinna var redd: hadde ho gjort noko galt? Ville han straffa henne nå?

Ho fortalde alt. Og då fekk ho høyra meir enn ho hadde venta. Ho kom for å bli frisk på kroppen. Men Jesus gav henne eit stor ord: Trua di har frelst deg. Ho skulle gå i fred og vera fri plaga, v. 34. Jesus tenkjer alltid på sjela og evig frelse, sjølv om me ofte er jordiske i vår tanke.

27)
3. Han vekkjer opp dotter åt Jairus, 21-24 + 35-43.
Her møter me eit av dei største under Jesus gjorde, der han viste at han også var herre over døden. Jairus var synagogeforstandar i Kapernaum og slik ein religiøs leiar. Det var ikkje ofte at slike kom til Jesus. Dottera på 12 år var sjuk. Men han viste tru. Han hadde høyrt og kanskje sett under av Jesus. Nå ville han og prøva. Det var godt meint.

Jenta var nok døden nær. Og den stunda Jesus brukte for å hjelpa kvinna, gjorde at jenta døydde. Slik var det i alle høve ytre sett. Nokre kom og sa: Dotter di er død, nå er det for seint. Døden kan ingen gjera noko med. Slik tenkte dei nok.

Jesus tenkte på ein annan måte og sa: Ottast ikkje, berre tru! Nå skulle noko nytt og stort henda. Gud hadde lete jenta døy nett for at Jesus skulle syna si kraft og makt der alle andre menneske var rådlause. Slik må han gjera det for å vekkja oss og visa kor stor han er og kor veike me er.

Det siste stykket til huset ville Jesus berre ha med seg dei tri næraste, Peter, Jakob og Johannes. Det var dei som vart med han inn i Getsemanehagen også i påskeveka. I sørgjehuset var det mykje uro, slik det var og er i Austerland. Då han kjem inn, seier han noko som folk må ha tenkt underleg om. Dei lo og av han.

For Jesus sa: Jenta er ikkje dø, ho søv. Men folk visste ho var død. Dei hadde sett det mange gonger, så ingen var i tvil. Jesus visste likevel kva han kunne og ville. Nå skulle underet henda. Han tala til dei på deira eige mål: Talita kumi: Jente, stå opp! Og Gud var der. Livet vende attende. Det er klart det vart undring. Her fekk dei og høyra: Sei det ikkje til nokon. Tida hans var ennå ikkje komen.

28)
Kap. 6.
1. Jesus vert vanvørd i Nasaret, 1-6.
Nå reiste Jesus frå Kapernaum til Nasaret, der han hadde vakse opp. Der kjende dei han godt frå den tida, då han arbeidde saman med faren. Han var byggmeister, det kan tyda både tømmermann og murar. Dei fleste husa var bygt av stein.

Menneskeleg tala møtte han ei overrasking her. I synagogen tala han til dei med mynde. Dei hadde vel venta audmjuke av han her i heimbygda. Men Jesus brukte nå den makt og kraft han hadde frå Gud slik han gjorde då han gjorde under.

Det skapte undring, og folk vart forarga. Kjennskapen til han gjorde sitt til at dei støytte seg på han. Dei trudde dei visste alt om han og møtte han slik med fordomar. Det er då han seier dei kjende orda: Ein profet vert ikkje vanvørd andre stader enn på heimstaden sin, v. 4. Det har vist seg mange gonger seinare.

Me får endå ein opplysning om han her. Han kunne ikkje gjera noko mektig gjerning der – han lækte berre nokre få sjuke. Dei var så vantruande at dei hindre han i å arbeida. Det er sterke tankar for oss og. Er det så lite tru mellom oss, at det ikkje kan skje det Jesus ville? Me legg ofte merke til at Jesus seier: Trua di har frelst deg. Og i kap. 2, 5 står det at trua til dei andre, berga den lame mannen.

Vantrua deira sette altså grenser for Jesu makt! Det er mest ikkje til å tru. Og det undra Jesus seg over. For dei ville ikkje tru. Og me les at han forlet byen og gjorde arbeidet sitt andre stader i landet. Er det det som skjer i Noreg nå? Då må me be mykje om forlating og om meir tru.

29)
2. Han sender ut dei tolv apostlane, 7-13.
Og det var etter dette at Jesus sende dei tolv læresveinane ut i landet for å arbeida for evangeliet. Der vantrua er stor, er det mest trong for mykje arbeid. Forkynninga skal skapa tru i folket på at noko kan skje, nye vekkingar kan koma.

Dei skulle reisa to og to. Det var ein god plan. Dei kunne støtta kvarandre og utfylla kvarandre i tale og omtanke. Me er ikkje like i natur eller nådegåver. Men dei skulle og vera til hjelp og trøyst når dei vart motlause og trøytte. Det er tungt å vera åleine i slike høve. Ikkje alle maktar det.

Reisepredikantane skulle ha lite med seg. Nå skulle dei læra å stola heilt på Gud. Det ville og letta reisemåten deira. Men dei var verd ei løn, dvs få mat der dei kom. Folket vart og sett på prøve då. Ville dei ta imot læresveinane og gje dei det dei trong? Det folk ikkje tenkjer på ofte, er at den som tek imot eit vitne frå Gud, får velsigning og vitjing av englar. Det er ein stor rikdom.

Eit annan bod fekk dei og: Dei skulle ikkje flytta frå hus til hus, men bli der dei først kom. Det er ein god regel også nå. Ingen er så fattige at dei ikkje kan hysa ein predikant i dagar og veker om Gud opnar veg. Flytting har det med seg at ein vert freista til å gå dit ein vil få mest og best. Folket kan og bli freista til å overgå kvarandre i oppdekking. Så det var eit klokt råd.

Forkynnarane har alltid møtt motstand. Du kunne læresveinane og gjera, og Jesus førebudde dei på det, v. 11. Ville folket ikkje ta imot dei en stad, skulle forlata staden. Rista støvet av føtene er ei symbolsk handling for å reisa frå dei.

30)
3. Herodes meiner at Jesus er Johannes døyparen, som han har hogge hovudet av, 14-29.
Johannes skulle koma først og bana veg for Messias. Det var sagt hjå profeten. Døyparen vart sett i fengsel av di han sa til kongen: Du lever i synd. Og det var sant. Men kong Herodes ville ikkje akseptera det, han ville leva som han sjølv ville. Difor halshogde han døyparen, v. 16.

Det er i grunnen ei gripande soge om Herodes, ein tragisk person på mange vis, v. 17ff. Han er sterk og mektig, men let seg styra av dottera og kona si. Kona hadde han teke utan lov, og difor levde han i hor. Det var dette Johannes fortalde han med klåre ord.

Herodes visste at Johannes var ein god mann, det kunne han ikkje nekta. Men det var ikkje nok til å berga livet hans. For kongen ville ikkje omvenda seg. Han var likevel interessert i denne mannen, v. 20: han var redd han, høyrde han tala, kom i tvil om mange av sine eigne meiningar – og heldt si hand over han! Mon ikkje han hadde ein baktanke om at det skulle kongen tena på ein gong.

I dette avsnittet ser me og ein kongen med dårleg samvit. Då han høyrde om Jesus og dei under han gjorde, kom Johannes att i tankane hans. Det skulle ikkje vera han som er stått opp frå dei døde? Då kjem han til å straffa meg.

Det er godt når samvitet er intakt. Då reagerer me på synd og har vårt eige liv i minnet. Dersom det fører til anger og omvending og tru, har samvitet gjort sin del så langt.

31)
4. Apostlane kjem attende til Jesus; han mettar 5.000 mann, 30-44.
Etter preiketuren som læresveinane hadde hatt kring i området, kom dei attende til Jesus. Då var dei svært opprømde og fortalde om det dei hadde opplevd. I og for seg er det ikkje noko galt i det.

Jesus gav dei nå ein fridag, v. 31. Kom med til ein øyde stad og kvil dykk, sa han. Der kunne die vera for seg sjølve. Heile tida var det folk ikring dei, og det tek på. Mange forkynnarar og misjonærar har lært det. Det var ikkje lurt å vera oppteken heile tida. Kroppen og sinnet trong kvile og fred. Det er ikkje galt å ta seg ei fristund.

Men nye opplevingar venta dei. Det strøymde på med folk og det lei mot kveld. Folket var svulne, men dei var på ein aude stad utan mat. Då sa Jesus eit umogeleg ord for menneske: De skal gje dei mat! V. 37. Dei hadde fem brød og to fiskar. Her trong dei eit nytt under.

Og det fekk dei. Jesus bad dei å ordna folket i grupper utan å seia korleis maten skulle koma. Læresveinane trudde på han, dei sa ikkje imot og tenkte vel: Han har ei meining med det.

Då han fekk brøda og fiskane i handa, vart nok alle som såg det stort forundra. Først vende han seg til sin far og bad. Han byrja å dela ut – den eine biten etter den andre. Og maten liksom auka mellom fingrane hans. Det vart ikkje slutt kor mykje han delte ut. Seinare fann dei ut at det var om lag 5000 menn – og sikkert nokre kvinner og. Tolv fulle korger var att. Gud hadde vore i øydemarka. Gud hadde velsigna det, difor gjekk det godt. Slik skulle me gjera og, ved kvart måltid.

32)
5. Jesus går på sjøen, 45-52.
Det eine under avløyser det andre. Etter måltidet i øydemarka skulle dei attende til andre sida. Og då måtte dei i båt for å dra til Betsaida. Han nøydde læresveinane til å gå i båten og sende resten av folket av stad.

Guds Son skulle ha ei stille stund åleine med Far sin. Han gjekk opp i fjellet for å be, står det. Kanskje han ville læra dei noko med det: Det er viktig med stille stunder med Gud. Travelhet er ikkje alltid av det gode.

Det kom uvær. Dei sleit hardt med å ro, for dei hadde vinden imot, v. 48. Menneskelivet er ofte fullt av slike dagar. Det er ikkje lett å halda seg still og ha tru til Gud når alt rasar saman ikring ein. Du er kanskje inne i ei slik tid nå.

Dei opplevde at Jesus såg dei i mørke. Kvelden var komen, og det var i den fjerde nattevakta, før det grydde av dag. Då kom han. Dei måtte venta før han var der, for han ville prøva dei endå ein gong. Dei kjende han ikkje. Han kjem ofte til oss i ukjend skapnad.

Så fekk dei oppleva endå eit nytt under. Det var ikkje berre det at han stilna stormen og viste på nytt at han var herre over naturkreftene. Det hadde han gjort før, kap. 4. Denne gongen gjekk han på sjøen, som om han var på stovegolvet heime. Han sveva ikkje over vatnet som ei ånd. Han gjekk på sjøen. Dei trudde nok det var noko uforklarleg – eit ”fantasma” står det på grunnteksten, som tyder noko tilsynelatande eller ein draum. Men det vart klårt for dei då han steig i båten og tala med dei. Det var verkeleg Jesus.

33)
6. Han lækjer mange, 53-56.
Dette kapitlet blir avslutta med ei slags oppsummering av Jesu verksemd, men er det ikkje tale om forkynning. Her er det sjukdom og menneskeleg liding det handlar om. Og det ver fint å sjå korleis Jesus tek seg av folket. Det ser me gjennom heile livet ahns.

Då han kom til stranda og dei fortøydde båten, var det folk i nærleiken. Jesus var så mykje kjendis nå at dei såg kven det var. Nå er han komen attende! lydde nok ropet mellom husa der.

Truleg har det hendt slik at nokre unge eller born sprang bortetter vegen frå den eine landsbyen til den andre og ropte ut: Nå kjem Jesus. I v. 56 er nemnt 3 slags senter han kom til, landsbyar, byar og bygder. Byane var nok størst og deretter landsbyane. Bygdene var kanskje eit område med spreidd husbygnad.

Då tok det seg opp att det som hadde hendt fleire gonger før. Når Jesus viste seg i gata, gjekk folk inn i husa og henta dei sjuke og bar dei dit Jesus var. ”I heile grannelaget ,” står det. Dei la dei ned på torget. Der var god plass til vanleg.

Trua viser seg sterk her. Det var møtet med Jesus som skapte den trua. Dei hadde sett det ofte: Han lækte alle slags sjuke. Då var tanke nær: Han kan hjelpa oss også. Då spurde dei ikkje om han ville gjera eit under, leggja hendene på dei og be for dei. Dei bad rett og slett om å få koma så nær han at dei fekk på kanten av kappa hans. Så sterk var trua, at dei meinte det ville hjelpa.

Og det hende. Det var ei rett tru. Dei hadde tillit til Jesus og den krafta han viste. ”Alle som rørde ved han, vart lækte,” står det. Det var sant. Det er og sant at alle som trur på han i dag, vert frelste.

34)
Kap. 7.
1. Jesus refser hyklarskapen åt farisearane og lærer kva som gjer mennesket ureint, 1-23.
Farisearane kom tidleg i opposisjon til Jesus. Læra var så ulik, og det viser at mange lærde i Israel var komne langt bort frå Guds veg. Men dette kan ikkje gjelda det vanlege fotfolket. Me ser at dei ofte fylgde Jesus i store flokkar.

Når det her er tale om dei gamle, v. 3, er det ikkje berre lovane i 3. Mosebok det gjeld. Farisearane hadde laga ei rekkje føresegner t. d. om sabbaten og om vask av hendene. Dei ville at alle skulle gjera det dei lærde her. Og med det førte dei folket inn i ein unødig trældom.

Når Jesus og læresveinane ikkje gjorde som desse lærde sa, måtte det bli konfrontasjon, om ikkje dette var heile årsaka. Jesus er nok nær kjernen då han i v. 6-7 talar om at dei æra Gud med leppene, medan hjarta var langt borte frå han. Han går med andre ord til åtak på den ytre, formelle religionen og seier det er hjartelivet det kjem an på.

For å visa det tydelegare, talar han nett om korleis vårt hjarta er. Var det godt og reint, ville det berre koma reine tankar og ord ut frå oss. Det er ikkje det me et, som gjer oss ureine. Me er ureine i hjarta. Det er frå det indre i oss at alt det vonde kjem fram, v. 21-23. Her reknar han opp ei mengd ureinskap – både stygge saker som mord og hor, til det meir usynlege ved oss som hovmod.

Alle menneske har synda og gjort noko galt. Det er ikkje tilfeldig, vil Jesus seia. Det kjem av at vårt indre er syndige og vond. Difor er religionen først og fremst ei hjartesak. Difor må me fødast på nytt og bli ein ny skapning. Her skil sann kristendom seg frå alle andre religionar.

35)
2. Han bønhøyrer den kananeiske kvinna, 24-30.
Etter samtalen med farisearane ville Jesus igjen ha ei stille stund. Han ville vera anonym ved havet i nordvest. Også her synte det seg å vera umogleg. Nokon hadde nok sett han før i Galilea, og dei forkynte det. Og over alt var det sjuke folk.

Ei kvinne kjem nå i sentrum. Dottera hadde ei urein ånd. Då ryktet om Jesus nådde mora, drog ho straks dit Jesus var. Ho var heidning og hadde vel sine tvil om ein jøde ville hjelpa henne. Men nauda var stor og ho trudde fast at han kunne gjera dottera god.

Det er då Jesus set henne på prøve. Han kallar henne ein liten hund, og jødane var born i huset. Dei måtte få sitt først. Det er ikkje fint å ta det brødet og gje ein hund. Ho må ha kjent seg liten. Nå var det vanleg å kalla heidningar for hund. Men ho vart likevel sett på plass: Du har ikkje rettar her.

Då viser kvinna trua si, og det seier oss at ho var i verkeleg naud for jenta si. Ho vedgår det Jesus seier: det er sant, Herre. Eg er ein hund. Likevel – det er slik at hundane får det som er att etter borna. Har du ikkje ein smule til meg? Det var dristig, men fult av tru på at Jesus både kunne og ville.

Og ho får eit godt ord med på vegen. Den vonde ånda skulle forlate jenta. Og det var meir enn ein smule! Det var jo nett det ho ynskte og bad om. Ho bad om lite, men fekk mykje.

Så seier Jesus til henne: Dette skjer på grunn av det ordet du sa. Kva tyder det? Ved å seia ho var ein hund, gjorde ho seg sjølv liten og viste slik at ho trong nåde. Dette måtte bli ufortent. Ho bad ikkje om eit heilt brød, berre ein smule i samanlikn ing med dei mange Jesus hadde lækt før.

Då ho kom heim, såg ho det. Jenta var alt frisk. ”Kristus kan sigra over Satan på avstand,” skriv Matthew Henry. Difor kan me og be for folk langt borte, og Jesus er der med svaret.

36)
3. Jesus lækjer ein mann som er dauv og mållaus, 31-37.
Jesus tok igjen ut på reis. Frå vestkysten i nord gjekk tvers over landet i Galilea til Gennesaretsjøen og vidare på austsida, til Dekapolislandet. Det var området aust for Jordanelva. Namnet tyder Ti byar.

Nå møtte han ein døvstum mann. I dette høve ville han gjera underet i einsemd, og gjekk bort frå folket. Ikkje alt skal skje offentleg, folk vil ikkje skjøna det Gud gjer og kan mistyda. Og han gjorde noko underleg denne gongen. Ingen andre av evangelistane skriv om dette.

Jesus stakk fingeren sin i øyra hans, spytta på fingeren sin rørte ved tunga hans. Me veit ikkje kvifor han gjorde dette denne gongen. Det var ikkje noko magisk, men meir som eit teikn til han som ikkje høyrde noko og til dei som kom med han: Nå kunne dei tru at han kunne lækja han.

Dinest såg han opp mot himmelen. Mannen kunne sjå, og difor vart dette eit teikn på at det var Gud i himmelen som hadde all makt. Han kunne berga han. Orda Jesus sa, var ikkje for den døve. Han sa: Effata – som tyder: Lat deg opp. Lat både øyro og munn bli opna. Det underet skjedde. Men det er og ei bøn til oss: Du må opne opp for Guds ord i hjarta ditt.

Heller ikkje her ville Jesus ha publisitet om underet han gjorde. Sjå kap. 1, 44; 3, 12; 8, 30 og 9,9. Folket undra seg og sa noko fint om Jesus, slik me har sett det: Han har gjort alle ting vel! Slik var han då, og slik er han nå. Men mange gløymde og skjøna ikkje hans eigentlege oppgåve: Folket måtte bli frelste frå synda. Det skulle dei ikkje tida stille om. Det bodet skulle nå ut til heile verda ein gong.

37)
Kap. 8.
1. Jesus mettar 4.000 mann, 1-9.
Mykje folk var igjen samla. I denne tida kunne ikkje Jesus vera nokon stad åleine. Dei var truleg i same området som før, aust for Jordan. Det var ikkje lenge sidan han hadde metta 5000 menn på ein øyde stad, kap. 6, 30ff.

Nå var dei i ein endå verre situasjon. Nauda auka slik at Jesus kunne visa si makt endå meir. Denne gongen var dei ”berre” 4000 menn, men dei hadde vore hjå han i 3 dagar, mot berre nokre timar sist. Nå trong dei verkeleg mat. Første gong gav han dei mat på nordvest-sida av Gennesaret, men nå var han søraust for sjøen. Difor var det truleg ein del andre folk her enn sist.

Jesus sa at han hadde ”inderleg medynk med folket,” v. 2. Det viser Jesu sinnelag i all naud me er i. Problemet var det same: Dei hadde ikkje nok brød, berre sju. Men han tok imot dei og takka og ba til sin far. Men læresveinane hadde ikkje lært av det første underet. Dei berre tenkte: Kor skal me få tak i meir? Det ser ikkje ut til at nokon av dei tenkte at Jesus kunne gjera under her også. Og det viser kor seine me ofte er til å tru på Guds allmakt.

Men underet skjedde trass i vantrua og nauda. For Jesus er alltid suveren. Maten auka i Jesu hender. Alle fekk nok, og det var sju korger til overs. Dei skulle ta vare på maten og ikkje kasta noko – som skjer ofte i vår overflodstid.

Ordet for korg (sfyris) er eit anna enn i kap. 6 (kofinos). Dette siste var ei handkorg som dei bar med seg. Ordet her i kap. 8 var mykje større. Det var ei slik korg Paulus vart firt ned frå muren i Damaskus. Det som vart til overs her, må altså ha vore mykje meir enn første gongen. Gud gir oss alltid rikeleg.

38)
2. Jesus vil ikkje gje noko teikn frå himmelen, 10-13.
Jesus tok igjen ut på reis, med båt over Gennesaretsjøen til vestsida. Dalmanuta låg visstnok i søre del av vestsida av sjøen.

Farisearane var straks på plass og gjekk meir aggressivt til verks etter kvart nå. Dette er det tredje året av hans offentlege verksemd då opposisjonen mot han voks. Dei ville diskutera, og det var dei nok flinke til. Gode kunnskapar hadde dei og i Skrifta og kjende seg truleg trygge på at dei stod sterkt i høve til Jesus.

Likevel er det underleg. Dei skjøna det ikkje: Men her stod dei religiøse leiarane i landet framfor Skaparen av alt og stilte dumme spørsmål, som ein har sagt. Dei ville setja Gud på prøve og kravde teikn av han. Hadde dei vore så kjende i Skriftene, måtte dei ha skjøna at Jesus var oppfyllinga av profetiane om Messias. Og då ville dei bøygd seg for han.

Men det er slik: Når eigenviljen og trua på seg sjølv blir sterk, vert mennesket blinde for andre. Difor sukka Jesus nå i si ånd. Han var oppgjeven av dei, korleis kunne nett dei vera slik? Og kvifor krev dei teikn?

Teikn er eit slags prov på at det er sant. Det er nyttelaust å overtyda vantrua. Farisearane hadde fylgt med i det Jesus gjorde, og dei visste om mange og store teikn han alt hadde gjort. Kvifor trong dei meir? Dei hadde ikkje klart å setja han fast ennå – og det ville dei helle aldri klara. Dei skulle ikkje få fleire prov på at han var Gud og Frelsar. Det var nyttelaust – difor forlet han dei for aldri å koma attende som lærar og forkynnar.


39)
3. Han åtvarar mot hyklarskapen åt farisearane, 14-21.
Hykleri er å spela teater, vera skodespelar der ein spelar ein annan sitt liv. Det er tydinga av ordet. Dei seier noko anna enn det dei eigentleg er. Det må dei ta seg i vare for. Jfr. Mat. 23.

Bakgrunnen her er at dei har gløymt å ta med seg mat. Båtturen ville ta fleire timar, og dei hadde berre eitt brød. Denne situasjonen nytta Jesus til å tala om åndelege sanningar. Han var ein meister til det.

Surdeigen (gjær) har evne til å spreia seg ut i heile deigen og slik påverka den. Jesus seier nå at læra åt farisearane var ein slik deig. Surdeig er ofte nytta i negativ meining, som i 1. Kor. 5, 6.ff Surdeigen står i motsetnad til ”reinleiks og sannings usyra brød”, v. 8.

Farisearane si lære var då likna med det vonde og hykleriet. Det talar og om den gamle pakta som nå gjekk mot slutten. Herodes si lære var verdslegdom og liv i synd, t.d. ekteskapet hans.

Læresveinane skjøna ikkje den åndelege tydinga. V. 16f. Kor ofte er ikkje me og seine til å læra dei åndelege sanningar i Guds ord? Me ser på det jordiske og blir fanga inn av det i tanke og sinn. Han minner dei og om dei to store undera dei nett hadde sett. Han hadde metta mange tusen med nokre få brød. Det er som om han eksaminerer dei nå: Kor mange korger var då att?

Skjønar de ennå ikkje? v. 21. Hovudpoenget for Jesus nå er at han hadde gjort eit så stort under at det var meir att enn det han byrja med. Slik ville han seia at Gud hadde vore der i han og gjort noko stort. Og nå må dei tru på han som vil gjera endå større ting.

40)
4. Jesus lækjer ein blind, 22-26.
Jesus og læresveinane reiste nå nordover til Betsaida, som ligg like nord for sjøen. Her kjem dei til han med ein blind mann og bed han røra ved han. Det er vel eit ”teknisk” uttrykk dei brukte då for å hjelpa og lækja nokon.

Her ville og Jesus vera meir einsam når han skulle hjelpa denne mannen. Denne byen var óg forbanna av Jesus, Mat. 11, 21. Og han gjorde noko svært uvanleg for oss: Han spytta han i augo og la hendene på han. Ein blind kunne ikkje sjå kva han gjorde, men han kunne høyra. Han gjorde nok dette for å hjelpa han å tru.

Så bad han mannen sjå, og endå eit nytt trekk ved gjerninga hans møter oss: Eg ser litt – eg ser noko som liknar tre. Han hadde altså vore sjåande før, for han visste korleis eit tre såg ut. Men det var ikkje eit klårt syn. Jesus hadde lækt han ”halvveges” eller gradvis. Han trudde det var folk, for han ser ”trea” gå ikring.

Han skulle likevel gjera det fullkome, difor legg han hendene på augo og styrkjer han meir i trua. Då såg han klårt. Alt var tydeleg. Guds makt vart endå klårare når det kom trinnvis. Jesus brukar makta si på ulik måte, men alltid for å hjelpa menneske og æra Gud.

Dette står berre hjå Markus. Og mannen får same ordre som fleire har fått før: Sei det ikkje til nokon, og gå ikkje inn byen – kanskje han budde utafor Betsaida. Det åndelege synet vårt kjem óg i møte med Jesus, og det er ikkje alltid me får fullt lys over nok med ein gong.

41)
5. Den store vedkjenninga åt Peter, 27-30.
Nå reiser dei vidare nordover, heilt til Cæsarea Filippi. Her skulle henda noko viktig i Peter sitt liv som dei andre var vitne til.

Før dei var komne fram, spurde Jesus dei: Kva seier folk om meg? Læresveinane gjekk ute mellom folk når han ikkje var med, t.d. for å kjøpa mat. Og då fekk dei høyra rykta som gjekk og folkesnakket om den nye Læraren.

Meiningane var ulike: Døyparen, Elias eller ein profet. Alle var altså samde i at Jesus var ein spesiell mann. Folk flest vurderte han høgt. Men det hjelper lite kva andre seier. Jesus ville vita noko meir, noko personleg om dei! Kva seier de?

Peter er talsmann og seier kjapt: Du er Messias. Han var overtydd om at Jesus var Guds utsending som Frelsar. Han var den Salva, som Messias tyder. Peter hadde nok mange feil, men han hadde ei klår tru og overtyding. Vedkjenninga hans var tydeleg. Men han var ikkje førebudd på neste trinn i utviklinga, kven var eigentleg det? Jesus måtte lida og døy. Kvifor skulle dei ikkje seia noko om dette? Det hadde alt vorte tydeleg at Israel ville fornekta han som Messias, og folket var ikkje mogne for å ta imot den bodskapen.

I Mat. 16 og Luk. 9 står dette meir utførleg. Markus pleier å forkorta mykje. Matteus nemner at Peter legg til: Den levande Guds Son. Og begge talar vidare om at Jesus skulle døy og stå opp att tredje dagen. Alt nå visste dei klårt at Jesus skulle døy og verta levande att. Likevel hugsa dei ikkje det når det hende. Me menneske er skrøpelege slik.


42)
6. Herren talar om at han skal lida og døy og standa opp att; Peter tel for han, 31-33.
Det er om å gjera for Jesus å førebu dei på det som kjem, nemleg påske og avslutninga av hans eige liv og teneste. Her var dei som elles seine til å tru.

Nå minner dei om dette (seinare i kap. 9 og 10), jfr. Mat. 16, 21. Og det er ikkje noko usikkert i orda hans: Menneskesonen skal lida mykje. Han veit at det må skje, det har han høyrt frå Far sin. Med det vil han seia at han er oppfyllinga av profetordet om den lidande Herrens tenar, Messias i Jes. 53.

Ei side ved det var at han vart forkasta av leiarane i Israel – dei eldste og av presteskapet. Sett frå vår tid er kanskje det det mest underlege. Dei burde visst at han var Messias, både av talen hans og av det han gjorde. Men dei hadde sine eigne tankar og meiningar om kva Messias skulle. Og Jesus var ikkje slik.

Dei leiande i Israel ynskte ein militær førar som skulle fri dei får Romarveldet og gjera landet til ein eigen stat slik det t.d. var i Davidsriket. Jesus såg lenger: Den djupaste og alvorlegaste skaden for dei var synda. Den skulle Messias ordna opp i ved å ta dom og straff for den. Den endelege sigeren ville då vera at Messias stod opp frå dei døde og viste slik at han var Gud.

Peter skjøna ingen ting av dette. Difor var han så sterk i talen: Dette må ikkje skje. Mat. 16, 22. Men Jesus tala endå sterkare til han: Det er Satan som freistar Peter, difor må Jesus få djevelen bort frå dei. Det er ei hovudoppgåve for Jesus i påsken. Peter hadde ennå ikkje sett inn i Guds plan (det som høyrer Gud til).

43)
7. Jesus refser Peter og talar om sjølvgløyming og om si atterkoma, 34- 38.
Det er på bakgrunn av det me las i førre stykke at Jesu tale nå kjem. For nå talar Jesus om det som høyrer Guds rike til i livet som kristen. Jesus skulle bera sin kross, men det må me og gjera – om på ein annan måte.

Ingen kristen er friteken for det krossen Jesus talar om her. Det gjeld den lidinga som fylgjer med trua på Kristus. Læresveinane hadde ikkje ennå rette tankar om det å fylgja han. Kristenlivet i kvardagen og i lengda er ofte annleis enn me tenkte i byrjinga.

Krossen er symbol på døden. I tillegg var det eit instrument for å pina fangane. Og her gjeld det liding og død for Jesu Kristi skuld, av di ein er ein kristen. Det kan óg tyda fruktene av Jesu kross, at me blir frelste der.

Me legg merke til at både folket og læresveinane høyrde på dette, v. 34. Det er eit prinsipp som gjeld alle menneske. Ein kristen er komen i eit motsetningstilhøve til denne verda. For verda er dei syndige ting, det å ikkje rekna med Gud i livet. Det snur ein kristen seg bort frå sjølv om det fører til motgang og kanskje martyrdød.

Og grunnen er enkel: Livet med Jesus er så mykje meir verd enn alt i denne verda. Kva gagn har eg då av å vinna alt her på jorda, ære, rikdom, makt o.a. når det tar den plassen Jesus skulle hatt. Det står ikkje direkte at vår sjel er meir verd enn alt i verda. Men i samanhengen er det slik: Jesus legg vår sjel og vår evige liv i Gud på vektskåla. I den andre legg han heile verda og det den har. Og Guds rike veg mest. Der ligg verdien. Men mange ser ikkje det – før Jesus kjem att, v. 38. Dei som har nekta Jesus her og skamma seg ved han, vil oppleva at Jesus viser dei bort for evig.

Ingen kommentarer: