tirsdag 8. april 2008

Markus-evangeliet - del 2.

44)
Markus del II (kap. 9-16).

Kap. 9.
1. Jesus vert forklåra på berget, 1-10
.
Me veit ikkje sikkert kva fjell Jesus var på denne gongen – det var eit høgt fjell, v. 2. Etter tradisjonen var det Tabor i Galilea utan at me veit det sikkert. Det vesentlege er kva som hende der på berget. Jesus tok med seg dei tre næraste venene. Der vart han ”forklåra for augo deira”.

Det var ein spesiell dag for Jesus, men ikkje mindre for dei tre læresveinane. Her møtte dei to representantar for den gamle pakta, Moses og Elias. Moses var lovgjevaren frå Sinai og den mektige føraraen av folket gjennom øydemarka. Alle jødar kjende han frå Skriftene. Og dei kjende lova med bod og reglar.

Elias var representant for profetane. Dei hadde tala og skrive mykje om Han som skulle koma. Dei som venta på Messias (Luk. 2, 25), gjorde det på grunnlag av Skrifta. Profetane har mange ord om ein Frelsar – som Jes. 7, 14 og 9, 6 og 53.

Nå var Messias komen. Desse tre unge mennene møtte altså lova og profetane og Messias, så å seia heile openberringa. Der vart Jesus forklåra – dvs. han vart innhylla i den herlegdom som berre Gud har, v. 7. Og ut frå denne skya tala Gud sjølv og sa: Han er Son min – høyr han! Den gamle pakta var nå over – nå var Jesus hovudpersonen.

Skya var truleg den herlegdomen som fylgde Israel ut frå Egypt og i øydemarka. Den vert kalla Shekina og låg over Nådestolen i templet. Den var symbolet på Gud som dei ikkje kunne sjå: ”Der vil eg tala med,” 2. Mos. 25, 22.

Her er det godt å vera, sa Peter, v. 5. Han ville byggja hytter til dei og forlenga opphaldet. Han hadde ikkje skjøna kva som hende. Straks er dei to andre borte. Dei såg opp – og berre Jesus var att. Slik er livet som kristen: Det er berre Jesus – ”han er frelser min”.

45)
2. Han talar til læresveinane om Elias, 11-13.
Jesus måtte forklara litt om Elias. Farisearane kjende Skriftene og visste at han måtte koma først og rydda veg for Messias. Mal. 4, 5. Nå har Jesus nett sagt at han er komen som oppfylling av profetiane i GT.

Farisearane meinte det ikkje kunne vera sant, av di Elias ikkje var komen. Logikken er klar nok ut frå det dei skjøna. Nå vil Jesus visa sine at farisearane tok feil her: Elias er komen – men under eit anna namn. Døyparen Johannes var ”Elias”, Mat. 11, 13-14.

Men før Jesus seier at Elias (Johannes) er komen, kjem eit innskot om han sjølv: han skulle lida. Læresveinane tenkte kanskje at Elias sitt verk gjorde at Jesus ikkje trong lida, slik ein skriv (Walwoords forklaring).

Men Johannes måtte og lida – dei gjorde med han alt dei ville, v. 13. Dei rydda han av vegen. Så legg Markus til: ”Som det står skrive om han.” Det står altså noko om at Døyparen skal lida. Det som hende med den første Elias, står då som eit førebilete på det som hende med den andre ”Elias”, som S. Odland skriv.

Bo Giertz og Studiebibelen har óg den forklaringa. Det er den løyndomen korkje farisearane eller læresveinane på denne tida skjøna. Slik Elias vart forkasta av Akab og Jesabel, vart Johannes forkasta av Herodes og Herodias. Men i tillegg seier Jesus at han óg skal lida og døy. Og det var nett slik han oppfylte Guds frelsesplan og sona verda si synd.


46)
3. Han lækjer ein forgjord gut, 14-29.
Då Jesus og dei tre venene kom ned av fjellet og møtte dei andre, såg dei ein heil skare med folk og farisearar. Dei var i full diskusjon om kvifor læresveinane ikkje kunne lækja ein sjuk gut. Jesus hadde jo gjort det mange gonger.

I dette stykket er det kamp mellom tru og vantru, Guds Ande og sjukdomen. Men det er klårt at det ikkje berre er tale om ein lekamleg sjukdom, som å vera stum. Den mållause ånda måtte drivast ut (v. 18), på ein heilt spesiell måte (v. 29).

I dette tilfelle var det vonde ånder med i spelet. Og den tok tak i guten, sleit i han slik at han froda og skar tenner og visna bort. Ofte vart han kasta i eld og vatn og vart skada. Guten hadde eit vanskeleg liv, truleg utan at han hadde skuld i det. Ei Guds kraft måtte til for å berga han.

Faren hadde ei tru på at Jesus kunne hjelpa han betre enn læresveinane. Han vedkjenner seg trua, v. 24. Og det er eit stort steg for å få hjelp. Men han kjende nok på hjelpeløysa og. Kven kjenner forresten ikkje på det i vanskelege stunder? Difor har han ei sterk bøn: Hjelp mi vantru! Slik skal me få ropa til Herren i våre vanskar: Å koma til Jesus med den tillit med har – og be om meir.

Jesus gjorde verket fullstendig. Han hadde Guds kraft i seg. Sjølv om dei meinte han var død, reiste Jesus han opp. Etterpå tala han med læresveinane: Her må det både bøn og faste til. Bøna er å venda seg til Gud etter hjelp. Faste er både å halda seg frå mat og nytingar og berre leva i Guds nærleik. Men det kan og tyda her å sleppa all tanke på eigne krefter og evner – og berre rekna med Jesu makt.


47)
4. Jesus forkynner at han skal døy og standa opp att, 30-32.
Dette er andre gong at Jesus talar med læresveinane om si liding. Han visste at dei lærte seint om dette, sjølv om dei elels var kvikke nok. Dei kunne ikkje tenkja seg at slikt kunne henda Han.

Dei reiste gjennom Galilea, den nore delen av Israel. Nå nærma påsken seg og Jesus ville ha ro. Han måtte førebu seg sjølv på den siste reisa. Motstanden mot han auka nå.

Ein annan viktig grunn til at han ville vera anonym, var at nå måtte han tala særleg med læresveinane. Han sa nok meir til dei enn det som er notert her. Men det var sikkert hovudsaka. Skulle han alltid vera saman med folket, ville tida gå med til å lækja sjuke. Det var dei mest opptekne av.

Først skulle han gjevast over til menneska. Han var Guds reine Son. Nå skulle den falne menneskeætta ta seg av han. Han visste at Judas ville svika han. Korleis tenkte han då han lytta til Jesu ord?

Dei skulle drepa han. Han visste at korsfestinga var grusom og pinefull. Jesus var eit menneske og visste det var vondt. I tillegg skulle han bera den tyngste børa nokon har bore: Alle syndene i heile verda. Også dei styggaste og grovaste.

Oppstoda var det tredje. Det var lyset for han og vona for alle som ville tru. Det er ei dør ut frå døden: Jesus.

Likevel – det var uforståeleg for dei.


48)
5. Kven er størst? 33-37.
Heime i Kapernaum ville Jesus vita kva dei hadde tala om på vegen. Han visste det nok. Men nå måtte dei sjølv seia det. Nå rørte han ved eit sårt punkt hjå dei, og ingen ville svara. Dei skamma seg. For nå hadde store tankar vakse fram i dei, og kanskje ei rivalisering mellom dei tolv? Kven hadde den høgste stjerna hjå Jesus?

Peter, Jakob og Johannes hadde vore favorisert av Jesus, t. d. då dei var med han på berget. Kap. 9, 1-8). Ut frå dette var det menneskeleg at dei tenkte slik.

Nå tek Jesus seg tid til å tala ope med dei, om dette vanskelege punktet. Her viser han at i Guds rike er det heilt annleis og motsett av det jordiske. Det er slik på mange område.

Den store i Guds rike er den minste. Tenaren og slaven er den høgaste og viktigaste der. Det tyder den som tenkjer minst og sist på seg sjølv. Leiaren er den som stig ned og tek dei verste jobbane – det andre ikkje vil gjera.

Her nyttar han eit døme: Eit lite barn. Han tok det på armane og viste omsut og varme for det. Slik skal de vera mot kvarandre og mot alle, vil han seia dei.

Den største er ikkje den som søkjer etter å bli stor. Det er den som tener og hjelper alle, også dei små. For eigentleg er me alle små, det er berre slik at me ser det ikkje. Og nokre gonger vil me ikkje sjå det. Store draumar er eit slektsmerke på den falne natur.


49)
6. Jesus åtvarar mot blind ihuge, 38-41.
Ein ny og heilt unik situasjon kjem nå. Læresveinane har oppdaga noko nytt, og denne gongen er det Johannes som er talsmann for dei. Til vanleg var det Peter som gjorde det. Dei trudde nok at dei tolv var dei einaste som fylgde Jesus og gjorde under i hans namn.

Men så hadde dei møtt ein som ikkje var i deira flokk, som dreiv ut vonde ånder i Jesu namn. Korleis skulle dei stilla seg til han? Var det eigentleg rett? Kanskje han var ein motstandar som ville Jesus vondt? Slik kan me ofte tenkja. Dei var harde mot mannen og forbaud han å gjera meir slikt.

Jesus var usamd. Gjer ikkje det! Her kjem han med det kjende ordet: Den som ikkje er imot oss, er med oss, v. 40. I Mat. 12, 30 er det nemnt slik: Den som ikkje er med meg, er imot meg. Men poenget er det same. Det går eit skilje mellom dei som er med og dei som er imot Jesus.

Men dei som er med han, treng ikkje vera i same gruppe eller arbeidslag. Arbeidar dei for Jesus, vil dei ikkje vera mot han eller banna namnet hans. Difor skal heller ikkje me kritisera andre arbeidarar i Guds rike utan grunn. Går dei mot Guds ord, er det ei anna sak.

I v. 41 kjem eit eineståande døme på teneste i Guds rike. Den er ikkje alltid stor eller synleg i menneskeaugo. Eit glas vatn til ein Guds ven er som å tena Jesus sjølv. Jfr. Mat. 10, 42. Og han legg til: Han skal få løn. Det må tyda at det er løn for alt arbeid i Guds rike, til og med noko så kvardagsleg som vatn til eit tørst. Alt som er gjort i Jesus namn og for hans skuld, har verd i Guds rike. La den tanken og få arbeida med oss.


50)
7. Han åtvarar og mot forføring, 42-50.
Men Jesus stansar ikkje ved det han sa i førre avsnitt om at me ikkje skulle nekta andre å tala om han. Her går han eit steg vidare. Det finst også dei som forfører andre i religiøse spørsmål- me skal ikkje ta alt for god fisk.

Ein av desse små kan visa attende til v. 36 der han tok eit lite barn som han sette mellom dei. Det var betre for dei som forførte eit barn åndeleg sett at det vart hengd ein kvernstein om halsen hans og kasta i havet. Den straffa som elles vi råma han, er langt, langt verre. Då er det tale om evig fortaping.

Det viser alvoret i å læra borna galt om den kristne trua. Mange politikarar har mykje å svara for i denne saka. Dei skal gjera rekneskap for lovar som er fiendtlege mot kristendom, lærarar som underviser feil om Bibel og kristentrua, prestar og forkynnarar som ikkje talar rett om frelse for borna m.m. Det var betre dei vart vanføre på kroppen enn å koma i helvete. Det seier Jesus rett ut, v. 43.

Det kan elles vera mykje som freistar oss til synd, både hand og fot og auga. Jesus gjev oss det rådet at me ikkje oppsøkjer freistinga, er varsame med der me går og det me gjer og ikkje minst det me ser. Auga er ein vid port for synder. I dag har alle rikt høve til å sjå mest alt. Det er ikkje berre NRK som stig inn i stova vår nå – kor tvilsam den ofte er. Nå får me heile verda både på TV-kanal og internett. Det er store framsteg i seg sjølv – men lett å misbruka. Difor tek folk lett skade i den nye tida.

Salt i v. 49-50 er tolka ulikt. Ein hovudtanke er: Ten Herren trass i vanære og liding. Berre då er me til nytte i Guds rike (Jfr. O. Modalsli). Og Jesus seier: ha salt i dykk sjølve: Vik ikkje av frå sanninga av di du då vert upopulær. Ta kostnaden ved å vera sann.

51)
II. Jesus i Judea, kap. 10-13.
Kap. 10.

1. Jesus talar om ekteskapet, 1-12.
Nå reiser Jesus og læresveinane sørover frå Galilea til Judea. Som vanleg kom mykje folk der han for fram. Heller ikkje er det uvanleg at farisearane møtte fram. Dei var konstante fiendar av Jesus. Målet deira var å freista han til å seia noko som dei kunne døma han for. Det ser ikkje ut til at dei prøvde å freista han til syndige gjerningar. Dei ville fanga han i ord.

Nå hadde dei eit delikat spørsmål til han, der jødane var svært liberale. Kva ville Jesus seia til skilsmisse? Det var lett for ein jødisk mann å skilja seg etter dei lærde si meining. Mest alt var grunn til det, som t.d. om kona svei maten eller han ikkje likte henne meir.

Korleis skal Jesus takla det? Som ved djevelen si freisting, viser han til Guds ord, v. 3. Det er alltid det beste svaret. Men dei slår til med eit anna skriftord – ein ikkje ukjend debatteknikk nå heller. Moses har sagt: det er lov å skilja seg. Dei hadde visst aldri tenkt på kvifor Moses sa det. Kva var grunnen til at Moses gjorde unntak.

Frå skapinga var det ikkje slik, sa Jesus. Der gjeld et klårt: Dei to skal vera eitt. Syndefallet gjorde slutt på all godleik i verda. Då fekk folket eit hardt hjarta, og det vil fylgja sine eigne lyster og synder.

Men det Gud har knytt saman i ekteskap, det skal me ikkje røra ved og skilja, v. 9. Den skilde som gifter seg om att, gjer seg skuldig i hor mot henne, v. 11. Og det er brot på Guds bod og vilje. Gjengifte fører til hor. Den regelen gjeld i dag og.

52)
2. Han velsignar småborn, 13-16.
Jesus er oppteken av borna. Dei er skuldfrie ytre sett og lette å såra. Folk visste at han var glad i dei – framtida for landet og Guds rike. Nå kom dei til Jesus med småborna sine. Og dei tenkte: Viss han vil røra ved dei, vil dei få noko godt. Det er uvisst kor klåre tankar folk flest hadde om dette.

Læresveinane kjende det som uro midt i den opplæringa Jesus hadde med dei. I alle høve var dei ikkje glad for det innslaget og truga mødrene bort. Jesus merka det, og då sa dei vidkjende orda. ”Lat dei små borna koma til meg, hindra dei ikkje! For Guds rike høyrer slike til.”

Dei små hadde same rett som Peter og Johannes. Dei må ikkje stengjast ute. Dei skal ha ein plass i himmelriket, desse små som trur på meg, kap. 9, 42. Trua er alltid inngangsporten i Guds rike.

Så snur Jesus på emnet: For å koma inn i Guds rike, må alle bli som små born. Han tenkjer sjølvsagt ikkje fysisk, men ”åndeleg”. Og det er visse kjennemerke på borna som Jesus truleg tenkjer på her.

Eit barn har ingen gode gjerningar å visa Gud. Det er full av tillit til andre og får lett kontakt både med gamle og unge og dyr. Og det treng hjelp til alt, særleg i byrjinga som speborn. Det ville døy om det kom åleine.

Det er slik med dykk alle, vil han seia. Skal de nå himmelen, må det bli små i dykk sjølve. Synda har smitta alt i oss, og me vil gjerne klara oss sjølve. Jesus seier nei. Kom som du er, overlat deg til meg. Så velsigna han dei, v. 16. Og den største velsigninga me har på jord, er frelse ved forlating for syndene. Har du kome slik?

53)
3. Han vitnar for den unge rikmannen om vegen til livet, 17-22.
Denne hendinga som kom straks etter, er eit godt døme på det Jesus har tala om borna ovafor. Nå får me ein illustrasjon på det.

Ein ung mann kjem springande imot dei. Det må ha vore litt om å gjera for han å få denne samtalen. Han bryr seg lite om kva andre seier, men kastar seg ned på kne framfor Jesus – mest som ein slave.

Spørsmålet hans er underleg. Han ber ikkje om hjelp til lekamen eller den sosiale situasjonen han er i. Han er oppteken av det evige livet. Kor fint det er at nokon er det! Altfor mange mellom oss satsar alt på dette jordiske livet og har ikkje tankar for det åndelege og evige.

Men mannen hadde mistydd noko heilt vesentleg og tala eigentleg mot seg sjølv, slik mange gjer. Han spør kva han skal gjera. Og det er ærleg tale. Men i same setning brukar han ordet ”erva”. Går det an å gjera noko for å få ein arv? Dei fleste veit at me er fødde til ein arv, eller me er tilgodesett i eit testamente. Men Jesus kommenterer ikkje det.

Mannen hadde sat: Gode meister. Og det er det Jesus brukar for å koma vidare. Han vil få mannen til å sjå at ingen er god. Berre Gud er det. Deretter viser han mannen til Mose lov og reknar opp nokre bod. Ja, seier mannen, alt det har eg halde frå eg var ung.

Kan det vera sant? Har nokon det, og kan nokon det? Jesus har vist i Bergpreika kor umogeleg det er. Men Jesus såg at mannen var ærleg og sann. Det var ikkje skryt, han hadde levd eit fint moralsk liv.

Men det mangla ein ting: Han var ikkje løyst frå alt i denne verda. Pengar og gods låste hjarta hans fast – og han gjekk bort frå Jesus. Kva heng du fast ved?

54)
4. Han vitnar og for læresveinane sine om kor fårleg rikdomen er, 23-27.
Jesus utdjupar nå emnet i samtalen med mannen. Nå vil han visa læresveinane kor fårleg rikdomen er. Ja, han seier: Det er vanskeleg for ein rik å bli frelst. Pengar og gods legg hindringar i vegen, for det bind hjarta slik at Gud ikkje kjem nær med kallet sitt.

Det skjøna ikkje læresveinane. Dei vart forstøkte. Jesus forklarar litt meir og seier: Det er dei som set sit lit til rikdomen som får problem her. For ein kristen må berre lita på Gud. Elles blir hjarta delt. Men det er vanskeleg for dei å bli frelst. Jesus seier altså at det er ikkje like lett for alle å koma til han. Og det heng saman med om hjarta er bunde til dei jordiske ting.

Her brukar han eit bilete: kamelen som prøver å gå inn gjennom eit nålauga. Det er umogleg. Han treng ikkje ein gong prøva. Slik er det med den som er bunden i hjarta og samvit til noko av det jordiske. Det treng ikkje vera bankboka eller store eigedomar. Somme er like bundne av småting i verda.

Som rimeleg var vart læresveinane ”endå meir forstøkte”. Kven kan då bli frelst, sa dei. Jesus såg på dei og kom med det forløysande ordet: Jo, det er umogleg for dykk. Eit menneske kan ikkje løysa seg sjølv frå den gudlause verda eller dei ting som er der.

Det kan berre Gud. For han er alt mogleg. Difor må me gi oss over til han, venda om og be om nåde. For Gud har all makt. ”Her er han som kan løse hver syndebunden trell, her er han som kan øse trøst i hver bange sjel.” – Så veit du vegen – gå på han.


55)
5. Han talar og om nådeløna den får som skil seg med noko for hans skuld, 28-31.
Peter blir ordføraren nå. Han tenkjer på at dei tolv har forlate alt og hadde berre Jesus som haldepunkt. Kva med oss, vil han seia.

Meisteren ser det er alvor nå. Det er ikkje krav om løn eller gode posisjonar. Difor kjem han med ein eineståande lovnad til dei. Her gjeld det i første omgang dei som fylgde han der og då.

Dei skal få noko att for det. Det ligg ei løn og ventar på kvar læresvein. Når me tenkjer på heile kyrkjesoga, gjeld det alle Jesu sanne vener. Me har noko i vente. Det er ikkje ein tom himmel bak grava. Han er full av signing for Guds folk.

Men det tek til alt her på jord. Guds folk får ein smak av løna alt i dette livet. Det skal lyfta tanken og sinnet bort frå saknet og offeret og prisen me må betala som kristne. Me kjem ikkje bort frå at det er kostbart – menneskeleg sett – for mange kristne å tru på Jesus.

Du skal få att for alt det du har sagt nei til og forlate for Jesu skuld. Misjonæren sa nei til odelsgarden for å gå til Kina, lekpredikanten gjekk frå ein god stilling til låg løn og reiseliv. Martyren måtte bøta med livet for tidleg. Og mange kristne kunne brukt fritida si til eigne interesser, men valde å gå på møte, vera med i foreining eller vitja ein sjuk og gamal.

Jesus seier til deg: Du skal få hundrefald att både her i tida med nye vener og opplevingar, og i himmelriket eit evig liv.

Så legg han til: Det blir ikkje slik som de tenkjer: At dei som ser ut til å vera dei fremste som leiarar og kristne kjendisar, får den største løna. Det kan bli motsett. Nokre små og ukjende truande vert sette høgt i himmelriket. For Gud dømer annleis enn me.


56)
6. Han talar atter at han skal lida og døy og standa opp att, 32-34.
For tredje gong talar Jesus om sin død. For kvar dag kom stunda nærare. Nå var målet Jerusalem. Jesu ord hadde skremd dei, til og med folket som fylgde med var redde. Det låg ei spenning i lufta: Kva ville skje denne påsken?

Som før tok han dei tolv avsides og tala fortruleg med dei. Han hadde sagt det før, men folk gløymer så lett. Me er så opptekne av alt det som skjer her og nå at mangt ligg urørt i sinnet. Jesus måtte bruka løyndomen ved gjentaking: Eg står nå framfor mi største liding.

Han kallar seg Menneskesonen nå. Han skal lida og døy både som menneske og som Guds
utsending. Gud kan ikkje døy, han er evig. Men Jesus var vår ”stedfortredar” og tok på seg vår liding og døydde og stod opp att for vår skuld. Det er underet i påsken. Og då vart grunnvollen lagt for vår frelse.

Bibelen har mykje å seia om det. Paulus har sett djupt inn i evangeliet og frelsa. Han skriv mange gode vers om det i breva sine. Og der ser me og korleis han har tala Guds ord mange gonger.

Til romarane skriv han t. d. slik: ”Medan me endå var skrøpelege, døydde Kristus til fastsett tid for ugudelege,” Rom. 5, 6. Skrøpeleg er uttrykk for vår syndige tilstand og falne natur. Me makta ingen ting her. Men Kristus gjorde det. Og slik syner han sin kjærleik til oss at han døydde for oss medan me var syndarar, v. 8. Guds kjærleik er ikkje berre ord og tale. Det er offer av høgaste kvalitet. Og han døydde ikkje for dei flinke og gode – men for syndarar.

Slik er kristendommen – og evangeliet. Har du teke mot det?


57)
7. Jesus refser Sebedeus-sønene og manar til audmykt, 35-45.
Våre bøner er ofte underlege og egoistiske. Og då kan ikkje Gud svara slik me ville. Nokre gonger svarar han annleis, andre gonger ikkje – og somme gonger må han tala refs til oss, slik han gjorde med Jakob og Johannes, sønene til Sebedeus, her.

Tenk at dei kunne få seg til å be om å vera nærast Jesus i himmelen. Det må vel vera meininga? Eller kan hende dei tenkte åndeleg: nær Jesus er den beste plass også i himmelen, der vil me vera. Det dei ikkje tenkte då, var at det måtte gå ut over andre. At alle kunne vera like nær Jesus i æva, kan dei ikkje ha tenkt.

Jesus er i alle høve streng med dei. V. 38: ”De veit ikkje kva de bed om!” seier han. Det er ein streng dom over læresveinane, men me er truleg i same klasse alle saman. Dei andre læresveinane vart harme nå, og ei kløft var skapt mellom dei. Men det ser ut til at samværet med Jesus har jamna det ut.

Og nå manar Jesus alle til å vera audmjuke. Ingen skal herska mellom dei kristne eller bruka makt mot nokon. V. 42f. Den som verkeleg vil vera stor mellom Guds folk, skal bøya seg ned og ta dei verste jobbane. Han skal tena alle og vera træl for andre.

Slik kan dei likna Jesus som ikkje var komen for å la seg tena, men for sjølv å tena og gi alt for alle menneske. Han skulle løysa oss ut frå synda – det er den som er årsak til alt det vonde og herskelysta mellom menneska. Difor måtte han byrja der og gjera det heilt og fullt.


58)
8. Han lækjer den blinde Bartimeus, 46-52.
Det er siste turen Jesus er på nå. Han er på veg til Jerusalem til påskehøgtida og er komen til Jeriko. Det var denne gongen han møtte Sakkeus (Luk. 19), og det er truleg palmesøndag. Han skal til å gå opp den lange stigninga opp til byen – det var om lag 1200 m stigning.

Då han går ut or byen saman med ei stor folkemengd, ser han ein blind mann ved vegen. Han heitte Bartimeus og var tiggar. Av folkesnakket må han ha skjøna at det var Jesus som kom. Og han ropte om hjelp. Ha miskunn med meg, sa han. Og han viser tru på at Jesus var noko anna enn eit vanleg menneske. Han kallar han Davids Son.

Men folk lika ikkje denne innblandinga. Mange truga han. Men ein som er i verkeleg naud, let seg ikkje så lett stansa. Han ropa berre endå høgare.

Jesus hadde lagt merke til han og stansa og ba dei føra han til seg. Den blinde kunne jo ikkje vita kor Jesus var. Men slik gjekk han mot folket. Og mannen var ikkje sein om å kasta den ytre kappa av seg og sprang fram. Nå var han bra viss om at hjelpa var nær. Han hadde nok høyrt om mange som hadde blitt lækt av Jesus. Nå var det hans tur.

Fleire gonger ser me at Jesus set folk på prøve. Han vil dei skal seia klårt kva die vil. Og spørsmålet er enkelt: Kva vil du eg skal gjera for deg? Svaret kom klårt og kontakt: At eg får synet mitt att. Han har altså hatt syn før. Anten sjukdom eller ei ulukke har gjort han blind. Dette var det siste underet Jesus gjorde før han gjekk inn til mordarbyen.

Jesus har eit evangelium til han: Trua di har frelst deg! Han fekk det lekamlege synet att. Og dette møtet med Meisteren var så stort at han vart ein Jesu læresvein og fylgde han på vegen til Jerusalem, v. 52. Kor lenge han gjorde det, er uvisst. Han hadde også fått det åndeleg synet, det me alle treng for å nå fram til det himmelske Jerusalem.

59)
Kap. 11.
1. Jesus rid inn i Jerusalem, 1-11.
Det er Palmesøndag og den stille veka tar til. Men ho vart alt annan enn still for hovudpersonen. Men den viktigaste gjerning i verda skulle henda desse dagane.

For å reisa inn i Jerusalem denne dagen, måtte Jesus ha eit esel. Det hadde profeten sagt, og Jesus kom for å oppfylla alt det som var skrive om han. Sak. 9, 9; Jes. 62, 11 og Mat. 21, 4-5. Han skulle koma som konge, men ikkje på ein hest som var vanleg. Han skulle denne gongen vera den mest audmjuke ”konge” jorda har sett.

Då var det ein som skulle stå til teneste for Jesus. Han visste ikkje av at han skulle tena Frelsaren, men to av læresveinane skulle visa han det. Løys han, skulle dei seia. Og det er kanskje mange av oss som er bundne av synd eller anna. Då lyder Jesus ord. Løys han! Herren har bruk for deg, seier han.

Og dei fann folen slik Jesus hadde sagt. Det går i oppfylling, det han forkynner. Det skal me få lita på heile vegen. Han har ikkje endra seg på nokon måte.

Og Jesus brukte eselfolen. Folket hylla han då han reid opp mot byen. Dei breidde kleda sine på vegen og la greiner framfor han.

Folkemengda ropte slik profetordet hadde sagt (Salme 118, 24). Denne gongen skulle dei gjera som Herren ville. Men det var same folkemengda som nokre få dagar etter ropte: Korsfest! Stemninga i folket var ikkje å lita på – det er slik nå og.

Men orda deira var klåre: Velsigna vere han som kjem i Herrens namn. I endetida skal det same skje på nytt: Guds folk skal ropa når han kjem: Velkomen du velsigna. Men då var det for seint å venda om av hjarta. Ennå er det tid for det.

60)
2. Han bannar fikentreet, 12-14.
Jesus budde hjå søstrene Marta og Marie og broren Lasarus denne veka. Dagen etter inntoget i Jerusalem, skulle han attende dit. På vegen vart han svolten – turen var vel 2 km lang.

Eit stykke borte såg han eit fikentre, og han gjekk bort for å finna fiken. Men det var berre blad på treet. Det var ikkje tida for frukt, og Jesus skulle vel vita det?

Då sa han nokre skremmande ord: Treet skulle aldri bera frukt. Matteus skriv at treet straks visna. Dagen etter gjekk dei same vegen, og dei fekk stadfesta at det var som Jesus hadde sagt. Det gjekk i oppfylling. Peter hugsa at Jesus til og med hadde forbanna treet, v. 21. Det er då Jesus svara: Ha tru til Gud, sjå meir seinare.

Kvifor gjorde Jesus dette? W. Barclay har sikkert rett når han det er den vanskelegaste av alle hendingane i evangelia. Men han seier og at det ikkje har hendt bokstaveleg – det er ei feil omtolking. Bibelen seier det er ei hending, det held me oss til.

Men hendinga har ei symbolsk meining, og Jesus vil seia noko her. Det er rett før påske då jødane skal forkasta han. Det kan vera ei side ved tydinga, som Brash Bonsall skriv. Men det er óg sagt til oss alle i Guds rike. Han har sett oss til å bera frukt.

Det er ikkje nok med mange blader og å sjå ut som ein sann kristen. Den eigentlege frukta kjem i august, men om våren kjem nokre ”vårfiken”. Det var dei Jesus ikkje fann.


61)
3. Han reinsar templet, 15-19.
I føregarden i templet (der heidningane kunne vera) var det to ting: Koparalteret der ofringar gjekk føre seg og Tvettekaret til reinsing. Til ofringane trong folket dyr, og folk frå andre land måtte veksla sine pengar før dei kunen kjøpa. Det var blitt ein heil butikk av dette med tida.

Det var dette synet som møtte Jesus denne dagen. Han hadde sett det før og reagert på same måte ved byrjinga av si teneste, Johs. 2, 13. Men det hadde altså teke seg opp att.

Guds hus var ikkje tenkt til dette. Alt i GT var templet kalla eit bønehus som skulle vera for alle folk (Jes. 56, 7). ”Butikken” på tempelplassen er for Jesus her uttrykk for det verdslege. Og det kan ikkje sameinast med tenesta for Gud. Handel og vandel er ikkje i seg sjølv synd når det er rett og reint. Men Jesus reagerer på samanblandinga. Då blir gudstenesta feil.

Han reagerer og handlar kraftig og drastisk. Han ville visa det slik at ingen skulle mistyda noko. Difor veltar han bord og benker og dreiv ut kjøpmennene. Han gjorde nok ikkje det som eit døme skulle gjera etter. Jesus var eineståande i alle måtar.

Men han viser tydeleg at arbeidet i Guds rike må vera reint og ikkje samanblanda med dei jordiske ting. Me er Herrens tempel. Det må óg vera reint. Me treng ei ekstra opprydding fleire gonger i livet. Den daglege reinsinga er ein ting. Men nokre gonger har livet floka seg så til, at ein ekstra reformasjon er på plass.

Som venta var farisearane ikkje glade, og dei var redde for folket som var på Jesu side. Elles hadde dei nok teke han med ein gong. Og kanskje dei skjøna at dei óg trong ei reisning?


62)
4. Han talar om krafta i trua og om bøna, 20-26.
Nesten morgon, truleg tysdag, gjekk dei forbi fikentreet som var bannlyst og såg det var heilt inntørka. Heilt frå rota av, står det. Då var det inga von meir for det. I bibelsk samanhang er fikentreet eit bilete på Israel. Det skjøna læresveinane ikkje då – det kjem seinare.

Nå kjem Jesus med ei ”førelesing” om tru og bøn. Han vil seia at trua og bøna er veldige krefter. Dei kan flytta konkrete fjell, av di Gud står bak eit Guds barn si bøn. Det er ikkje ved våre eigne krefter me får svar på bøn. Det er Gud som arbeidar.

Men me skal hugsa eit par ting i talen om bøn. Det ligg Jesus på hjarta her.

Jesus talar ofte i symbolspråk. Han er ikkje interessert i at me skal gå rundt å flytta på fjell. Det tener ingen åndeleg talt. Men det er mange andre ”fjell” me møter, små og store vanskar i livet. Det er hindringar som plagar mange og som folk ikkje rår med sjølv. Ikkje minst gjeld det i høve til å møta Gud og bli frelst.

Her er vår teneste. Då er bøna ein reiskap. Men det må vera ei rein bøn, v. 25. Tankar på andre menneske kan koma midt i bønestunda. Nokre av dei har kanskje gjort det vondt. Har du tilgjeve det og overlate saka til Gud? Berre då kan du venta svar frå himmelen. Eit utilgjevande sinn stenger døra der bønesvaret ligg gøymt.

Eit løysingsord er vers 22. Hudson Taylor omsette orda ”ha tru til Gud” slik: Hald fast på at Gud er trufast! Det handlar ikkje om at me skal ha ei svært sterk tru, at då skal det henda. Det handlar heller om at me får sjå at Gud er sterk. Det er hans teneste. Den som ber rett, vil då alltid ynskje det svaret Gud ynskjer.


63)
5. Jesus vert spurd om sin rett, 27-33.
Det spissar seg til nå mellom Jesus og dei jødiske leiarane. Nå spør dei han om kva rett han har til å gjera det han gjer. Han var så utanom det vanlege. Det var noko med Jesus som dei ikkje møtte hjå andre.

Dei spør eigentleg ikkje for å få vita noko. Dei har gjort seg opp si meining om han. Men dei lurte stadig på han for å føra han inn i ei felle. Dei prøvde å fanga han i ord.

Jesu svar var uventa for dei, for han svarar med eit nytt spørsmål. Viss ikkje dei kan svara på det, vil han ikkje svara dei. Nå gjeld det Johannesdåpen – var den av Gud? Dei grubla over det ei stund, for spørsmålet var ikkje så enkelt. Dersom dei svara at han var frå himmelen, ville han replisera: Kvifor gjekk de då imot han? Det var ikkje så lenge sidan Johannes levde så dei hugsa nok at han viset folket til Jesus. Og det var likt med ei fullmakt frå Gud, når Johannes var sendt frå Gud.

Svara dei derimot nei, hans dåp var berre menneskeleg, ville dei få alt folket mot seg. Mange av dei som fylgde Jesus, var jo døypt av han og sett han høgt som ein profet. Her måtte dei gå varsamt fram. Dei hadde sett seg sjølv i ei klemme og ikkje han.

Då spela dei uvitande: Me veit ikkje. Og dermed var Jesus fri til ikkje å svara. Det var han som hadde bunde dei. Og slik går det med dei som ikkje vil høyra og akseptera sanninga. Dei må dra seg unna. Innerst inne veit nok dei skriftlærde at Jesus var meir enn eit menneske, men det kostar å audmjuka seg både for Gud og menneske.


64)
Kap. 12.
1. Jesus set fram likninga om vingardsmennene, 1-12.
Denne likninga er noko spesiell ved at fleire delar av den kan og må tolkast konkret. Det er ofte slik i ei likning at Jesus har eit hovudemne han vil ha fram. Men her er det klårt at fleire delar har ei konkret meining.

Vidare er likninga spesiell ved at dei han tala til skjøna at han meinte dei, det ser me av v. 12. Då kjende dei seg uvel og forlet han. For Jesu ord var ein dom over både dei og fedrane deira slik dei hadde fare fram med Guds vitne. Og nå gjaldt det Guds eigen Son.

Eigaren er Gud, vingarden er Israels folk, vingardsmennene er leiarane i Israel og tenarane er profetane Gud sende til dei. Nå minner Jesus dei om at folket har handla ille mange gonger mot Herrens vitne. Så profeterer han at dei sjølve kjem til å ta han (Jesus) av dage. For det er jo nett dei i dei dagar rådslo om korleis dei skulle få det til slik at dei ikkje fekk folket imot seg.

Kva skal Gud gjera då, spør Jesus i v. 9. Jo, han må ta eit oppgjer med dei ansvarlege. Og Guds rike skal då gjevast over til andre. Her er tanken på heidningemisjonen der. Me kjem ikkje bort frå at leiarane for jødane på den tida sa nei til Jesus som Messias. Då var det Gud for alvor opna veg for heidningane.

For å stadfesta dette, siterer han eit frå Skriftene, frå Salme 118 som er ei messiansk salme. Steinen som vart forkasta er Jesus og bygningsmennene er jødane. Det dei ikkje skjøna då, var at denne forkasta Jesus skulle bli hovudperson i Guds rike, kristendommen. Han er hovudhjørnestein og ber alt saman.

Og det er ikkje menneskeverk. Av Herren er dette gjort, seier han. Og det er så underfullt at mange ikkje vil eller kan tru det. Men sæl er den som tek imot Jesus Messias. Han kjem inn i Guds rike.

65)
2. Han talar om å gje keisaren skatt, 13-17.
Ennå ein gong skal dei prøva å fanga Jesus i ord. Då stiller dei ofte eit spørsmål der dei vonar at svaret skal avsløra han som ein bedragar. Det er truleg at dei er redde for den åndelege makta dei har over folket. Dei ottast ikkje ei politisk sak av det – det gjorde kanskje romarane.

Først kjem dei denne gongen med ros til Jesus. Dei vedgår at han er sannferdig og at Jesus ikkje gjer skil på folk. Dei gir han til og med den attesten at han lærer Guds veg i sanning, v. 14.

Kor mykje sanning det var i deira eigne ord her, er uvisst. Men ein kan ottast at dei brukar det som medel til å få Jesus velviljug stemt mot dei. Det er ein vanleg debatteknikk. Samanhangen vil visa at dei ikkje trudde det sjølv, så det var nok eig agn dei la ut for han.

Problemet nå er skatten. Dei betalar jo skatt til keisaren – kan det vera rett? Jesus skjøna baktanken – som han alltid gjer. Det var hykleri. Dei ville gjera han til skamme for folket som nå hylla han, eller dei ville finna noko å klaga han for mot romarane.

For saka var at jødane ikkje hadde noko imot å betale vanleg skatt til Roma. Men det kunne lett tolkast som akseptering og tilbeding av keisaren som gud. Svara han ja, ville dei verkeleg kunne klaga på han.

Jesu svar var klart, v. 17: Gi keisaren det som tilhøyrer han – og Gud sitt. Han vil seia dei at dei skal betala sivil skatt til Roma. Me skal bøya oss under staten når det ikkje kjem på tvers av Guds vilje. Men Gud skal ha hjarta vårt – det tilhøyrer han.

66)
3. Jesus talar om oppstoda, 18-27.
Jesu oppstode er eit sentralt tema i Bibelen. Og denne gong er det saddukearane Jesus kjem i samtale med. Dei var eit presteparti og ikkje så mange og stod i motsetnad til farisearane. Dei er berre nemnde 14 gonger i NT, medan farisearane er omtala over 100 gonger.

I syn var dei rasjonalistar og ville såleis ikkje tru anna enn det dei kunne skjøna. Oppstoda frå dei døde er eit slikt tema. Det kunne dei ikkje akseptera. men dei bygde på Mosebøkene og var eit stykke på veg skrifttru.

Nå viser dei til Moses, 5. Mos. 25, 5. Der er lova om at ein mann skal gifta seg med kona åt broren når han døyr utan born (leviratekteskap, levirat er latin for svoger). Når det så er sju brør som alle vert gift med same kona (enkja), kjem det eit problem. Ein av grunnane til denne lova, var at eigedomen til ein familie ikkje skulle spreiast til andre, og difor måtte det koma eit barn inn i slekta.

Dersom det er ei oppstode etter døden, kven skal han enkja til kone i himmelen? For tanken var det eit problem. Korleis ville Jesus løysa det?

Jesus har eit sterkt svar her óg. De kjenner ikkje skriftene og heller ikkje Guds kraft, seier han. Difor tenkjer de galt. Eit slikt svar hadde dei aldri fått eller tenkt seg.

I himmelen vil alt vera annleis enn på jorda. Der blir det ikkje ekteskap og inga form for synd. Han gir dei og ein ny tanke om oppstoda og viser til Moses ved klungerbusken. Der er Gud kalla dei levande sin Gud, ikkje dei døde. Ingen døyr på den måten at dei ikkje lenger eksisterar. Abraham, Isak og Jakob ”var til” då Jesus levde og skal stå opp ein dag. Det er ein tanke mange skulle tenkja i dag óg.


67)
4. Han talar om det største bodet i lova, 28-34.
Alle jødar kjende til at det var ti bod i lova. Farisearane hadde mange debattar om lova og mange tolkingar kom etter kvart. Men kva var det første, ville ein vita. Det ser ut til at han var annleis enn mange andre. han var ikkje så stridbar og kritisk. Kanskje var han ein av dei få som søkte sanninga for alvor.

Svaret til Jesus samsvarte med tankane hans, for Jesus svara med jødane si store trusvedkjenning: Herren er ein. Det var god musikk for sanne jødar – og er det ennå. Jesus la til noko om kjærleiken og knyter to bibelvers saman. Slik viser han at Bibelen er ei bok og alt heng saman.

Jesus siterer først 5. Mos. 6, 4-5 og deretter 3. Mos. 19, 18. Me kallar dette gjerne det doble kjærleiksbodet. Det er kjærleiken til Gud og til våre medmenneske. I all etikk og samfunn er det det viktigaste. Det er drivkrafta og ein open himmel over oss. Gjerningar og ritual og vanar kan aldri erstatta kjærleiken. For den berre gir utan å krevja korkje gåver eller takk.

Gud er ein – det er ein sterk tanke for alle jødar. Det finst berre ein Gud. Og me trur på den same Gud og Herren. Det er vår styrke. Og Han skal gi oss vilje og kraft til å elska andre. Jesus sa at kjærleiken skulle til og med nå til fienden vår, Mat. 5, 44.

Den skriftlærde viste at han skjøna Skrifta, det var ikkje berre ord og noko han hadde lært, v. 33. Og Jesus merka det – han svara forstandig, v. 34. Han fylgde ikkje berre det farisearane og dei lærde sa, han hadde tenkt gjennom kva Guds ord sa. Difor var han nær Guds rike. Då var det nok ein heilag atmosfære over dei som lytta til samtalen. Ingen våga å bryta den stilla som var då. Og Gud er alltid nær når nokon er nær Guds rike.


68)
5. Jesus talar om Messias som Davids son og Davids herre, 35-37.
Jesus er i templet og lærer folket. Han var heile tida oppteken med å forkynna Guds vilje. Dette er også omtala i Mat. 22, 41-46. Det spesielle ved denne hendinga er at Jesus sjølv stiller spørsmål og gir samtidig svar. Ofte var det farisearane eller andre som kom til han med eit problem.

Han ville visa dei kor uvitande dei var om profetiane og så forklara dei den rette læra om Messias. Då ville naturlegvis óg audmjuka dei i dette spørsmålet. Og det skjedde framfor folket og i Guds eige hus.

Tilsynelatande er det eit uløysande spørsmål. Korleis kunne Jesus vera Davids konge og herre og på same tid hans etterkomar?

Jesus siterer Salme 110 og seier at Messias er Davids son, og på same tid hans herre. Han vil m.a. læra dei å lesa Skrifta ”åndeleg” og ikkje berre bokstavleg. Og dei må lesa Ordet i lys av heile openberringa.

Her er det då klårt at Messias er både Gud og menneske. Som menneske kom han av Davids ætt, Rom. 1, 3. Ved inkarnasjonen vart han menneske. Men han var Gud – difor er han Davids og alle folks herre. Denne løyndomen er det mange den dag i dag som ikkje ser. Kva folket skjøna av det, er uvisst. Men dei var interessert og var på Jesu side. ”Den store folkemengda høyrde han gjerne,” v. 38. Og den skriftlærde i v. 28 var kanskje i flokken og har truleg skjøna meir enn dei fleste her. Han hadde i alle høve god kunnskap i Skriftene og eit ope sinn for Jesus. Det er viktig. Har du óg sett at Jesus er Gud og Frelsar din?


69)
6. Han åtvarar mot dei skriftlærde, 38-40.
Det er i grunnen sterke ord Jesus nyttar her. Dei skriftlærde var åndelege leiarar i folket. Som ordet syner, var dei kjende i dei heilage skriftene og kan slik samanliknast med teologane i vår tid. Me skal sjølvsagt ikkje meina at dei er like dei skriftlærde på alle måtar.

Men ved at dei kjende skriftene så godt som dei gjorde, skulle dei ha visst at Jesus var Guds Messias. Det er så mange stader i Bibelen som peikar på korleis Messias skulle vera, at det burde ha kjent han att. Nå er det lett for oss å seia det som kjenner både Det gamle og Det nye testamentet.

Dette viser ei anna side ved kunnskap. Det går an å vita mykje teoretisk utan å skjøna hovudsaka. Når det dei skriftlærde kjem nok det i tillegg at dei ikkje ville bøya seg for det Jesus sa og var, av di dei hadde eit bilete av Messias i seg som var annleis enn Jesus på mest alle vis.

Jødane tenkte seg ein politisk folkeførar som skulle fria dei frå Rom sitt herredøme. Og då skulle han ha vore ein meir pågåande person med ei heilt anna hær ikring seg enn dei tolv læresveinane. Med tanke på det bleiknar liksom alle undera hans og talane om Guds rike.

Ei anna side ved dei skriftlærde var store tankar og æresjuke som braut så totalt med Jesu sinn. Dei ville at alle skulle helsa på dei, sitja øvst og ha heidersplassar – til og med i Guds hus. Dei var gudelege offentleg slik at folk skulle sjå det. I tillegg utnytta dei hjelpelause og fattige, som enkjene ofte var.

Dei skal bli dømde ein dag, og domen over religiøse syndarar er alltid større enn over andre. Difor måtte læresveinane ta seg ekstra i var for dei. Det er lett å bli smitta av same tanken.

70)
7. Ei fattig enkja legg to skjervar i tempelkista, 41-44.
Jesus sette seg ved tempelkista – i føregarden der kvinne óg hadde høve å vera. Han hadde alltid ein plan med det han gjorde. Nå såg han på dei som gav gåver, som skulle gå til dei fattige i landet. Han var truleg ikkje mest interessert i kor mykje dei gav, men korleis dei gjorde det.

Mange rike kom, og dei gjorde ofte eit vesen av at dei gav mykje og viste det fram. Det ligg i menneska si natur. Mange vil at folk skal få vita kor mykje godt dei gjer og ymtar om det på ulik vis. Gleda deira er at andre må sjå at dei er rause.

Ei fattig kvinne kom óg. Ho var enkje, og den gong var det inga trygd for slike. Ho var nærast ein fattiglem. Folk flest la knapt merke til henne der ho gjekk ”usynleg” mellom folket. Men det var henne Jesus såg best. Ho kom med det som tilsvarer 1 øre. I den store samanhengen var det som ingen ting. Ein slik ”lepton” på gresk var den minste koparmynten.

Jesus har ei alvorleg lekse om dette. Ho som gav minst, gav mest etter Guds rekneskap. Dei rike hadde nok att og meir enn dei trong, medan kvinna gav det siste ho åtte. Ein seier det slik at Gud ikkje ser på kor mykje me gir, men kor mykje me har att. Og han ser på motivet for gåva.

I vår tid har me mykje att. Og trass i mange gode sosiale ordningar, er det bruk for gåver både til misjon og arbeid i Guds rike, og til folk som treng litt ekstra i vonde tider og når katastrofer kjem. Me kjøper oss ikkje himmelbillett ved slike gåver, men me hjelper folk. Det er alltid bra.


71)
Kap. 13.
1. Jesus talar om Jerusalems undergang og si atterkoma, 1-37.
Alle dei tre første evangelistane (synoptikarane) har med eit avsnitt om Jesu talar om atterkoma si. Mat. 24 er meir omfatande og Luk. 21 har og med fleire ting. Sjølv om det byrjar med at Jerusalem skal øydeleggjast, går det trådar heilt fram til den aller siste tida i desse talane. Profetisk tale ligg ofte i to eller fleire lag. Noko er ei førebels oppfylling og kan vera symbolsk for det som skjer seinare.

Jerusalem vart mykje øydelagd i år 70 og endå meir nokre år seinare.

Vers 1: Jesus kom nett ut or templet, og ein av læresveinane peika på steinar og bygningar der. Dei var nok imponerande for menneskeauga. Jesus nyttar høve og seier at alt skal forgå. Templet vil verta ein grushaug. V. 2.

Derifrå gjekk dei opp på Oljeberget aust for byen –nå var han berre saman med læresveinane, v. 3. Nokre av dei spurde om tida for denne øydelegginga. Vil det koma snart? Og kva skal teiknet vera? Det var naturleg å spørja slik. Det verka som store katastrofer skulle koma. Kva kunne elles øydeleggja dette?

72)
2. Jesu svar.
Jesu svar er ei åtvaring: Her kan de lett fara vil, v. 5. Her skal de ta dykk i vare. Og nå ser han framover mot endetida: Mange vranglærarar vil koma og føra folk vill. Ja, mange vil fylgja dei. V. 6. Og her talar han om teikn på den siste tida, og den er me midt inne i nå. Difor bør me lytta.

Det vil bli krig, store krigar. Det kjem naturkatastrofer av mange slag. Motstand ville dei og få. Det skulle ikkje bli lett å vera kristne. Motstandaren vil reisa seg i alt sitt velde til slutt. Til og med innan same familie skal det verta strid, v. 12. Dei kristne vert hata av alle folk. Dei vil ikkje tåla namnet Jesus.

Og parallelt med det går evangeliet sin sigersgang utover jorda. Alle folkeslag skal få høyra ordet om Jesus. V. 10. Likevel skal dei ikkje vera redde. Dei skal få ord av Gud til å vitna og forsvara seg med i den stunda dei treng det. Engsta dykk ikkje på førehand, seier han. Anden skal hjelpa dykk. Men berre den som held ut til enden. Skal bli frelst, v. 13.

Då er det tid for å røma, v. 14ff. Verst kan det bli for unge mødre og gravide på den tida. Dei må be om at det ikkje hender om vinteren, v. 18. Korleis skal dei klara seg gjennom snø og uvær i fjell og øydemark? Men Jesus gir oss altså lov til å be om ein lettare veg i tunge tider. Trengsla kan bli for stor for somme. Aldri har det vore slike tider på jorda før, v. 19. Difor må Herren korta henne ned. Elles vil alle døy. Men Gud vil ta omsyn til dei utvalde og gjera tida mildare og kortare. Me kan kanskje oppleva noko av dette.

73)

III. Påske 14-16.
Kap. 14.

1. Jødane legg råd om å drepa Jesus, 1- 2.
Jødiske leiarar hadde lenge vore urolege over Jesus og verksemda hans. Det vart særleg vanskeleg etter at han hadde vekt opp Lasarus frå dei døde, Johs. 11. Nå nærma påskehøgtida seg, og dei kunne ikkje ta han av dage i ei slik helg. Det var ein av dei største høgtidene for jødane, og det kom mykje folk til Jerusalem då. Noko oppstyr kunne dei ikkje skapa.

Sjølve påskehelga varte ein dag, og det var til minne om utferda frå Egypt. 2. Mos. 12. Etter denne dagen byrja usyrebrødsfesten som varte i sju dagar. Då skulle dei berre eta brød utan gjær i. I praksis var det ein fest ettersom dei hang saman.

Jødane sin påske er eit sterkt bilete på frelsa og Jesus frelsesverk. Lammet stod i sentrum, og det måtte slaktast. Blodet skulle dei stryka på dørstolpane og folket skulle eta lammet. Når dei var innafor desse dørene med blod på, var dei trygge og gjekk fri dommen som skulle gå over heile landet. I kvar familie skulle den førstefødde døy.

Slik er Jesu død og blod vår berging frå dommen over synda. Det er inga fordøming for dei som er i Jesus Kristus. Rom. 8, 1. Etter måltidet skulle dei vera klar til å dra ut frå Egypt. Ingen ting der måtte hindre og binda dei. Dei skulle til Kana’ans land.

Nå la dei planar opp om korleis det skulle skje. Med list ville dei ta han, då kunne det kanskje skje i stille. Målet var likevel klart: Han skulle døy. Dei hadde kanskje vyrdnad for påskefesten og kunne ikkje ta han av dage då. Eller dei var redde for folket som var på Jesu side, v. 2.


74)
2. Han vert salva i Betania, og Judas vil svika Jesus, 3-11.
I denne tida var han i Betania og budde hjå Simon som hadde vore spedalsk. Det var også her Lasarus budde, saman med søstrene Marta og Maria. Johs 11, 1. Her var han ekstra godt kjend og hadde vore her fleire gonger før.

Ei dag kjem ei kvinne til huset. Ho hadde ei krukke med salve med seg, og den helte ho over hovudet til Jesus. Det var ei kostbar salve, verd om lag 300 dagløner på den tida. Dersom ein selde den, ville det bli hjelp for mange fattige.

Slik tenkte somme, særleg Judas. Og dei sa det til kvinna, og ”skjente på henne”. Somme av dei meinte det nok rett og godt. Det såg verkeleg ut som sløsing. Judas tenkte kanskje meir på at han kunne ta noko meir då, for han var glad i pengar. Det var rett etter dette at han tilbaud seg å svika Jesus, og fekk lovnad om pengar, v.10-11. Jfr. Johs 12, 4-6.

Jesus tek då kvinna i forsvar, v. 6. Alltid er han på dei svake si side. Det dei andre ikkje skjøna, var han ho gjorde ein god gjerning. Og det er aldri sløsing. Han visste at døden nærma seg for han, og dette var ei salving til gravferda hans, v. 8. Ingen ting er for mykje i Guds rike. Det vil han minna oss om. Og ofte skjønar me lite av det som høyrer himmelriket til.

I v. 7 seier han noko som mange har kritisert. Ved første augekast er det underleg. Det vil alltid vera fattige, og dei kan me alltid hjelpa. Hadde ikkje Jesus omsut for dei som var fattige nett då og trong hjelp? Sjølvsagt var han det, han som var dei svake sin talsmann og hjelpar. Men han vil alltid minna folket om at noko er meir viktig enn anna her på jorda. Og me skal først og fremst vera opptekne med det mest vesentlege.

Meg har de ikkje alltid, seier han. Og nå stod døden hans for døra. Og det var ikkje ein vanleg død. Nå gjaldt det soning av alle synder i heile verda til alle tider. Det var Jesu storverk. Ingen ting skulle koma i vegen for det.

Og kvinna som salva han? Maria heitte ho, Johs 12. Ho var den første som salva lekamen hans i dette høvet. Difor skulle ho minnast av alle på jorda der evangeliet vart forkynt, v. 9. Difor står det omtala her. Ei lita gjerning for Jesus, og han minnest det og tek vare på det. Om me synest det er lite me gjer, er det stort for han.

75)
3. Jesus et påskemålet med læresveinane sine og set inn nattverden, 12-25.
Usyrebrødshøgtida var eigentleg dagane etter sjølve påskefeiringa, men er og brukt om heile påsken frå 14. Nisan. Påskelammet vart slakta, slik det er omtala i 2. Mos. 12. Det gjorde dei på tempelplassen, og dei måtte eta påskemåltidet innafor bymurane.

Det var då Jesus sende to læresveinar inn i byen og profeterte om kva som skulle skje med dei der, v. 13f. Dei skulle fylgja ein mann som bar på ei vasskrukke. Der han gjekk inn, skulle dei gå og be om rom. Og då skulle dei får eit stort rom. Og slik hende det, og der gjorde dei i stand påskemåltidet.

Om kvelden kom Jesus og dei tolv læresveinane dit. Då dei sat saman, er det Jesus viser dei at ein av dei var ein svikar, v. 18. Naturleg nok skapte det uro i flokken: Kven er det, er det kanskje eg? Så usikre var dei i den stunda. Jesus hadde sagt så mykje som skulle skje, at dei var ikkje trygge på noko.

Jesus viser at det er Judas ved å dyppa brødet i fatet samtidig med han. I v. 21 seier han eit alvorleg ord, retta mot Judas og alle andre i same stode: Ve den som svik Menneskesonen. Straffa vert så stor at det var betre om han aldri ar fødd. For domen over svikarar er fortapinga. Men Jesus må gå, for det står skrive. –Det er vanleg å tenkja at på denne tida gjekk Judas ut. Han hadde leita etter ei lagleg tid for det, v. 11. Det måtte verka naturleg på dei andre at han gjekk.

Då innstiftar Jesus nattverden. V. 22f. Her blir det klart at brødet er lekamen hans og vinen er blodet. Det er den nye pakta der han skal sona og betala synda. Alle tidlegare offer var symbol på det som hende på Golgata kort etter, jfr. Jes. 53. Jesus foregrip dette nå, v. 24.

At døden er nær, ligg og bak orda i v. 25. Dette var det siste måltidet Jesus hadde på jord. Men det peikar framover mot ein ny dag då han skal drikka av vinen att. I det fullkomne gudsriket skal vinen koma i ny skapnad, og den er symbol på fest og glede. Denne festen vil vare i all æve med stadig guddommeleg glede og fest i himmelriket. Perspektivet går altså utover både læresveinane si tid og alle misjonstider seinare.

76)
4. Han seier føreåt at Peter kjem til å falla, 26-31.
Lovsongen i v. 26 er Salme 115-118 som jødane song i påskehøgtida etter måltidet. Slik ser me at Jesus fylgde dei skikkane jødefolket hadde og viste seg slik som ein sann jøde. Deretter gjekk dei trappene ned til Kedronbekken og vidare mot til Oljeberget. På denne turen talar han med sine nære vener.

Me legg merke til at Jesus fleire gonger talar i framtid og er altså ein profet om det som skal henda. Nå gjeld det Peter. Alle skal svikta i siste liten. Det hadde profeten Sakarja sagt, kap. 13, 7. Hyrdingen er Jesus, og sauene læresveinane.

Peter er midtpunktet i dette. Han hadde ofte vore talsmann for dei andre og hadde truleg stort frimot. I prøvinga var han svak. Men det nytta han óg store ord og livnader for framtida. Om alle dei andre sviktar, skal ikkje eg, lovar han.

Det var overmot frå hans side og ein skjult skulding mot dei andre læresveinane og andre. Det kan sjå ut som at han i denne stunda hadde lite kjennskap til seg sjølv og sine svake sider. Og det er ikkje uvanleg for eit menneske.

Men Jesus gjev han ei åtvaring: Alt i natt skal du nekta at du kjenner meg. V. 30. Korleis har det virka på han? Mon sjølvskrytet hans har stoppa? Eller høyrde han det slett ikkje? Han var jo så sikker på at han skulle sigra til slutt.

Vers 31 gir eit svar: han tala endå sterkare og held fram i same spor. Eigentleg seier han: Jesus, du tek feil av meg – det vil aldri gå slik du har sagt nå. Eg kan til og med døy for deg, Jesus! Nokre gonger blir me opptekne med våre tankar og ynskje, at me gløymer farane. Det gjorde Peter nå. Han gløymde kor veikt kjøtet og natura vår er, og at Jesus hadde åtvara han. –Men han var ikkje åleine: ”Det same sa dei alle,” står det. Dei vart påverka av Peter sine sterke ord.

77)
5. Jesu sjelestrid i Getsemane, 32-42.
Namnet Getsemane tyder ”oljepresse”, og det er symbolsk i påsketida. Her skulle nå Guds Son pressast hardt – av Satan og av menneske. Jesus hadde vore det ofte, så han var kjend i hagen. Det var ein stille og fredeleg plass utafor byen. Og slik ligg den ennå.

Ved inngangen let han dei fleste av læresveinane vera utafor og tok berre tre med seg inn i hagen for å be. Det var dei næraste av venene hans som også før hadde vore med han ved spesielle oppgåver, som på forklaringsberget (kap. 9, 2).

Det var ei tung bør han fekk å bera. Heile verda si syndeskuld skulle han få og ta domen for dei. Heilt frå døyparen Johannes hadde tala ved Jordan, var det kjent for somme, Johs 1, 29. Nå nærma timen seg då det skulle skje. ”Mi sjel er sorgtyngd til døde,” sa han v. 34. Og han bad dei å vaka og be.

Dette skjøna ikkje dei tre venene. Dei sovna. Jesus var i inderleg bønekamp nå. Ha bad Gud Fader om å ta frå han den tyngste oppgåva nokon hadde hatt. Alt er mogeleg for deg, sa han. For nå skulle Jesus inn i fortapinga og lida den evige straffa me alle fortente. Kalk er her tenkt som eit beger fylt av liding.

Guds Son sigra likevel over mennesket og han seier med stor tyngde: Ikkje som eg vil, berre som du vil! Då var sigeren vunnen etter ein time i bøn. Han blir kanskje ikkje forundra over at dei sov. Han visste kva det ville seia å vera menneske. Likevel kjem spørsmålet: Var du ikkje i stand til å vaka éin time, Peter? V. 37.

Nå får dei eit nytt ord og råd av han: Vak og bed – så de ikkje skal koma i freisting. Og slik er det gjennom heile livet vårt.

78)
6. Han vert sviken og gripen, 43-52.
Nå er me inne i Getsemane, og Jesus hadde tala med venene sine. Då kjem Judas og nokre soldatar, og det skaper ein ny situasjon. Jesus visste dette heile tida, men dei elleve var uvitande. Korleis kunne ein av deira eigne svika Meisteren?

Han hadde gjeve soldatane eit teikn, og det var uhyggeleg ved at det var så uskuldig. Han gjekk bort til Jesus og kyste han og helsa med Rabbi. Med det var sviket fullenda, og Jesus kunne takast til fange.

Det som var symbolet på kjærleik og nærleik og truskap, vart her brukt av Judas til det motsette. Ta han og før han bort. Det lyder som ein kommando: Eg vil ikkje sjå han meir. Ordet for å kyssa er her sterkt: katefilesen, kysse han mykje, ikkje berre ei flyktig helsing.

Då steig Peter fram – ordføraren i flokken så mange gonger (Johs 18, 10). Tenaren var Malkus, v. 47. Peter drog sverdet og hogg øyra av tenaren. Jesus viste seg nå og som lækjaren: han lækte øyra.

Men Jesus protesterte ikkje mot noko. Han var ein viljug fange, for han visste at det måtte skje. Det var ein del av Guds plan for å frelsa verda. Og det er nyttelaust for oss å tenkja om ikkje Gud kunne hatt ein annan og lettare veg.

Alle læresveinane rømde. Ein ung mann hadde kome i hast ut i natta for å sjå og hadde berre eit klede om seg. Me veit ikkje kven det var, men sidan han var anonym, kan det ha vore Markus sjølv. Soldatane ville ta han, noko som viser at dei var ute etter læresveinane også.

79)
7. Dei forhøyrer han for det høge rådet, fer ille med han og spottar han, 53-65.
Nå vart Jesus ført til Øvstepresten Kaifas, og det syner at det var presteskapet som stod bak arrestasjonen. Dei hadde samla alle åndelege leiarar, for nå skulle dei få slutt for Jesu verksemd ein gong for alltid. Og dei skjøna ikkje at nå var dei ei brikke i det store arbeidet for å frelsa verda. Men dei var på feil side.

Peter fylgjer etter soldatane, truleg på forsvarleg fråstand for ikkje å bli oppdaga. Ein har spekulert i om han ville ta Jesus med makt frå dei. Han sette seg heilt inne på gardsplassen ved varmen. Det skulle få fatale fylgjer seinare.

Heile Det Høge Råd (gresk:Synedrion) var samla, 71 lærde og respekterte menn i Israel. Dei skulle ta avgjerd i saka om Jesus. Kaifas var nå leiar for Rådet som Øvsteprest.

Dei måtte ha ei god sak mot Jesus, om dei skulle få han dømd til døden. For det var det dei ville. Dei kunne berre klaga han, medan romarane måtte døma. Eit punkt mot Jesus var at han ikkje respekterte sabbaten, og dei hadde mange prov på det. Men var det nok?

Då kom to nye vitne (mat. 26, 60) som forvrengde Jesu ord m.a. i Johs 2, 19 om å bryta ned templet. V. 57-59. Jesus hadde tala om lekamen sin som eit tempel og at han skulle stå opp att etter tre dagar. Vitna sa han ville øydeleggja Guds hus. Men Jesus tidde. Han visste det nytta ikkje. Men han bekrefta at han var Messias – det var det saka gjaldt, v. 62. Dei oppfatta at Jesus nå spotta Gud, og då var i grunnen saka klar frå deira side. Jesus måtte døy.


80)
8. Peter fornektar han, 66-72.
Nå kjem Peter inn att, og det fatale skjer. Han nektar å kjenna Jesus. Og det var ei tenestejente som verka med til det. Tre gonger nekta han at han var saman med Jesus, Ei stor redsle må ha fylt sinnet hans der og då. Før hadde han sagt at han kunne døy med Jesus.

Nå kom jenta og sa: Du og er med Jesus. Før hadde ho tala med Johannes, Johs 18, 15f. Men Peter nekta: Eg skjønar ikkje kva du talar om. Dette kom uventa på han, han var ikkje førebudd på eit åtak på den måten. Dette avslørte eit veikt punkt hjå han: han hadde ikkje moralsk mot til å stå opp for Jesus.

Peter viser likevel at han var interessert i korleis det gjekk med Jesus ved nett å vera i gardsplassen. Kva skulle han elles der? Han går bort til ein annan stad, ut i portrommet, truleg for å bli fri nye åtak.

Det nytta ikkje. Jenta såg etter han og sa til dei andre: Han er ein av dei! Han vart kjendis som svikar. Og då renn det over for Peter. Han nekta. Andre sa då: Jo, du er ein av dei, du er galilear! Dei høyrde det på dialekten.

Det var då det brast: han banna og sverja og kallar Jesus ”det menneske”. Då han banna stilte han seg under Guds forbanning om han ikkje tala sant! Mon han eigentleg skjøna kva han sa? Det var han som hadde sagt om Jesus: Du er Guds heilage (Johs 6, 69). Tre gonger hadde Jesus åtvara Peter (Johs 13, 38; Luk. 22, 34; Mark 14, 30), og tre gonger nekta han blankt.

Då gol hanen. Då vakna Peter. Og då kom minnet til han om Jesu åtvaring. ”Han tok det til hjarta og gret”, v. 72. Utviklinga vidare viser at dette var første trinn på ei ny omvending for han. Han kom attende til Frelsaren.

81)
Kap. 15.
1. Jesus for Pilatus, 1-15.
Det er tidleg om morgonen Langfredag. Jesus hadde vore oppe heile natta. Det Høge Råd vart samla saman med presteskap og farisearar. Alle skulle vera med å ta avgjerd og lagnaden til Jesus. ”Jødane” som dømde Jesus, var ikkje folket. Det var leiarskapet på den tida. Men på ein måte står dei som representantar for folket og drog dei med seg.

Men jødane hadde ikkje høve til å døma nokon til døden. Difor sende dei han til den politiske leiinga ved Pilatus. Men av v. 3 ser me at øvsteprestane var med som klagarar mot Jesus, og i v. 11 ser me at folket og var med.. Då opplevde Pilatus noko nytt som han undra seg over: Jesus svara ikkje på klagen. Det vil her seia at han ikkje freista å frikjenna seg sjølv. Det hadde truleg alle andre fangar gjort.

Pilatus var i tvil om Jesus var skuldig. Nå såg han ein utveg: fangen Barabbas. Dei pleidde å gi ein fange fri kvar jødisk påske. Folket ville sikkert heller ha Jesus fri enn denne mordaren. Men der forrekna han seg. Ein folkemengde kan vera ustabil, alt etter kven som talar best.

Og øvsteprestane fekk folket på si side her, og folket ropte berre: Krossfest han! Pilatus prøvde atter ein gong: Kva vondt har han gjort? Han fann ikkje noko galt med denne mannen. Kvifor skulle han då dømast?

Svaret var berre: Krossfest. Slik vart folket og skuldig i denne avrettinga. V. 14. Og Pilatus var svak for folkeviljen, det stod kanskje på hans eiga stilling. Og med det kom neste steg i hån og liding for Jesus: Den forferdelege hudstrykinga og krossen. – Men det var altså i vår plass han gjekk, og den evige kjærleiken dreiv han.

82)
2. Han vert spotta av stridsmennene, 16-20.
Dette avsnittet inneheld ein serie av spott mot Jesus. Det er mest utruleg at dei fekk seg til å gjera det. Men det viser tydeleg at dei ikkje trudde på han og var samd i å rydda han av vegen.

Soldatane førde han bort til borga – dei gjorde berre si plikt som tenarar for keisaren. Dei hadde vel ikkje høyrt så mykje om han og skjøna lite av grunnen til at han skulle avhøyrast. For dei var han truleg som alle andre røvarar.

Dei kledde han, står det. Det var her uttrykk for hån og vanære. Purpurkappa og krona var kongeklede, men tornekrona var parodi og hån. Ordet for krona her, er ”Stefanos” på grunnteksten. Det er ordet for ”sigerskrona” og verka som hån her. Korleis kunne han vinna siger nå? Dei visste at han ikkje var ein verkeleg konge, men tenkte gjerne at han ville bli det. Nå sette dei stoppar for det. Den åndelege sida av det skjøna dei truleg ingen ting av.

Så helsa dei han – du jødekonge. Herodes hadde vore redd for at Jesusbarnet skulle vera konge og truga han. Mat. 2. Dette var meint som ei sterkare hån enn berre kongekleda. Det var ein del av den fornedringa som Jesus skulle gjennom, Fil. 2, 8. Og han var friviljug med på det.

Neste trinn var direkte pine. Dei slo han i hovudet med ein stav og spytta på han. Ved å slå han i hovudet, ville tornene på krona trengja ennå lenger inn i han og skapa smerte. Slik var det sadisme.

Kva klede Jesus enn hadde, visste han at sigeren ville koma på krossen og i oppstoda. Og han var verkeleg jødekongen, og ein dag skulle heile verda erkjenna det. Fil. 2, 9-11.

83)
3. Han vert krossfest og døyr, 21-41.
Jesu død på krossen er det viktigaste som har hendt. Han var korkje forbrytar eller martyr. Han var ein som gjekk i døde for andre, for å berga heile slekta frå evig fortaping. Det handlar påsketida om. Difor er det trist at mange misbrukar påske til eigen fritid og ferie. Den skulle me heller brukt til å granska kva Skrifta seier om dette og takka Gud for frukta av Jesu død.

Golgata tyder Hovudskallestaden, v. 22. Dei krossfeste han kl. 9 om morgonen (den tredje timen frå kl. 6). På kvar side hang ein røvar. Slik at Skrifta skulle oppfyllast her og: Han vart rekna mellom brotsmenn, v. 28. Han var det ikkje i seg sjølv, men vart handsama som brotsmann.

Eigentleg var han det også. Sjølv om Jesus ikkje hadde gjort ei einaste synd, tok han på seg ansvaret for alle andre sine synder. Det er essensen i det som hende her. Og då rekna Gud han som ein forbrytar og syndar. Luther seier med rette: Jesus var den største syndar. Der var mine synder og dine, og Hitler og Stalin og Mao sine. Og Jesus sa det var fullbrakt for alle (Johs 19,30).

Han ville ikkje berga seg sjølv, sjølv om han kunne det, v. 30ff. Nå skulle han berga alle andre. Då opplevde han at Gud sjølv forlet han, v. 34. I den stunda lei han fortapinga for oss alle, Guds vreide låg over Sonen, og han kjøpte oss fri.

Som prov på det rivna forhenget i templet i to – frå øvst, står det. Det var teppet som skilde det heilage frå det Aller heilagste – der berre øvstepresten kunne gå inn ein gong om året. Nå viste Gud at vegen var open for alle. Og då hadde soldaten rett då han sa: Han var Guds Son, v. 39. Det var ein heidning sitt vitnemål. Det seier me kristne også.

84)
4. Jesus vert gravlagd, 42-47.
Gravferda er det siste steget me tek her på jorda, som avslutning på livet. Ved dei fleste gravferder blir det sagt at me skal fylgja den døden til hans siste kvilestad. Men det er ikkje heilt rett.

Det er sant om lekamen i det jordiske livet. Slik er det vel og meint i ritualet. Men det blir feil om me ser det i eit større perspektiv, i høve til æva. Då er grava berre ein førebels kvilestad. Bibelen seier klårt at alle skal kallast fram frå gravene og stillast fram for Guds domstol. Det legg det største alvoret over grava.

Paulus seier at Jesu grav var ein del av evangeliet, 1. Kor. 15, 4. Her er grava eit prov på at han verkeleg var død. Han var ikkje skindød eller flykta bort frå døden, som somme seier. Guds Son var også menneske og måtte slik gjennom død og grav som alle andre.

Førebuingsdagen var fredag, dagen før sabbaten. Markus noterer dette som forklaring for ikkje-jødar, v. 42. Då kom Josef av Arimatea. Han var med i Det Høge Råd og akta av folket. Arimatea var truleg det same som Rama, der profeten Samuel var frå.

Om han står det at han venta på Guds rike, v. 43. Han kjende Messias-profetiane og har truleg skjøna at Jesus var oppfyllinga av dei. Han var ein Jesu ven i løynd Nå ville han og Nikodemus fylgja Mose lov som sa at ein død skulle gravleggjast før sola gjekk ned, 5. Mos. 21, 23. Mat. 27,57ff; Johs 19, 38ff. Slik viste han at han var på Jesu side. Det er viktig å heisa flagg i rett tid.

85)
Kap. 16.
1. Jesus står opp, 1-8.
Oppstoda er det store underet. Jesus var død som eit menneske, men han braut lekkjene som batt han til døden. Han var og Gud og ingen ting kunne halda han i dødsriket då. Dette var etter sabbaten, dvs. laurdag. Sabbaten enda ved solnedgang, og då opna butikkane att. Nokre kvinner kjøpte då angande olje, v. 1.

Tidleg sundag morgon då sola rann var dei ved grava for å salva Jesus, v. 2. På vegen dit har dei spurt: Kva med steinen? Den er for tung og stor for oss. Dei trudde dei ville møta problem som dei ikkje kunne løysa. Er ikkje det typisk for oss menneske? Me gruar oss til noko som me ikkje veit vil koma. Alt kan vera løyst før me kjem fram

Nett det opplevde kvinnene, v. 4. Steinen framfor grava var ein rullestein, men så stor at det skulle bra krefter til å makta det. Og der såg dei at steinen alt var rulla bort. Kvifor hadde dei grubla over det? Gud hadde sjølv vore der med sine sendebod, englane. Kvinnene kunne gå rett inn i grava som var hogd ut i fjellet.

Og der sat ein mann. Det må ha vore ein Guds engel, kledd i ein lang, kvit kjortel, v. 5. Og det overnaturlege er ofte skremmande, difor vart dei redde. Men han tala venleg til dei og sa dei trong ikkje ottast. Han visste kva dei skulle, han var jo sendt av Gud. Nå får dei det store bodet, dei første som høyrde det: Oppstoda frå dei døde, v. 6. Jesus var ikkje der. Gud hadde gripe inn og berga Sonen frå dødsriket. Det var provet på at han var Gud og at synda var sona. Gud hadde liksom kvittert for det som hende på korset.

Kvinnene vart og dei første bodberarane om oppstoda, v. 7. Gå og sei til læresveinane – og til Peter. Var ikkje han ein læresvein og apostel? Kva skilde han ut frå dei andre? Synda midt i påsketida. Som den einaste hadde han fornekta Jesus ope med ord og banna på det. Men han angra – han gret over synda si. Kap. 14, 68-72.

Var det nokon som trong eit serskilt kall og ei personleg helsing då, var det nett Peter. Herren visste det, og difor minna han engelen om Peter. Kvinnene hugsa det nok: Peter skulle ha ei ekstra helsing. Og Peter må ha kjent varmen i heile seg då dei orda lydde. Det var som ei oppreising for han: Jesus har ikkje støytt meg bort!

Læresveinane skulle så gå til Galilea, der Jesus kom frå. Der skulle dei møta han. Jfr. Kap. 14, 28.

Kvinnene skalv av denne opplevinga og fekk ikkje ord fram i første omgang, v. 8. Etter ei tid har dei likevel funne dei 11 læresveinane og sagt frå om det dei såg. Det ser me av Luk. 24, 9-10. Dei fleste trudde det ikkje. Men Peter trudde, v. 12. Då han høyrde om underet – og truleg om helsinga til han – sprang han til grava, Luk. 24, 12. Og undringa var stor: Tenk, dette har hendt. Jesus lever!

86)
2. Den oppstadne syner seg for Maria Magdalena, for dei to læresveinane som gjekk til Emmaus, og for dei elleve apostlane, 9-14.
Jesus synte seg for fleire kvinne denne morgonen, først for Maria Magdalena som Jesus hadde berga frå sju vonde ånder. V. 9. Og ho gjekk av stad og sa det til andre – dei som sørgde og gret, v. 10. Men det skulle noko til å tru på slikt. Det var for overveldande, v. 11.

Deretter kjem ein forkorta versjon av hendinga med dei to læresveinane som gjekk til Emmaus, v. 12. Jfr. Luk. 24. Der viste han dei ut frå Skriftene at han var Messias og måtte lida for synda. Det fortel Lukas. Markus nøyer seg med å nemna det, men seier så at dei fortalde dette til dei andre læresveinane.

Men heller ikkje nå trudde dei, v. 13. Dei var altså ganske trege til å tru på dette store underet. Og dei var Jesu vener. Då skal me kanskje ikkje undra oss over at folk i denne verda ikkje kan tru det. Gud må opna augo våre for å sjå Hans herlegdom og makt.

Til siste viser han seg for dei elleve då dei sat til bords. V. 14. Han visste om vantrua, me kan ikkje skjula noko for han. Det gjeld til alle tider. Nå refsa han dei for det. Han hadde fortalt die om det før, så det kom ikkje uventa på dei. Men dei var så opptekne av dei nære ting og jordelivet, at dette guddommelege var umogleg. Og slik er det ofte med oss.

87)
3. Han byd apostlane at dei skal gå ut i all verda og forkynna evangeliet, og lovar å vera med dei, 15-20.
Sjølv om dei var vantruande og Jesus måtte tala strengt til dei, ville Meisteren framleis bruka dei i si teneste. Det var desse feilande og svake sjelene som fekk misjonsbodet, v. 15. Dei skulle gå ut i heile verda. Heile skapningen måtte få høyra evangeliet. Og her ligg jo også heidningemisjonen gøymd. Dei hadde ikkje så lett for å tru det heller, jfr. Apg. 10-11.

Tru og dåp var vegen til frelse, V. 16. Av Mat. 28, 18ff ser me at dåp og opplæring skulle gå hand i hand. Folk måtte få vita kva dei trudde på og bli grunnfesta i denne læra. Likevel ser me at trua har ei særstilling. Både dåp og tru høyrer med. Men dersom den døypte ikkje ville tru, var ikkje dåpen til noko hjelp i domen. Det er alvorleg å tenkja på i vår tid også.

Læresveinane får og teikn eller ”prov” på si teneste, v. 17f. Det var særleg naudsynleg i den første kristne tida då dei skulle pløya ny mark i alle land. Me ser litt av det same i misjonsland i dag. Det er indre av dette i nyare tid med meir kunnskap på ulike område. Her er og motstanden og skepsisen til alt som smakar av ”humbug” større.

Visse teikn skal fylgja dei som trur, står det: å driva ut vonde ånder, tungetale, ta ormar i hendene, drikka gift og lækja sjuke. Det er ikkje lett og enkelt å forklara kvifor det skjer så lite under mellom oss nå. Somme seier me manglar tru, andre at det høyrde til den første kristentida.

Jesu tid var nå over. Han vart teken opp til himmelen og sette seg ved Guds høgre hand, eit symbol på der makta var. Dei kristne byrja nå si teneste for alvor, v. 20. Dei ”forkynte alle stader,” står det. Eit omfatande arbeid var i gang frå første stund. Og teikna fylgde med dei, og det synte folket på den tida at dei verkeleg var utsendingar frå Gud. Sonen hadde sagt det skulle vera slik.

Men det går trådar frå dette misjonskallet til den siste dag då Jesus kjem att, slik me såg i kap. 13. Då er evangeliet forkynt over heile jorda til eit vitnemål for alle folk. Nokre har teke imot over heile verda. Og dei vert samla inn i Guds rike til den evige festen. Du er vel med der? – Alle andre må betala for si vantru i den evige fortapinga. Amen.

Ingen kommentarer: