fredag 8. februar 2008

1. Peters brev.

PETERS FØRSTE BREV

Av Nils Dybdal-Holthe

1991/2001.

I. PETER.

Namnet Peter tyder berg eller klippe og er det same som Kefas. Han hadde og namnet Simon før han møtte Jesus. Han var ein av dei 12 og vart kalla til læresvein tidleg.

Her vil me tala litt om Peter og kva Gud gjorde med han, korleis han danna og forma Peter etter sin vilje. Peter var ikkje enkel å frelsa. Gud hadde mykje strev med han. Men han er eit strålande døme på korleis Gud arbeidar lenge med menneske for å føra dei til himmelen.

Mange av oss er som Peter. Gud har strev med oss på mange måtar. Men nett avdi Peter kunne bli frelst og bevart, skal me få ha tru for at andre kan bli det om det ser håplaust ut. Og me skal ikkje sjølv gi opp om alt går imot.

Me skal berre ta med litt av det Peter opplevde her. Me finn fleire ting om han i Bibelen. Men han blei ein leiar i Guds rike og difor kan me sjå litt på livet hans. Det kan vera til hjelp.

1. Kallet til frelse.

Først vil me sjå på kallet han fekk til frelse. Joh. 1, 40-42. Her ser me korleis Peter vart vunnen for Guds rike. Han vart vunnen ved personleg arbeid og samtale. Dei fleste som blir frelst i dag og vert vunnen slik. Og det var broren Andreas som vann han. Han vart altså vunnen av ein som kjende han. Gud brukte eit menneske i denne tenesta. Kallet kom ikkje som ei openberring frå det høge. Men ein som sjølv hadde møtte Jesus, fortalde det vidare og vitna om si tru. Og Peter kom sjølv og fekk møta Jesus.

Peter fekk eit direkte kall av Jesus. Me må og få det. Det er når me har kall at me kan koma. Det er løgn å tru at folk kan koma kva tid dei vil. I Joh. 6, 44 seier Jesus: Ingen kan koma til meg utan at Faderen dreg han. Me må altså dragast til Jesus. Og det skjer ved Den heilage Ande. I Katekisma seier Luther dette slik: Eg trur at eg ikkje av eige vit eller kraft kan koma til Kristus eller tru på han. Det er Den heila Ande sin gjerning.

I Mat. 4, 18 høyrer me om eit anna og nytt møte med Jesus. Og det blir avgjerande for han. Frå nå av er han ein læresvein eller disippel. Det er ikkje nok å høyra om Jesus eller få eit ytre og laust møte med han. Bibelen seier me må fødast på ny. I 1. Pet. 1, 3 skriv Peter dette slik: han har atterfødd oss til ei levande von ved Jesu oppstode frå dei døde. Det må skapast nytt liv i ein syndar for at han skal bli frelst. Då er han ein kristen. Det er ikkje nok å bøya seg eller seia ja med munnen og forstanden. Me må så å seie flytte inn i Jesus, få sjå oss frelst og frigjort i evangeliet og ta imot Jesus i hjarta.

I det andre brevet sitt skriv han slik om dette: han som kalla oss og gav oss dei største og dyraste lovnadar forat me ved dei skulle få del i guddommeleg natur med di me flyr bort frå verda. 2. Pet. 1, 3-4. Frelsa skjer ved Anden. Men føresetnaden er at me seier nei til synda og verda og kjem til Jesus med alt. Då får me del i guddommeleg natur, står det. Han gjev oss dei største og dyraste lovnadar. Det er evangeliet om Jesus og hans død for våre synder, og korleis me får del i det av nåde. Noko større enn det fins ikkje. Og det er kostbart. "Det kostet Jesu dyre blod å frelse meg en dag." Men me må ta imot. Det er vår del og vårt ansvar, og det har ingen ting med ei lovisk haldning å gjera.

Alle som høyrer Ordet får eit slikt frelseskall. Du skal ikkje venta på ei spesiell oppleving i sjelslivet eller følelsar for å tru at du har kallet. Når Ordet fortel deg at du er ein syndar og treng Jesus, er det kallet. Det seier du er fortapt utan Jesus. Då har du berre ein ting å gjera: å gå til Jesus med di synd og be om nåde og tilgjeving. Det er vegen til frelse. Og den som let Guds Ord kasta lys over synda, vil få sjå alt det Gud ser du kan tåla. Men her må me aldri nekta eller bortforklara synda. Det er avvegen.

2. Kallet til teneste.

Vidare fekk Peter eit kall til teneste i Guds rike. Då han møtte Jesus (Mat. 4, 18), fekk han høyra at Jesus sa: eg vil gjera deg til ein menneskefiskar. Det vart livskallet hans, rett og slett "yrket" hans seinare. Han skulle bruka livet sitt til å føra menneske til Kristus slik at dei vart frelste. Han skulle ikkje først og fremst føra dei inn i ei ny kyrkje eller ein organisasjon. Men folk skulle få eit møte med Jesus personleg. Det er eigentleg kristenkallet i dag og. I Luk. 5 får han eit møte til med Jesus, det er truleg seinare. Her er det sagt meir detaljert. Dei hadde fiska forgjeves ei heil natt og Jesus stod på stranda. Jesus sa til dei: Legg ut på det djupe, v. 4. Det kunne nok verka litt tvilsamt etter så lang tid på sjøen. Dei var fiskarar av yrke og visste vel kor vanskeleg det var då. Peter stig fram og seier: På ditt ord, Herre. Det var viktig. Han hadde fått tillit til ordet, til det Jesus sa. Og då underet skjedde, såg han seg ganske uverdig. Gå frå meg, eg er ein syndig mann, sa han. Då var det Peter fekk ordet: Ottast ikkje, frå nå av skal du fanga menneske, v. 10. Han skulle bli ein tenar for Kristus og vinna nokon for himlen. Grunntekstordet betyr å ta nokon levande, ta fangar. Og sanneleg skal Guds tenarar fanga menneske for eit nytt liv der det gamle nok må døy, men eit nytt stå opp. Peter kallar seg sjølv for Kristi tenar og apostel. 2. Pet. 1, 1.

Nå skal alle truande vera Jesu vitne. Det er ikkje for spesielt utvalde menneske. Me er vitne der me ferdast så sant me lever med Gud. Spørsmålet kan vere om me er sanne og gode vitne for Jesus. Men me ber alltid med oss eit vitnemål - heime, i fritida og på arbeid.

Sume blir kalla til spesielle tenester i Guds rike, både her heime og ute. Det kan vere som misjonær eller som forkynnar. Oppgåva er den same som for Peter: vinna menneske for Jesus. Han kallar oss oftast til tenester ettersom me har evne og naturutrustning til. Så utrustar han sine vitner vidare og gir dei det dei treng til arbeidet. Det fekk Peter oppleve.

3. Peter blir prøvd.

Når me fylgjer Peter sitt liv vidare, finn me snart at Jesus prøvde han på fleire måtar. Han blir ført inn i forskjellige situasjonar i livet. Jesus ville prøva trua hans, slik at den skulle blei sterk. 1. Pet. 1, 7: som gull, gløda i eld. Inga tru blir sterk utan å bli prøvd. Og då spørst det om trua vår held prøve. Me kan trekkja fram nokre slike situasjonar han kom opp i.

Jesus gjekk ein gong på sjøen, Mat. 14, 26ff. Då dei såg det, vart dei alle redde. Peter var likevel litt annleis og sa: er det deg, seg til meg at eg skal koma til deg på sjøen. Og Jesus gjorde det. Då opplevde Peter at han kunne gå på havet på Jesu ord og befaling. Det må ha vore ei underleg erfaring for han. Men så såg han på bylgjene, og då sokk han og måtte ropa: Herre, frels eg går under.

Det var ei viktig erfaring i truslivet hans: så lenge han såg på Jesus og heldt seg etter hans ord, gjekk det bra. Så snart han såg ikring seg, på uværet og vanskane, gjekk det galt. Og så måtte Jesu sterke hand ta fatt i han, og han fekk høyra dette om seg sjølv: du lite truande! Trua hans hadde ennå ein lang veg å gå.

Ein annan gong tala Jesus sterkt og hardt om seg sjølv som det einaste livsens brød for eit menneske. Mange av dei som hadde fulgt han og kalla seg læresveinar, gjekk då bort. Dei ville berre vera med i medgang med ein enkel bodskap. Jesus spurde då dei tolv: vil de og gå bort? Då var det Peter som svara for dei alle: Kven skal me gå til, du har det evige livs ord. Joh. 6, 66-68. Der fekk han bera fram si vedkjenning: Ordet - det var berginga. Peter vart sterk i trua avdi han bygde på Ordet. Det gav visshet og kraft.

Slik blir alle truande prøvd. Utan det er me berre uekte born og har ikkje arverett. Orda hjå profeten Jesaja gjeld nok oss alle som trur: når du går gjennom vatn.. og eld, er eg med. Det kjem mange slike dagar når me må gå gjennom eld og vanskar. I slike stunder er Gud sjølv ved vår sida. Han let ikkje noko verdfullt for oss brenna opp. Det som ikkje har verd for Gud, det brenn.

Slik gjekk det med Daniel sine tre vener, Dan. 3. Sadrak, Mesak og Abed-Nego vart bundne og kasta i eldomnen. Han vart gjort sju gonger heitare enn før, og alle meinte det var slutten for dei tre. Då dei såg ned i omnen, såg dei fire menn gå ikring der. Banda var altså brende opp, og med dei gjekk ein fjerde mann. Han såg ut som ein gudeson, står det. Og det var Gudssonen sjølv, Jesus, som var i omnen og løyste banda.

Nett slik er trengsla for oss og. Han brenn band som bind til verda og synda. Og midt i det som kan kjennast tungt og som eit offer, er han sjølv til stade. Gud tek seg av sine i prøvinga for å gjera oss avhengige av han og bundne til Jesus.

Men Peter fekk oppleva meir. I Mat. 16, 23 vart han refsa av Jesus avdi han ikkje skjøna kvifor Jesus måtte inn i lidinga og døy for oss. Vik bak meg, Satan, sa han. Du har ikkje sans for det som høyrer Gud til, men berre for det som høyrer menneska til. Og det er ganske naturleg. Det er slik me alle er etter vår natur. Peter var slett ikkje så uvanleg der. Me har alle ein god sans for det jordiske.

Til voksteren i Guds rike høyrer det med at me vert løyst frå denne jordiske sans. Me skal få auga opp for det himmelske. Og då treng me somme gonger å bli refsa og irettesett. Det høyrer med til oppsedinga i Guds rike. Me skal ikkje så snart tru det er lovtrelldom. Jesus handsama jo sine læresveinar slik. Og han må nok gjera det same med nokre av oss og.

I Luk. 22, 32 finn me så at Jesus bad for Peter. Dei er komne til påskehelga og Jesus veit kva som skal henda: Peter vil fornekta han. Nå har han vore i bøn for Peter. Men han bed ikkje om at Peter må la vera å banna eller bli fri freistinga til å nekta han. Han visste at det ville og måtte skje. Han ser våre svake punkt og veit me vil falla i synd gong etter gong. Men Jesus bed om at Peter må koma attende til han, be om tilgjeving. Det er avgjerande om me skal vera truande. Og det er nett slik han tek seg av sine feilande vener på jord. Han kjem med ny tilgjeving gong etter gong.

Så kom påske, og Peter nekta tre gonger. Men - det var svar på bøna - utafor porten låg han og gret, v. 62.

Det var Peter si redning og oppreising.

4. Peter vart brukt.

Likevel, Peter vart brukt av Gud i tenesta. Gud slår ikkje handa av oss om me feilar og "skjemmer" oss ut eller ikkje er støypt i same forma eller er fullkomne. Menneske ventar ofte at me skal vera utan feil. Men Gud tek seg av oss igjen og igjen - berre han slepp til. Det å koma til Jesus i all naud er sjølve pulsslaget i livet med Gud. Når det stoppar, døyr gudslivet i oss.

Peter fekk sjå Jesus som den oppstadne, Luk. 24, 34 og 1. Kor. 15, 6. Det var altså kjent for dei andre som t.d. Paulus at han fekk ei serleg openberring av Jesus. Og det var naudsynleg for at han skulle setjast inn i tenesta på nytt. Det ser me i Joh. 21, 3-7.15-19. Peter ville av stad å fiska og slik venda attende til det gamle livet han forlet 3-4 år før. Og dei andre var med, men dei fekk ingen ting den natta. Og på stranda stod Jesus og venta på dei. Eit nytt under fekk Peter sjå då. Kast garnet på høgre sida, sa Jesus til dei. Og då vart det fisk. Ikkje avdi det akkurat der var meir fisk enn andre stader, men avdi dei gjorde det på Jesu ord. Dei måtte heile tida lærast opp til å stola på hans ord og lovnad. Snart skulle dei berre ha det å lita på.

Etter måltidet fekk Jesus spørsmålet: elskar du meg? Det er då han får oppgåva: fø lamma og sauene mine, og vakta sauene. Det var tenesta i Guds rike, han skulle bli brukt av Gud.

Først ser me det på pinsedag, Apg. 2, 14. Det var han som vart hovudtalar. Og i den talen viste han nett til kva Gud hadde sagt i GT. Det var eit resultat av oppsedinga i Guds skule. Han tala ikkje slik han tykte var best, eller det han meinte ville nå mest fram til folket. Nei, han brukte Ordet. Det hadde Jesus lært han. Og 3000 vart frelst den dagen. Gud hadde gripe inn med eit større under enn noko anna enn det han hadde sett før.

Etter pinse finn me han fleire gonger i tenesta. Ved bønetimen i kap. 3 får han hjelpa ein som hadde det vondt. Berre ved Jesu namn kunne det skje. Og i kap. 4 ser me korleis vekkjinga heldt fram - nå var det 5000 nyfrelste i Jerusalem. Og Peter var ein sentral person i denne vekkjinga.

Seinare møter me han som reisetalar. Han var ei tid i Lydda ved kysten, kap. 9. Der reiste han opp Tabita frå dei døde og mange trudde på Jesus der. Vekkjinga breidde seg altså ut over landet og ikkje berre i Jerusalem.

Det er medan han er her at han får bod frå Cæsarea om å koma til Kornelius og tala ord til han som han skulle bli frelst ved, kap. 10-11. Og heile huset hans vart døypt då. Gud viste han at ingen var urein i den tyding at dei ikkje kunne få evangeliet. Det skulle vera for alle. Denne hendinga opna vegen til ikkje-jødar for ordet om Jesus. Frå nå av går evangeliet ut i verda og sigrar over stadig fleire.

5. Peter døyr.

Jesus sa noko til Peter som ikkje var til dei andre: ein profeti om hans død, Joh. 21, 18-19. Han skulle ikkje døy naturleg eller på vanleg vis. Andre skulle binda han og føra han dit han ikkje ville. Men han skulle æra Gud med sin død, så sjølv i den stunda vart han ein tenar for Gud.

Før det hende skulle han altså vere i teneste for Jesus og hjelpa mange til tru. Og han fekk tid å senda to brev til vener og andre truande. Men at han var den første biskop i Rom som den katolske kyrkja seier, er det ikkje haldepunkt for i Skrifta.

Bibelen seier heller ikkje noko om korleis han døydde. Men ein legende seier at han vart krossfesta i Rom. Då bad han om å bli krossfesta med hovudet ned, for han var ikkje verd å døy på same måten som Frelsaren, sa han. Det syner at han var ein audmjuk tenar for Herren. Biskop Eusebius (d. 339) fortel dette.

II. LESARANE AV BREVET.

1. Pet. 1, 1-2.

Peter helsar lesarane av brevet og skriv brev for å hjelpa dei i kristenlivet. Hans N. Hauge gjorde det same og mange med han. Ei personleg helsing kan ofte vera ei god hjelp for folk som er i naud og strir med noko. Og desse lesarane hadde det ikkje lett.

Brevet var sendt til kristne i mest heile Litle-Asia, som er den vestre delen av Tyrkia. Dei landskapa som vert opprekna, ligg der. Berre eit slikt "fylke" er utelete - Kilikia. Det var Paulus sin heimstad. Eit par mindre område manglar og, Lysia og Pamfylia.

Helsinga er den vanlege i kristne brev på den tida: nåde og fred. Slik kjenner med det frå Paulus sine brev. Me må gå ut frå at det var ei vanleg kristen helsing på denne tida. Og det er Guds frelse i ein sum: det skjer ved nåde frå Gud og gir fred med Gud. Men det gjeld berre for Guds folk. Slik står det i siste verset i brevet: Fred vere med alle dykk som er i Kristus (Kap. 5, 14). Også det uttrykket minner om Paulus. Å vere eit Guds barn er å vere i Kristus, så nær og så eitt med han. Og først då eig me fred med Gud og sann hjartefred.

Kva seier så Peter om lesarane? Mon ikkje det han seier om og til dei er likt for alle Guds born og aktuelt til alle tider? Bibelen sine ord om mennesket og om dei kristne høver for alle tider. Me er ikkje meir moderne enn at me er Guds skapningar som alle andre før oss.

1. Dei var utlendingar, v. 1.

Det første han seier om dei er: dei er utlendingar som er spreidde ikring i Litle-Asia.

Jødar som reiste ut frå Israel vart kalla "diaspora-jødar" eller utlendingar. Og dette ordet er brukt her. Han skriv til diaspora-folk, dvs folk som ikkje høyrde heime der dei budde. Dei hadde eit anna fedreland.

I kap. 2, 11 vert dei og kalla framande og utlendingar. Ordet utlending tyder eigentleg ein som lever ved sida av (dei andre). Han er pilegrim.

Det kan nok hende at ein del av dei kristne i Litle-Asia var jødar som var flytta dit. På pinsedag var det folk i Jerusalem frå desse bygdene (Apg. 2, 9). Men det er tydeleg at sume av lesarane var heidningar, kap. 2, 10; 4, 3.

Kven lesarane enn var, er orda her eit godt bilete på dei kristne til alle tider: me er framande her i verda, og me er ofte spreidde ikring langt frå kvarandre. Guds folk er på reis og har eigentleg heime i himmelen. Paulus skriv i Fil. 3, 20: Vårt rike er himlene. I eldre omsetjingar stod det slik: vårt borgerskap. Det er der me har vår rett og vår heim.

"Eg er ein gjest i verda, min heim i himlen er."

Slik syng Guds barn. Han har eit mål for livet, og det er hans hovudinteresse her på jord.

Det er med oss som med Israel i øydemarka. Dei reiste ikring i 38 år samt 2 år på reisa frå egypt. Dei høyrde ikkje heime der, dei måtte vidare og venta på dagen då dei skulle gå inn i landet som flaut av melk og honning.

Det var slik med patriarkane og. Om Abraham står det at han budde som utlending i det landet han var lova, "liksom i eit framandt land". Dei gamle truande sanna at dei var framande og utlendingar på jorda (Hebr. 11, 9.13).

Dette er våre kår på jord, og det går galt med det menneske som gløymer dette. Peter skriv i 2. brevet kap. 1, 14 at han brått skal leggja ned hytta si. På grunnspråket står det rett og slett telt. Det talar om at han var på reis og måtte vere klar til oppbrudd kva tid som helst. Teltpelane skulle ikkje vere faste i jorda.

Uttrykket framand skal altså minna oss om å ikkje slå oss til ro her men søkja det himmelske.

2. Dei var utvalde.

Det andre som er sagt om dei er at dei var utvalde etter Gud Faders førevitande. Her kjem ein lett inn på utvelginga. Me trur ikkje at ordet her talar om ei utvelging til frelse og fortaping som Calvin og Augustin lærte. Me trur at Bibelen forkynner at Gud har gjeve alle menneske som høyrer evangeliet eit høve til frelse om dei vil ta imot det.

Eg trur utvelginga her tyder eit par ting:

a) Gud visste om alt som kom til å skje frå æva av. Ingen ting kom overraska på Gud. Han kjende oss før me vart fødde - me er jo hans skapning. "Han visste alt om meg før han meg kalla, og gav meg plass ved nådens rike bord." Det er trøyst når me kjenner oss lite skikka som kristne. Og kva tid gjer me ikkje det? Han kalla oss trass i vår svakhet og alle våre feil.

Paulus skriv slik til romarane: dei som han føreåt kjende, dei har han føreåt etla til å likjast bilete av son hans, og dei som han føreåt etla til det, dei har han og kalla. Rom. 8, 29-30. Han kjende til kven som ville ta imot og kven som ville forkasta han. Dei som ville ta imot, dei kalla han. Johannes skriv at Jesus visste frå første stund kven som ikkje trudde, Joh. 6, 64. Og som Rosenius seier: "og altså også kven det var som ville tru".

b) Det andre me kan seia om dette er at Gud har førebutt frelsa for alle. Alt er fullbrakt, Joh. 19, 30. I prinsippet har alle høve til å bli frelst. Men berre dei som tek imot, får tilgjeving for synda og blir frelst. Difor ligg ansvaret for frelsa på oss sjølve sett frå denne synsvinkelen. Difor kallar han menneske og seier: kom! Det er ei opa dør i evangeliet for alle syndarar. Det skal me ikkje nekta.

Paulus skriv: Gud vil at alle menneske skal bli frelst, 1. Tim. 2, 4. Og Jesus fortel om bryllaupet til kongssonen at innbydinga gjaldt "alle dei de finn", Mat. 22, 9. Men ikkje alle brydde seg om kallet. Difor sa Jesus i v. 14: Mange er kalla men få er utvalde. Dei utvalde er ikkje nokre spesielle som Gud vil ha i sitt rike og slik stenger andre ute. Dei utvalde er dei som tek imot kallet og slik får gleda seg ved festen. P. Fjellstedt seier i sin kommentar om dette: "Mange er kalla til å vere medlemmer av kyrkja, men få er utvalde. Få er dei som i hjarta tek imot og tilegnar seg Kristi rettferd."

Det er som ved ei møteannonse: mange kan sjå den, men berre nokre få reagerar og kjem. Difor er du som høyrer og tek imot ein av dei utvalde. Og det er du sjølv om du ikkje føler det så godt eller forstår utvelginga.

c) Her ligg ennå noko meir i utvelginga. Gud har verkeleg teke oss ut av den store heidningeverda og valt oss ut som sine. Men det er vanskeleg å skjøna det. Vitet kan aldri løysa denne floken eller med tanken skjøna utvelginga. Noko av dette er løynt for oss, og me vil aldri gripa det fullt ut her på jord. Men det er verkeleg sant: Gud hadde ein æveleg tanke med oss.

3. Lydighet.

Me er kalla til lydighet, står det i v. 2. Det er å ta imot kallet til frelse. Me er ikkje kalla til lydnad mot Mose lov for på den måten å bli frelst. Ingen gjerning kan frelsa noko menneske. Me skal ikkje gjera vårt beste og byggja vår salighet på det. Me skal nok gjera vårt beste og leva så bra me kan. Men det skal ikkje vera himmelbillett for oss. Lova sin veg er stengt.

Men me er kalla til lydnad mot evangeliet, mot Jesu kall. Og det er noko ganske anna. Dette var det Peter opplevde både ved Jordan og ved Genesaret. Joh. 1, 42; Mat. 4, 19. Han fekk kallet då broren Andreas vitna om sitt møte med Jesus og seinare direkte av Jesus sjølv.

Det same kallet formidlar han så til andre i brevet her, kap. 2, 4: Kom til han, den levande steinen. Dette "kom" er kallet. Vår lydnad er å seia ja til kallet, å tru på Jesus og hans frelsesverk for oss. Men ikkje alle var lydige mot evangeliet, står det. Rom. 10, 16. Jødane fekk kallet av Jesus, men mange sa nei takk. Det er det såre og i dag i alle folkeslag.

Vårt kall er å tru. Det frelser eit menneske. I Rom. 3, 28 les me: Me held føre at menneske vert rettferdiggjort ved tru, utan lovgjerningar. Det er solid luthersk og bibelsk teologi. Ingen lovgjerning eller "lydighet" kan frelsa, og det kan heller ikkje hjelpa til med frelsa. Dei er kristne er rett og slett "truande"! Difor er alt av nåde. Ef. 2, 8.

4. Jesu Kristi blod.

Me er og kalla til "overskvetting med Jesu Kristi blod", v. 2. Det er eit rikt uttrykk som er henta frå GT. Det viser grunnvollen ein kristen bygger på. Det er eit av dei beste kjenneteikn på Guds born til alle tider. Har me ikkje dette i livet vårt, er alt anna til fånyttes.

Ordet "oversprenging" er interessant. Det er brukt her og i Hebr. 12, 24 om den nye pakt med blodet. Verbet å sprenga (skvetta) blod er brukt i Hebr. 9, 13.19.21 om blodet på alteret i GT og i Hebr. 10, 22 der det står på norsk: rensa hjarta frå eit vondt samvit. Der er det nytta om dei kristne i den nye pakt.

Ordet talar altså om Jesu offer for våre synder. Det er eit ord om forsoninga og frelsesgrunnen. Å bli frelst er å få del i det. Det er hovudsaka i kristendommen. Og det skil den ut frå alle religionar. Du vil aldri finna noko slikt i nokon heidensk religion.

Så er blodet vår frelses grunn - der me bygger og kviler i nådetida. Gjennom alle æver skal me få prisa Lammet for det han gjorde for oss. Gud til ære. Amen.

III. LOVSONG FOR FRELSA, kap. 1, 3-5.

I dette avsnittet finn me ein vakker lovsong for frelsa i Kristus. Lova vere Gud, seier han. Det minner oss om at me har all grunn til å lova Herren. Kanskje me har gløymt det midt i strev og mas? Paulus skreiv 13 brev. 11 av dei tek til med lovsong, glede eller takk. Det viser det rette kristne sinn. Lovsongen skal ikkje pressast fram eller lærast på menneskevis. I ein sann kristen bur denne songen i hjarta, v. 6 og 8. Men denne verda og synda kan døyva den reine tonen. Det sømer seg for dei truande å lova Gud, Salme 33, 1.

Ja, denne songen må ein læra. Men ein må læra den av Gud. Det er ein hjartesong. Men kan ikkje alltid synga den med ord, men i det indre fins han.

I Salme 103 finn me dette sagt slik: alt som i meg er, love hans heilage namn. Det er ikkje gleda over jordisk lukke og velstand, rikdom og ei god helse. Det er takken for alt eg har fått av Gud. Det jordiske er også med her, men det vert aldri det viktigste. Hovudsaka er noko anna.

1. Ein ny fødsel, v. 3.

Den første grunnen til takk og lovsong som Peter nemner, er at han er frelst. Lova vere Gud... som har atterfødt oss, seier han. Det er det nye livet som er født i oss.

a) Og det var naudsynleg med noko så radikalt nytt. Alle menneske er fødde i synd, me er falne skapningar. Syndefallet fekk fylgjer for kvar einskilt av oss. Det tyder at alle menneske er fortapt i seg sjølv, både heidningar som aldri har høyrt Guds ord og nordmenn som har noko kunnskap om kristendommen. "En lærdomsform er ikke nok, nytt liv er det som kreves." Dersom ikkje eit menneske vert født på ny, går det evig fortapt. Jfr. Joh. 3, 3.5.

b) Dette underet skjer av Guds misksunn og nåde. Ingen av oss har fortent å bli frelst. Me fortener tvert om å bli dømt av Gud. Men etter si store miskunn har han frelst oss. Gud elska verda så høgt at han ga sonen sin for å berga oss, Joh. 3, 16. Til meir me grundar på Guds nåde mot syndarar, til meir ser me underet i det - og takketonen vert fødd.

Men det er dei audmjuke han gjev denne nåde, kap. 5, 5. Saka er at berre dei bryr seg om frelsa, for dei klarar seg ikkje sjølv. I si naud høyrde dei "all nådes Gud som kalla" (kap. 5, 10), og tok imot.

c) Underet hende ved ordet og trua, kap. 1, 23; Jak. 1, 18. Det levande Guds ord hadde kraft i seg til å skapa nytt liv i syndaren. Det var ikkje gode gjerningar som makta dette, og heller ikkje gode følelsar. I syndenauda fekk eg sjå kva Ordet sa om Jesus. Det skapte tru. Dei frelste har det slik israelittane hadde det i øydemarka: dei sjuke såg på koparormen - og vart friske. Det var eit under av Gud. Og det same hender kvar gong nokon blir frelst. "O, Lammets blod, det dyrebare blod, som gav meg liv da jeg ved korset stod." Då kjem den ekte lovsongen. Jesus er "ei soning for syndene våre" (1. Joh. 2, 2).

2. Ein arv.

Ein kristen har fått eit nytt mål for livet, han har ein arv i Guds himmel. Me lever ikkje på måfå. Livet vårt har ei stor meining. Som kristen får både dette jordiske livet og æva seinare meining.

Ein arv må me fødast til. Me kan ikkje opparbeida oss poeng til det. Og sett i lys av Bibelen vert målet det viktigaste for oss. Jordelivet vert som eit venterom. For kva tyder det om målet ikkje er rett? Arven vert og likna med ein krans. I kap. 5, 4 skriv Peter om "den uvisnelege æreskransen". Og Paulus talar om "rettferdskransen" i 2. Tim. 4, 8. Det er bilete på himmelen.

Denne nye arven fekk me ved Jesu oppstode. For himmelen er vår von når livet er slutt. Jesus hadde sigra over alle tenkjelege makter då han stod opp frå grava. Og då sigra me! Når kongen sigrar i krig, sigrar heile folket. Det var for vår skuld han døydde, og for vår skuld stod han opp. Det gav slekta ei ny von. Når me vert frelste, vert me frelste til denne vona.

a) Det er ein uforgjengeleg arv me har i vente. Den forgår aldri, men varar æeveleg. Alt vert betre i himmelen enn nå. For alt på jord er forgjengeleg. Den danske omsetjinga av Seidelin seier: "til et liv, der aldrig nedbrydes". Alt det jordiske tek slutt og vert brote ned med åra. Himmelen tek aldri slutt. Den er æveleg.

b) Det er ein uflekka arv. Den er ikkje smitta av noko jordisk og syndig og vert det heller aldri. Dette livet vil "aldrig vanhelliges", som Seidelin seier her. Synda i alle former er totalt ukjent i himmelen, avdi inkje ureint får kome inn der (Åp. 21, 27). Kan me eigentleg førestilla oss eit slikt liv?

c) Arven er og uvisneleg. Alle sigerskransar på jord visnar med tida. Dei taper glansen og misser slik sin verdi. Det himmelske livet vil alltid vere like friskt og fint, og verdien vil aldri minka. Då opplever Guds folk det "auga ikkje såg og øyra ikkje høyrde", 1. Kor. 2, 9. "Jeg vet en hvile så skjønn og lang i Davids stad i det fjerne."

d) Arven er sikker, den er gøymt i himmelen for dykk. Der er han trygg, og difor er me trygge. Han er i den beste bankboks. Ordet for gøymd tyder og å vakta. Det syrgjer Gud sjølv for. Og når me kjem heim ein dag, "ligg rettferdskransen ferdig" til oss. Om alt anna kan takast frå oss, er arven der oppe trygg. "Ja, tek dei enn vårt liv, gods, ære born og viv... Guds rike vårt skal vera!" Slik song Luther.

3. Korleis når me målet?

Me kan ofte stilla oss det spørsmålet, og vere i tvil om korleis det skal gå. Gjennom Guds makt ved trua vert me haldne oppe, er svaret. "Det som har sigra over verda, er vår tru," skriv Johannes (1. Joh. 5, 4). Dette ordet (froureo) tyder eigentleg militær vakthald som i ein garnison. Slik vil Gud vakta og "beskytta" dei som trur. Og det vakthaldet held fram til me når frelsa, dvs. når me døyr sæle eller ved Jesu kome. Og denne frelsa er og trygg i Guds himmel til den siste tida. Då skal det verta openberra kva det vil seia å vera kristen, og då vil dei kristne få del i frelsa i fullt mon. Nå har me berre ein smak av den, det vesle me har sett ved trua.

Dette hender den dagen Jesus kjem att. Er me ferdige til møta han då? Og har me fått nokon med oss inn i Guds himmel? Det er vårt oppdrag på denne jorda.

IV. GLEDE OG PRØVING SOM KRISTEN.

1. Pet. 1, 6-9.

Dette avsnittet i brevet talar om at ein kristen kan gleda seg midt i prøvingar og vanskar. Ofte kan ein undrast over om desse to erfaringane kan sameinast. Bibelen syner at dei ikkje berre kan det, men at det er naudsynleg for ein kristen å oppleva begge deler. Alle truande har noko av dette. Og lidinga er noko av krafta i kristenlivet. Dette kan me sjå i Peter sitt liv og.

Frelsa i v. 9 som er målet for trua, er himmelen. Det er å vere æveleg frelst og for alltid heime hjå Gud. Ordet frelse blir brukt i denne tydinga og, ikkje berre om det ein vert ved atterfødinga.

Frelse for sjelene, står det. Sjela er det dyraste me eig. Og det viktigaste spørsmål i livet er dette: skal eg bli frelst til sist? Utan det er alt tapt på denne jorda. Jesus sa noko om dette etter ein samtale med Peter: "Kva gagnar det eit menneske om det vinn heile verda, men taper si sjel?" (Mat. 16, 26). Det er ikkje urett ut frå dette ordet å seie at Jesus meiner sjela sin verdi er større enn heile verda. Han set faktisk desse to storleikane opp mot kvarandre.

I denne teksten skal me stansa for tre store sanningar.

1. Trua på Jesus frelser.

Dette er ei hovudsak i Bibel og kristendom. Og Luther førte denne hovudsaka attende til dei kristne. I lang tid hadde dei katolske lærde tala om gjerningar og tru. Menneska skulle samarbeide med Gud for å bli frelst, heitte det. Den korte og presise setninga vart eit varemerke for luthersk kristentru: Ved tru åleine, på latin: sola fide.

I dette brevet finn me trua omtala fleire gonger. Me har alt møtt trua i v. 5, og me møter det att i v. 7, 8 og 9 og seinare.

Å tru er å få, og å ta imot, utan å hjelpa til. Tru er tiltru til han som gjev. Trua er det motsette av gjerningar og eigen innsats. Paulus skriv slik: Den som ikkje har gjerningar, men trur på han som gjer den ugudelege rettferdig. Han får rettferda tilrekna fordi han trur. Rom. 4, 5.

Difor er trua ei veldig makt. Jesus sa at den faktisk kunne flytta fjell, Mat. 17, 20 (21,21). Ja, trua kan gjera det som er mykje meir: sigra over verda og nå fram til Guds himmel. Trua er den største makt i verda.

Men trua er ikkje ei slags ny gjerning eller ein prestasjon, noko eg må få til. Trua er tillit. Det er å gje seg sjølv og alt ein har i Guds hand. Difor er det eigentleg den Allmektige Gud sjølv som som gjer alt for den truande. Og difor får han æra for alt.

2. Dei truande vert prøvd og freista.

Ei hovudsak her er at trua vert prøvd, og med det dei som trur. Slik opplever dei truande ei liding som ikkje alle kan sjå. Det er ikkje lett å vera ein kristen. Me får sorg, anfekting og motgang som verda ikkje anar noko om. Og dette kjem i tillegg til dei vanlege sorger og motgangar som høyrer menneskelivet til. Ein herlegdomskristendom eksisterar ikkje.

Peter kjende til dette. Han kunne nok aldri gløyma påskehelga med Jesus då han valde den lettaste vegen. Som kristen fekk han oppleva det fleire gonger å kome i fengsel, Apg. 4,3, og han vitna frimodig om kven som var hans autoritet 5, 29. Når det står mykje om liding i Petersbreva, kjem det delvis av at han talar av eiga erfaring. Då er det grunn til å lytta til han.

a) Lidinga er kort, kap. 1, 6; 5, 10. Me opplever gjerne slike tider intense og lange. Men i det ævelege lyset vert det augneblinkar. Ingen ting kan vera så tungt å bera som trengsler. Då er det godt å tenkja at det trass alt er ei kort stund.

b) Det er prøvingar av mange slag. I eldre omsetingar stod: allehånde prøvelser. Med det er meint at me opplever mange ulike slag prøvingar, og dei kjem på mange måtar. Ikkje alle kristne får dei same lidingane eller like mykje. Han ser kva den einskilde tåler og deler ut etter det. Og det er noko vesentleg sant i diktet av Nordahl Grieg der det står: "Det er de beste som dør."

Her vil me nå spørja: kvifor må dei kristne lida slik? Og kva slags lidingar er så spesielle for dei kristne? Me vil altså ikkje tala om dei trengsler som alle mennesker får avdi me er menneske. Her talar me berre om dei spesielle kristne lidingane.

1) Først må me lida avdi me er kristne, kap. 3, 14; 4, 14.16; 2. Pet. 1, 4. Me er blitt nye skapningar i Kristus ved trua. Me er fødde inn i Guds familie og fått eit nytt mål med nye interesser og oppgåver. Men me bur midt i ei verd som har sagt farvel til Gud og innerst inne hatar han. Difor vil verda aldri forstå ein kristen, og vil heller ikkje tåla han når han reiser reint flagg. Lidinga kjem difor når trua er ekte og sann og ikkje slår av på "krava".

Slik liding møter me ofte i form av spott og hån, flir og kanskje harsellering. Sume gonger og sume stader vert det direkte forfylgjing, slik det har vore mykje av i kommunistiske og muslimske land. Frå kyrkjesoga veit me at det var mykje direkte forfylgjing i Romarriket. Dei kristne ville heller døy enn nekta sin Frelsar.

I dette lyset skal me forstå orda i kap. 2, 12 og 15: me skal leva reint og godt i verda for å vinna nokon for Gud ved det. Ufrelste menn kan faktisk bli vunne for Gud ved at ei frelst kone lever rett, kap. 3, 1f.

2) Ein kristen har og liding når kjøtet freistar. Kjøtet er den gamle natur som aldri vil bøya seg for Gud. Difor vert kristenlivet ein livslang kamp mot vondskapen i oss. Synda vert ei liding for ein kristen. Han kan ikkje elska synda, men hata den. Rom. 8, 13. Me vil aldri klara å tyna synda i oss ein gong for alltid. Freistinga innafrå vil stadig kome att. Som kristne har me ei ny natur. Me er fødde på nytt til eit liv med Gud. Samstundes har med den gamle, kjøtelege natur. Og dei står kvarandre imot, seier Paulus. Gal. 5, 17. Einkvar ærleg kristen opplever sanninga i det.

3) Djevelen freistar ein kristen, kap. 5, 8. Han både lokkar og tvingar for å få fram sin vilje. Målet hans er alltid å føra oss til fall. Til dette nyttar han ofte menneske som stiller seg viljuge i hans teneste. Sume gonger skjønar dei ikkje sjølv at dei går Satan sine ærend. Peter hadde sjølv gjort det ein gong, og visste vel korleis det var. Mat. 16, 22-23.

Når me så ligg att på slagmarka og har gjeve etter for freistinga, seier Satan: det nyttar ikkje for deg, berre sjå kor lett du fell!

4) Ein kristen har og liding for den ufrelste verda. Han veit at alle utafor Kristus går fortapt. Og det skaper ei liding i han - eit sinn som lengtar etter at dei skal oppleva frelsa. Paulus hadde det. Han talar om samfunnet med Kristi liding i Fil. 3, 10. Og det tyder m.a. dette. Og i Rom. 9,1f og 10,1 f finn me sterke ord om korleis han vil vinna nokon av sine for Kristus.

Gud tek ikkje lidinga for sjelene frå oss. Kristus må ha nokre gråtande og lidande hjarto på denne jord. Det er misjonssinnet. Ordet om krossen må ut til nye folk.

Me kan bli sløve og trøytte. Nyttar det å arbeide meir? Slike tankar kjem til mange i dag og. Men det er Satans verk. Ein rett kristen har naud for andre, både her heime og der ute.

5) Me kan nemna endå ei sak: ein vaken kristen vil sjå når fråfallet kjem både hjå dei nære kristne og ute i folket. Då kjem ei liding for at vekkjinga må kome, slik at Guds folk får eit klårt bibelsyn. Utan det blir heller ikkje det kristne livet rett. Difor må ein kristen alltid kjempa for ein heil bibel. Det kan og kosta for kjøt og blod. 2. Tim. 4, 3.

3. Gleda midt i lidinga, kap. 1, 6. 8; 4, 13.

Midt i lidinga kan ein kristen vera glad. Her er vel helst tenkt på lidinga frå verda og Satan. Denne gleda kan ikkje tolkast med ord, den er "usigelig". Prøv og forklar verda kvifor du er glad midt i motgang! Dei vil tru du talar over deg. Den er og herleggjort, himmelsk og rein. For dette er ikkje menneskeverk. Dette er Guds rike.

Peter seier det rett ut: dei vil undra seg, kap. 4, 12. Men i dette vert trua lutra og reinsa. Trua vert prøvd som gullet i elden. Slagget må bort og vårt eige reinsast ut. Jes. 1, 25.

Kva vert løysinag på gåta, på spørsmålet kvifor lidinga kjem?

Kap. 4, 19 gir svar: Me skal overgje vår sjel til Gud - og så gjera det gode. Det gjorde Jesus, kap. 2, 23. Gud som ser alt, vil og døma alt på rett vis til rett tid. Me må ha tid til å venta på domens dag.

Eg har ofte hatt bruk for dette. Og så var det fredfullt å læra denne leksa: ha tid å venta på Guds tid. Amen.

V. OM GUDS ORD.

1. Pet. 1, 10-12. 23-25.

I desse to avsnitta talar Peter sterkt om Guds ord, slik han og gjer i andre brevet sitt, kap. 1, 20-21. For oss er det sterke vitnemål om Bibelen. Det er Guds ord. Har denne gamle boka noko å seia oss i dag?

Bibelen er kjelda til all sann kunnskap om frelse. Både heidningar og humanetikarar er på villspor her. Deira utgangspunkt er feil og då vert resultatet feil. Gud må vere utgangspunkt forat målet skal verta korrekt.

Det har alltid vore strid om Bibelen. Djevelen er interessert i å ta Bibelen frå oss. Han gjer det oftast nå ved å ta trua på Bibelen frå oss. Ikkje all teologi har bygt opp om ei heil Bibel. Ny-liberale retningar tek sume gonger tilliten til Ordet frå folk utan at tilhøyrarane sjølv ser det.

Men alt rasar saman under oss utan Bibelen. Den er som ein solid grunnmur. Kva skal me gjera utan den? Peter skriv noko viktig om Guds ord her. Lat oss stansa ved det.

1. Profetane granska skrifta. v. 10-12.

Det er underlege ord, men dei seier ein god del om kva Skrifta er og korleis me skal skjøna den.

a) Profetane spådde om frelsa, seier Peter. I GT er det mykje profeti, både av åndeleg karakter og om politikk. Her er Messias-profetiane det mest aktuelle. Salme 22 er kors-salma, Jesaja er evangelisten i GT og Sakarias talar både om påske og endetida. Dette er dei største og dyraste lovnadar, 2. Pet. 1, 4. Ved dei får me del i frelsa, ja i guddommeleg natur.

Her har det vore mykje strid og kritikk.

b) Profetane forstod ikkje det dei tala og skreiv. Dei granska og ransaka i dettte, men fann ikkje den endelege tydinga. Dei spurde etter kva tid profetiane tala om. Var det lenge til? Og dinest korleis den tida var. A. Barnes nemner at ordet kan omsetjast med "kven, kva slags person" ordet talar om. Dei tenkte altså slik: kven er Messias, og kva tid kjem han?

Det var serleg Kristi liding dei tenkte på. Kanskje nokre av dei faktisk skjøna at Kristi liding var det største? Her tenkjer me helst på Jes. 53. Her er forsoninga hovudsaka, Messias skulle ta på seg all verda si skuld. Men dei såg og noko av herlegdomen etter dette.

c) Dei såg noko meir: at dette ikkje var for dei. Det dei tala om var for ei anna tid, v. 12. Det tyder altså at GT er for oss og talar om den evangeliske tida.

d) Englane lengtar etter å få sjå inn i evangeliet. Dei er utan synd og skjønar ikkje kva ordet om soning og syndforlating er. Dette syner at evangeliet er stort, så stort at himmelske englar ynskjer å forstå det. Engalne veit litt om dette, men kjernen i evangeliet er ukjent. "For de som ikke kjente synd, ei ser hva frelse er."

2. Guds ord er evig, v. 23.25.

Guds ord frelste oss, det har kraft i seg til å føde ein syndar på nytt. Det er motsett av alt det jordiske og menneskelege. Verda er likna med gras, v. 24.

Ordet er derimot ein uforgjenegeleg sæd, det lever og varer evig. Guds ord står om alt anna forgår. Ingen kan utrydda det, sjølv om mange har freista ned gjennom tidene.

Hebr. 4, 12 seier og det er eit levande ord, og at det er kraftig. Det gir liv, slik Jesu ord gav den døde Lasarus livet attende, Joh. 11, 43. Der sa Jesus berre desse orda: Lasarus, kom ut.

Slik kan Guds ord gi ny von til den verste syndar og skapa eit nytt liv hjå farisearen og hyklaren.

Slik Gud er levande og evig, vil Guds barn vere det. Det er sanningsordet, Jak. 1, 18.

At det er evig tyder både at det har same aktualitet som før, og at det er like sant som før. Ei ny tid kan ikkje redusera Guds ord. Den same Gud har den same bodskap til alle menneske.

Dette ordet er evangeliet, v. 25. Han viser til ordet i Jes. 40, 6ff som han har sitert. Dette viser samanhengen mellom GT og NT. Begge stader finn me evangeliet.

3. Guds ord er mat for sjela, kap. 2, 2.

Jesus sa at menneske lever ikkje av brød aleine, men av kvart Guds ord, Mat. 4, 4. Jfr. 5. Mos. 8, 2-3. Me får her ei formaning til å lengta etter Ordet, fordi me treng det. Ordet for å lengta er sterkt.

a) Ordet er melk, dvs. næringsrik mat og heilt naudsynleg som for små born. Det er same sak Jesus talar om i Joh. 6, 51: det brødet eg vil gje er lekamen min som eg gjev til liv.

b) Den er ekte el. uforfalska. Det er eit sterkt uttrykk for at Bibelen er Guds sanne ord. Her tyder det at der ikkje er blanda opp med mennesketankar! Så snart eit Gudsord vert det, er det ubrukeleg.

c) Kvifor er dette så naudsynleg for oss? Jo, seier Peter: ved det kan me veksa til frelsa er nådd. Frelse tyder her den endelege frelse i Guds himmel, slik kap. 1, 9. I den tida me lever som kristne på denne jorda, talar ordet om vokster for ein kristen, jfr. 2. Pet. 3, 18.

Me kan aldri veksa oss fram til å bli kristne. Me må fødast til det. Men me kan veksa som kristne. Og denne vekst har med kunnskap å gjera, eit betre liv som kristen, om større teneste og eit djupare og meir inderleg samfunn med Gud.

Då treng me næring.

4. Difor må Ordet forkynnast rett, kap. 4, 11.

Den som forkynner, må forkynna som Guds ord, elles fører dei folket vill. La ordet står klårt og skarpt slik det eigentleg er. Olaf Lie seier: "Det skal han gjøre på den mest samvittighetsfulle måte, slik at han ikke blander det opp med sine egne og andres tanker."

Det skjer nokre gonger nå. Talen vert meir menneskeord enn bodskap frå Gud. Også vårt personlege vitnemål skal vere i samsvar med Bibelen. Ikkje alt me opplever som menneske stemmer med Guds tale, og difor skal det ikkje fram som døme på kristenliv. Det er berre når det stemmer med Bibelen, at det har kraft og har kvass egg.

Dette er ordet om synd og nåde, om himmel og helvete, om Jesu blod og siger og korleis eit menenske skal verta frelst. Alt dreier seg om det. Difor må alle høyra ordet, om han som døydde for alle, kap. 3, 18.

VI. EIT HEILAGT LIV.

Kap. 1, 13-17.

I dette avsnittet finn nokre av dei sterkaste ord om kristenlivet. Peter skriv både om Jesus død som grunnlaget for kristen tru, om Guds ord der me finn ordet om frelsa, om atterfødinga og målet for trua. Nå kjem han til sjølve livet. Korleis skal eg leva det?

Då talar han om eit heilagt liv. Og det er ikkje sjølvsagt for oss. Det kjem ikkje automatisk om eg har ei sann tru på Ordet og er blitt fødd til nytt liv. Nei, "her gjelder kjempe, ja trenge seg fram, ellers ei himlen du vinner".

Ordet heilag har to sider: utskild frå verda og innvigd til Gud. Sundag kallar me ein heilag-dag, og det illustrerar godt dette ordet. Denne dagen skulle vere utskild frå dei andre dagane og ikkje nyttast til arbeid og pengejag. Den skulle derimot vere innvigd til Guds ord og samværet med dei truande. - Men er den alltid det? Slik er det og med det heilage livet for ein kristen. Gud har ei meining med det.

Spørsmålet vert nå: når Jesus sitt mål med oss? For å hjelpa oss i det, kjem apostelen nå med fleire formaningar til dei truande. Og målet er eit heilagt liv her på jord.

1. I Kristus er me heilage og fullkomne.

Dette kan me kalla den objektive helging, og den gjeld for Gud og er synleg i himmelen. Det er ein skjult løyndom, men openberra for trua. Me får del i Guds helging, Hebr. 12, 10. I denne meining er alle kristne 100 % fullkomne, me er heilt innvigd til Gud. Det manglar ingen ting.

Det er dette Pontoppidan skriv om slik: "Gud av bare nåde frikjenner en botferdig og troende synder både fra synden og dens straff, og i stedet tilregner ham Kristi rettferdighet. Ja, anser ham i Kristus som om han aldri hadde syndet." Han skriv om dette under rettferdiggjeringa, men han reknar det som ein del av sjølve helginga i vid meining (sp. 486).

Og me har mange skriftord som seier dette. I vår tekst v. 15-16 skriv Peter at Gud er heilag, difor skal me vere heilage. Det er sitat frå 3. Mos. 19, 2 og 11, 44. Det var skrive til israelittar, og her viser Peter at det same gjeld oss kristne. Om dette seier Luther til denne teksten: "Avdi eg er din Herre og Gud, og de er mitt folk, må de vere lik meg... La Gud åleine regjere, leve og arbeide i dykk. Då er de heilage slik Han er heilag."

Paulus skriv til dei kristne i Efesus og seier: Til dei heilage i Efesus - som trur på Kristus (Ef. 1,1). Dei heilage er altså dei som trur på Kristus. Det same ser me i 1. Kor. 1,2. Der kallar han dei kristne "de som er helga i Kristus Jesus, de heilage som er kalla". Og me veit at dei kristne der ikkje var fullkomne i livet. Likevel var dei heilage. Og løyndomen til det finn me i 1. Kor. 1, 30: Kristus Jesus .. har vorte vår helging.

Jesus død og forsoning gjorde oss heilage. "På grunn av denne viljen er vi helga ved at Jesu Kristi lekam vart ofra ein gong for alle", og "med eit einaste offer har han for alltid gjort dei som vert helga, fullkomne" (Hebr. 10, 10. 14). "Hva Jesus har meg givet, gjør meg for Gud så kjær." Det er han som er vår helging, og me har ikkje ære av det. Det er oppfylling av hans bøn: "Eg helgar meg for dei, so dei og skal vera helga i sanning" (Joh. 17, 19 NO-38). Denne bøna er oppfylt. Me er fullstendig frelst i Jesus og "lik" Gud i denne meining.

2. Me vert oppmoda til å leve heilag.

Den objektive helging er berre synleg for Gud. Våre naboar og arbeidskameratar legg ikkje merke til det. Dei ser kvardagslivet vårt. Det er om dette den gamle klokkarbøna vart beden kvar sundag: Å forbetra meg kvar dag i eit heilag liv. Og det er dette Peter skriv om i v. 13f.

Om dette skal me seia to ting nå:

a) Me vert aldri ferdig med det. Det er ein prosess som varer livet ut. Eg må stadig vidare i dette. Slik heilag tyder å vere utskild og innvigd, vil kristenlivet alltid vere prega av å skilja lag med det verdslege og ei ny innviing til Gud. Det verdslege er ei gift for kristne som lett tek livet av oss.

Denne sida ved helginga er då å "bli betre" i det ytre. Me blir aldri betre eller gode nok i høve til frelsa. Den er og blir av nåde for Kristi skuld. Men vårt ytre liv kan bli betre. Her må me leggja av syndige vanar og feil som øydelegge for oss sjølve og for andre. Det gamle menneske, "kjøtet", skal leggjast og døy, og me skal kle oss i det nye, seier ordet. Ef. 4, 22. 24; Kol. 3, 5-8.12. Det tyder å leva etter Guds vilje og la vår eigen vilje døy. Dette har me for lite av i vår tid. Mange deggar for mykje med sin eigen vilje og lyst.

Og dette er sumen av Peter sine ord: De skal vere heilage, v. 16. Blir me nokon gong ferdige med det? I Hebr. 12, 14 er skrive: "Streva etter helging". Utan denne kampen vil gudslivet døy. Her skal me altså lære oss å vere nøye i pengesaker, med orda våre og vreiden. Tida vår er Guds eigedom, det er kjenslene våre og alt me elles eig. Peter nyttar fleire ord her:

1) Spenn beltet om livet, v. 13. Dei nytta lange, vide kjortlar på den tida, og dei kunne hindra ein rask gang eller arbeidet. Difor måtte dei binda kjortelen opp med beltet. Jfr. Ef. 6, 14. Slik skal ein kristen alltid vere rede til å gå for Jesus og vere i teneste for han. Kanskje ville me heller sagt det slik: brett opp armane og ta fatt. Denne formaninga viser til sinnet, om å vere budde i tanke og hug. Det tyder at vår tanke og hjarte ikkje må vere bunde eller påverka av denne verda.

Luther har ei anna forklaring av dette ordet. Han seier at kjelda for avkomet (barna) er livet ("lenda"), og difor talar ordet om reinleik. Slik ei jomfru er fysisk rein og skuldfri, er sjela åndeleg rein ved trua. Ved den vert ho Kristi brud. Men hvis ein fell frå i falsk lære, vert ein øydelagd. Difor vert avgudsdyrking av vantro kalla hor i Bibelen.

2) Dinest talar ordet å vere vakne (NO-85) eller edrue (NO-38). Å vere edru tyder å ikkje drikke vin eller alkohol. Så sant som det er, viser vel også dette ordet til vårt sinn og tanke. Men det er eit godt bilete: alkohol tek bort kontrollen over oss. Ein full mann kan gjera dumme ting han seinare tregar sårt på. Han hadde ikkje evne til å sjå konsekvensane av det han gjorde og let seg riva med av eigne og andre sine idear.

Åndeleg edru er den som har kontroll over syndelystene og ikkje let impulsar styra livet. Han er korkje i religiøs ekstase eller moralsk uansvarleg. Han vaker over sitt eige liv. Å vere edru og vake er to sider ved same sak. "Den som er rett edru og våken, som uforstyrret og uanfektet av denne verdens ting, er stille for Gud og med samlet sinn, kaster av kjødets treghet og river seg løs fra sin egen ånds innbilning, og vender alle sitt sinns krefter til den himmelske arven, sitt tros mål som er sjelens frelse" (W. F. Besser).

3) Vidare skulle me setja vår von til den nåden me får når Kristus kjem att. Han meiner at dei ikkje må bli trøytte og gje opp når prøvingane kjem. Og dei måtte ikkje missa vona som evangeliet gjev, men halde fast ved vona om endeleg frelse så lenge dei er på jord. Ei bibelsk von er noko meir enn eit ynskje eller ein draum om å nå fram.

Alle desse tre formaningane skal verka samstundes: Me både spenn beltet om livet, er vakne og edrue og held vona levande. 4) Ei fjerde formaning fylgjer nå: me skal vere lydige born, v. 14. Og her er me kanskje inne i kjernen av den praktiske, kvardagslege helginga. Som ufrelste var me ulydige og vantruande. Som kristne er me fødde på nytt inn i Guds familie og har fått Gud til Far med hans natur (2. Pet, 1, 4). Av det fylgjer at det skulle vere naturleg for oss å lyde vår himmelske Far. Born kan vere ulydige og vrange, det er heller ikkje ukjent for Guds born. Difor kjem ei oppmoding her som seier: De er faktisk lydige born, avdi trua er lydnad, som Luther understrekar. Men då er det viktig, seier Peter, at de ikkje lenger fylgjer dei syndige lystene slik som før. Meininga er den same som i Rom. 12, 1-2: Skikka dykk ikkje lik denne verda. Det er ikkje dei verdslege som skal setje standarden for Guds born. Det skal Bibelen og Guds vilje gjera.

Me legg merke til at dei sterke orda om helging kjem umedelbart etter talen til lydige born. Denne sida ved helginga er lydnad mot Gud og hans vilje. Så skarpt må me seia det. Den som altså foraktar formaninga til eit nytt liv, kan ikkje leva i helginga.

5) Ein ting til nemner Peter: Ferdast i age for Gud den tid de er her som framande, v. 17. Dette kjem rett etter orda om helging. Den som har rett age for Gud, vil vere lydig. Misser me agen for Gud, lukkar han oss ute frå sitt rike og arven. Ef. 5, 5. 2. Kor. 5, 10. Gud dømer utan å ta omsyn til menneske. Gud er upartisk og 100 % rettferdig.

Mest heile resten av brevet er nå ei vidare forklaring på det heilage livet, til kap. 5, 11. Peter talar om korleis me må leggja av synda og leva eit rett liv både i samfunnet og i heimen og mellom dei kristne. Vår sorg som kristne er at det lukkast så syrgjeleg lite. Me har så mange svikt i kvardagskristendomen vår.

3. Ei endeleg helging i himmelen.

Når Jesus Kristus openberrar seg, skriv Peter i v. 13. Då vil mange ting henda. I denne samanhang skal me berre peika på temaet helging.

For Guds åsyn er me fullkomne, for oss sjølv og andre menneske er det ei skjult helging. Og den er det ikkje brist ved. I vårt kvardagsliv eig me derimot ei heller skrøpeleg helging full av brist. Det er vår erfaring som me berre må vedgå.

Når Jesus kjem att og me skal til himmelen, skjer derimot noko. Då vil den fullkomne himmelske helginga bli vår erfaring! Me vert også fullkomne i gjerning og kvardagsliv. Det veit me m. a. av ordet i 1. Joh. 3, 2: "Vi veit at når han openberrar seg, skal vi verta han like, for vi skal sjå han som han er." Då opplever me frelsa si fylde og får svaret på alt. Her er mange uløyste gåter i livet, og me ventar på mange svar.

Dette hadde W. A. Wexels sett inn i då han skreiv:

Tenk når engang jeg uten synd skal leve,

hver tanke ren, hver gjerning uten brist,

når aldri jeg behøver mer å beve

for muligheten av en syndig lyst.

VII. KJØPT FRI.

Kap. 1, 18-19.

Desse sterke orda om at mer frikjøpt med Jesu blod, er eigentleg eit argument for det kristne liv i versa framfor. Og det er sant: her ligg framom alt krafta til eit heilagt liv. A. Barnes seier om dette verset slik: "Det finst ikkje ein meir effektiv veg til å få dei sanne kristne til å helga seg heilt til Gud, enn å visa til at dei ikkje tilhøyrer seg sjølv, men er blitt kjøpt med Kristi blod."

I dette avsnittet vil me nå sjå litt på dette mektige grunnlaget for eit sant kristenliv: Jesu blod og død. Det står alltid i relasjon til synd. Difor får me to hovudemne her: synd og frelse.

1. Synda.

Synda er det største problem i verda. Ingen ting er så alvorleg som det, og ingen ting får slike konsekvensar. Likevel opplever me at mange ikkje vil tala om det eller ynskjer å få eit bibelsk rett syn på saka. Men slik vil ein og lura seg sjølv.

a) Me er syndarar ved arv. Det lærer Peter oss her, v. 18: det tome livet de arva frå fedrane. Her vert me førde attende til Adam i Edens hage og syndefallet. Det er ikkje berre tale om ein påverknad av dei nålevande eller næraste fedrane. Det er tale om ein arv i kjøt og sinn. Eitt menneskes fall vart til fordøming for alle menneske, skriv Paulus (Rom. 5, 18). Då Adam og Eva tok av frukta på treet, vart dei skilde frå Gud og jaga ut or hagen. Det tyder at me er utafor Guds rike frå fødselen av. Av natur er me fiendar av Gud. Sjølve vår natur er syndig og urein. Og korleis kan ei slik natur (kjøtet) gjera det som er rett? Om me ville gjera det gode, kunne me det ikkje. Natura vår var ikkje bra nok og ikkje i stand til å gjera noko godt som held prøve for Gud.

Så alvorleg er synda.

b) Og denne syndige natur fører til syndig handling. Kjøtet hindrar oss ikkje berre i å gjera det gode. Me gjer også det vonde. Peter visste det, han hadde prøvd det sjølv.

2. Frelsesgrunnen.

Jesus har frelst oss frå synda. Det kjem tydeleg fram i dette ordet: Me er kjøpte fri, ikkje med forgjengelege ting, sølv eller gull, men med Kristi dyre blod. Han var offerlammet som gav seg sjølv for heile menneskeslekta. Dette tyder:

Jesu død er vår frelsesgrunn. Då han hang på krossen, sona han all synd og skuld og betalte skuldbrevet. Ingen ting vart utelete. Fleire ord i dette brevet syner det. Og det forklarar oversprenginga (v. 2) så langt det går an med ord.

Me er frikjøpt og prisen er høg, kap. 1, 18-19.

Det fanst ingen ting på jord som kunne betala våre synder eller løysa oss ut or treldomen under synda og lova. Det tyder orda "forgjengeleg ting, sølv eller gull". Vår dårlege ferd er syndelivet vårt og kjøtet - det var arva frå fedrane. Her må det vere tale om arvesynda. Det har mindre med miljø og dårleg arv etter våre næraste fedrar å gjera. Det peikar attende til Adam og syndefallet i Eden. Det er same sak som Ef. 2, 2-3: Me var av natur vreidens barn. Og den har teke makta over menneske slik at me gjer synd og vil synda. Me er trelar under synd.

Og trælen måtte kjøpast fri. Difor er ordet her nettopp det ordet som er nytta om slik handel (lytron). Kristi dyre blod var "betaling" og det løyste oss ut og sette oss i fridom. Jesus var offerlammet, det einaste ulastande og lytelause i verda. Ofringane i GT var bilder på det og peika fram mot det siste offer som skulle koma. Jes. 53. Joh. 1, 29. Her var det Guds Son som måtte døy for ugudelege. Difor var prisen så høg. Og difor kan Peter skriva i neste brev om "den dyre tru", 2. Pet 1, 1. Den er bygt på det største offer i verda: at Gud gav sin eigen Son for syndarar. Men Jesus sigra over synda og døden: Gud vekte han opp frå dei døde og ga han herlegdom, v. 20-21. Ja, han var før verda vart skapt og vart openberra for vår skuld. Jesus var evig avdi han var Gud. Difor kunne ikkje døden halda på han. Apg. 2, 24.

Seinare i brevet finn me fleire andre ord som talar om frelsa og kva Jesus gjorde for oss, kap. 2, 24; 3, 18; 4, 1. Det er grunnvollen for trua og det eigentlege innhaldet i kristendommen. Det er dette me må byggja på og halda fast ved. Då står me djevelen imot, kap. 5, 8-9.

Kap. 2.

Kap. 3.

Kap. 4.

Kap. 5.

1.Pet 5,1-4. Formaning til eldre.

1.Pet 5,5-7. Formaning til unge og alle.

Før har Peter formana dei eldre. Her kjem han med ei kort formaning til dei unge og så til alle kristne.

A. Til dei unge seier han: Dei skal underordna seg dei eldre, Dette har aldri vore serleg popolært, korkje for unge eller eldre. Men det er ei Guds ordning sjølv om ho er vanskeleg å fylgja. Det tyder ikkje blind lydnad.- Men det innber nok ein større vyrdnad og respekt for eldre enn det som er vanleg i vår tid. Her står eldre i motsetnad til yngre og går vel då på alder og ikkje på stilling i kyrkja. Hovudsaka her som elles er å leva etter Guds vilje og hans ord. Då går det oss vel.

B. Til alle. Her er overskrifta "Gud" og vårt tilhøve til han. Peter seier fleire ting om Gud her:

1. Gud er til. Det er sjølvsagt i Bibelen og for for eit pargenerasjonar sidan. Nå sår ein tvil og forakt for tanken på Gud. Humanetikarane går sterkt fram her. Gamle folk står fram i TV og blader og seier dei trur ikkje på Gud. Dei er religiøse, men vil ikkje ha noko med Bibelens Gud. Då er dei gudlause. Salme 14,1 seier det er dårskap. Salme 10,4 seier det ikkje er rom for Gud i deira planar. Der er det berre rom for deira eigne tankar og menneskeplanar.

Me gjer vel i å rekna med Gud. Og det er viktig å ha eit rett syn på Gud, elles trur folk lett på ein draum og sjølvlaga tanke. Og me finn Gud berre i Bibelen. Der møter du openberringa av Gud. han har vist seg for menneska - i Sonen sin.

Det vil aldri går vel med dei som foraktar eller snur seg bort frå sin Skapar.

2. Gud står dei stolte imot. Det same seier Jak. kap.4,6 som siterer Ordspr. 3,34. Å vera stolt er å ha høge tankar om seg sjølv, om det han er, har og gjer. Å vera stolt eller overmodig er å tenkja høgt og stort som seg sjølv i sitt hjarta. Det er ikkje sikkert du seier det til nokon. Men kva seier du til deg sjølv? Når me er for Gud, tryder det at me treng han ikkje. Me skal klara oss sjølve, me skal ta ansvar for våre eigne handlingar, heiter det i dag.

Eller me berre treng litt hjelp frå Gud, i tillegg til det me gjer sjølv. Og det er like fårleg. Det viser at me ikkje har sett djupt nok inn i vårt eige hjarta. Me er så djupt falne at me ikkje kan gjera noko som helst. Og stolthet avlar ny stolthet og fører oss lenger bort frå Gud.

Mennesket er fødd stolte. det er ei frukt av fallet og ein del av synda sitt vesen. Difor må me alle audmjuka oss. det er å bøya oss, erkjenna synda og be om nåde. Ydmykhet løyser altså våre problem, for det fører oss inn i Guds nærleik i erkjenning. Det ventar Gud på.

3. Gud gir nåde. Men berre til den audmjuke. I Luk 18,13 møter me tollmannen som ber: Gud ver meg syndar nådig. Det er vegen til frelse. han gjekk rettferdig heim den dagen. For Gud slapp til med si frelse. Det stolte sinn stenger for Gud, slik det hende med fariseraren. - I Luk 7 møter me ei kvinne. Ho var ein syndar, men kom til Jesus utan å forsvara seg sjølv eller bortforklara si synd, v.37. Det var grunnen til at Jesus kunen seia: Dine synder er tilgjevne, v. 48.

Dei som har små tankar om seg sjølv, er fattige i ånda, Mat.5,3, og erkjenner sin fortapte stilling, kan bli frelst. Dei finn ingen ting av verdi i sitt liv. Dei har dei same tankar som Paulus: Eg veit at i meg, i kjøtet mitt, bur ikkje noko godt. Rom. 7,18. Det seier også prof. Jesaja 57,15: Gud bur i det høge og heilage - og hjå den som er knust i ånda. Gud har eit stort arbeid med å visa oss korleis me er og på den måte knusa alle tankar om å berga seg sjølv, eller å hjelpa til med frelsa. David seier i Salme 103,11b at Guds miskunn er mektig over dei som ottast han. Men det er berre dei som har sitt seg sjølv i lys av Guds ord, som ottast Gud. Den høgmodige gjer ikkje det. Han synest han har litt å rosa seg av.

Men desse små og fattige får nåde av Gud. Det tyder at dei blir frelste utan forteneste, utan gbetaling av noko slag,utan offer og gode gjerningar og ei endelaus rekke avbetalingar. Alt var gratis, ved å tru på Jesus. Heile frelsesverket vart mitt i denne stunda. Fri syndeskuld og dom. Difor er det salig å vera fattig og liten. Men "det fortjente ikke jeg".

4. Gud opphøgjer sine.

I hans time skjer det.

1.Pet. 5,8-9. Djevelen.

Me skal vaka og vera edrue. Det tyder å vera oppmerksam, fylgja med, vera klår i tanken, ikkje la oss berusa eller riva med i denne tida og det som møter oss i samfunnet. - For me er ikkje framme ennå, me har ikkje nådd fram til himmelen. Me er i verda. Og der er Satan vår motstandar. Han kallast og namnet Djevel som tyder baktalar. Det er talande namn.

1. Pet. 5,10-12; 4,10. All nådes Gud.

I 1977 kom det ut ei bok om Mawson som reiste til Sydpolen i 1913. Han kom til polpunktet, men på vegen attende fraus han i hel. Siste kvelden skreiv han og i dagboka si. Den vart funnen att seinare, og slik veit me korleis han hadde det. Boka om Mawson heitte: Landet utan nåde. Her var det ingen veg attende, ingen snarveg eller naudutgang. Døden innhenta Mawson.

I Guds rike heiter det derimot: Alt er av nåde. Nåde tyder gratis, ufortent, som gåve - av Gud. Difor talar Paulus om “Nådens evangelium” i Apg. 20, 24. For evangeliet er det Gud har gjort og gjer for oss.

Og han er ikkje sparsom på sin nåde. I kap. 4, 10 heiter det: Guds mangfoldige nåde. Her er mange slags nåde avdi det er mange slags vanskar for oss menneske. Det er som ein forretningsmann. Han har mange ting i hyllene sine som folk treng eller må ha. Og han har meir ute på lageret. Går det tomt i hylla, går han ut på lageret og finn meir. Det er alltid nok hjå Gud - av alle slag. Her skal me tala litt om nokre av dei mange sidene ved Guds nåde, om den sanne nåde som Guds barn står i.

1. Golgata er det første, sjå 2, 24 og 3, 18 og 1, 18-19. Peter skriv tydeleg at me er kjøpt med blodet frå Golgata, og der bar han våre synder opp på korset og slik førte oss fram til Gud. Men menneska ville ikkje dette, dei spurte ikkje etter korset og ville ikkje ha den forsnong Gud ville gi. Og me fortente det heller ikkje.

For menneske vil etter si natur synda, ja, berre sydna. For natura er vond. Syndefallet i Eden, 1. Mos. 3, førte alle menneske på veg til fortapinga. I oss sjølve er me redingslaust fortapte, og Guds dom kviler over alle på jord.

Då kom dei gode nyheter: Ein annan vart dømd i vår stad.Utan hjelp frå oss og utan vår vilje gjekk han til korset. Det var faktisk heidningar som dømde han og slik var den ytre reidskapen til at synda vart betalt, sjølv om det er ein vanskeleg seiemåte. Slik var Golgata ein nådeshandling av Gud. Det som var umogeleg for oss, det gjorde Gud -på alle måtar.

2. Kallet er det andre her. Kallet frå Gud til frelse og omvending er rein nåde. Det er ikkje sjølvsagt at me skulle fåhøyra om det. Tenk på dei mange millionar som aldri fekk høyra. Då er kallet stor nåde for oss.

Og me gjekk bort frå Gud. Det er oss alle han talar om i Luk. 15. Me er sølvpenningen som kom bort, me er den tapte sauen, og me er guten som gjekk ut i synda og øydela alt for oss sjølve. Men til oss lydde og ropet: Søk Herren medan han er å finna. Jes. 55, 6. Eigentleg kunne me ikkje det og ville ikkje venda om. Me var bundne i synda sine lekkjer og elska synda.

Då kom kallet - midt i syndelivet. Det var uventa og ufortent.

I Kineseren 1923 står ei lita forteljing - på leiarplass. Ei kristen enkje dreiv ein liten butikk i ein småby. I bakrommet hadde ho eit lite kontor der ho førte bøkene og skreiv rekningar. Vesle Hans var son hennar, og han hadde ofte sett mor skrive. Ein dag fann mot ein liten lapp på tallerken sin der det stod: Frå Han til mor. For å ha bore ved og kol - kr. 0,50. For å ha gått ærend - kr. 0,50. For å ha vore snill - kr. 0, 35. I alt kr. 1, 35.

Mor tok desse pengane og gav Hans og han tok mot og var glad. Ei tid etter fann hans ein lapp på sin tallerken. Der stod: Frå mor til hans. For hus, klær og mat i 10 år - ingen ting. For pleie og stell i 10 år - ingen ting. For omsorg og kjærleik i 10 år - ingen ting. I alt: Ingen ting.

Då ga Hans penagne attende til mor og sa: Eg kan ikkje behalde dei. Det eg har gjort for deg, er ingen ting mot det du har gjort for meg.

Slik er nåden. Frelse er det Gud har gjort - me har ikkje gjort noko som helst.

Eg nynnar ofte på ein song: Å, jeg undres hvorfor Jesus stanset meg og opp meg tok. Han forlot meg alle synder, skrev mitt navn i livets bok. - Slik er det. Eg kan ikkje stoppa å undra meg over dette: Kvifor fekk eg kallet, eg ein av dei få i mi bygd og mellom dei eg gjekk på skulen med. Kvifor stansa du meg? Det var nåde.

3. Guds bevarande nåde er det tredje. Dei gamle tala om det. Han vil sørgja for oss i alle ting. Og Peter seier her: Han skal grunnfesta dykk, stadfeste og styrkje dykk. Han skal gjera oss faste slik at me byggjer på ordet og ikkje på oss sjølv eller det me føler. Dette har og blitt ei undring i mitt liv etter som åra går: At han fekk berga meg gjennom denne vonde verda. Her var mange fårar og freistingar. Det var ikkje mi forteneste. Det var eit under at slikt kunne henda.

Paulus seier til dei eldste frå Efesus i Apg. 20, 32: Nå overgir eg dykk til Gud og hans nådes ord. han kunne ikkje gjera meir. han hadde tala og formant. Nå la han dei over på Gud og hans ord og visste: det var nåde om dei nådde fram. Det må ofte ein talar gjera når han reiser frå bygd og by. Han gir folket over til Gud.

Etter ei kort tid med liding, sa Peter. Me må rekna med tronge tider som kristne. Aldri lova han berre sol og sumar. Jesus sa: han ber ikkej at Gud skal ta oss ut or verda, men at han varar oss gjennom verda. . For i verda har me trengsle, men han har vunne over verda, Joh. 17 og 16.

Mange lir av depresjonar nå, og dei kan ha mange årsaker. Me bør går til lege og spesialistar i slike høve. Dei kan hjelpa i mange høve. Likevel må me spørja: gløymer ikkje folk Gud midt i dette? Har du fått kvila i nåden, og tru at Jesus bevarer deg i alt? Stirer du på bylgjene i og omkring deg som Peter? I Mat. 14, 30 står det: Peter såg på uværer - og vart redd. Då sokk han. Den bevarande nåde seier: Sjå ikkje påproblema. Tenk på den Allmektige. Han har nåde nok, også i din situasjon. Då blir vanskane mindre enn nåden.

Salme 34, 5 seier: “Eg søkte Herren, og han svara meg, han fridde meg frå alt det som skremde meg. Og I Hebnr. 4, 15 står det: Me har ein øvsteprest som “kan ha medynk med oss i vår veikskap”, avdi han er prøvd i alt og kjenner oss heilt igjennom.

Me fell og syndar på mange måtar. Me har igrunnen stor ulyst til Guds ord og hans rike. Då er det godt å kunne syngja nr. 463: Rekk meg, o Jesus, din hjelpende hånd, når jeg er trett på min vei...- Lær meg å synge om Frelserens sår selv når det går meg imot.

4. Tenesten er og nåde. Peter seier her: Han skal dyktiggjøre deg. Når han gjer det, er og heile æra hans. Me ikkje noko av og i oss sjølv. Me kan ikkje tena Gud rett slik me er sjølv. Og me fortente ikkje å få tena han, vinna nokon, vera lys eller gjera noko som helst i Guds rike. Det kan vara oss frp hovmod og det kan gi frimod. Hvis tenesta er nåde, kan alle gå. Då krev han ikkje kvalifikasjonar av ypperste slag. Han ber oss berre vere lydige til kvar tid.

Det gjeld misjonæren og predikanten. Og det gjeld kva ein på heimstaden sin, her i bedehuset, i forening og misjonslag. Vil du vere med? Det er heile kvalifikasjonen han ser etter. Så utrustar han kvar ein med spesielle gaver etter som han treng det. All nådes Gud har kalla, då gir han og all nåde til dei som er kalla.

Songaren sier dette slik: Det er bare nåde å give sin tid og sitt liv i hans hånd. det er bare nåde å være et redskap i Mesterens hånd.

5. Himlen vert den siste nåde. Eg er viss om at me ser meir av nåden i det øyeblikk me stig inn porten enn me såg heile livet. Då vil me sanna: Det er nåde at eg får stige inn her. me opplever det Paulus skriv til korintarane: Det auga ikkje såg og øyra ikkje høyrde, og det som ikkje kom opp i noko menneskehjarte, det har Gud etla til dei som elskar han. 1. Kor. 2, 9. Dette ordet vert sanning her i livet i et godt samliv med Jesus. Men fullt og heilt vert det sanning i æva. Då opplever me noko me aldri drøymde om her på jord.

Det er målet for kallet: til sin evige herlegdom. Det kan kome liding på vegen dit, men det vert og nåde i lys av målet lenger framme.

Er det ditt mål? Har du funne fram og sessa deg like inn i nådens evangelium? Kallet lyder ennå. Det står ved lag det Meisteren gjorde. Den heilage byen har plass for deg og. Åp. 21, 1-2.

6. Men: Fortapinga for dei som ikkje tok imot - det er landet utan nåde. Helvete er eit nådelaust rike, eit evig isøde borte frå Guds godleik og nærleik. Eg tenkjer med gru på alle dei som ikkje har fått teke imot i tide. Livet er kort, anledningane kan bli få. Difor må me nytta dei som er. Du får ingen anledning etter døden. Nåden endar med livet. Difor er det rett å seia: Grip anledningen nu, ja grip anledningen nu. O sjel som er her, kanhende det er, den siste anledning du får.

Må Gud signe oss til å vera der det er nåde i nådetida.

Ingen kommentarer: