fredag 8. februar 2008

Filipperne

Kristen tru og liv

i Filipparbrevet

Talar av Nils Dybdal-Holthe

2000

Fil. 1, 6. Den gode gjerning i oss.

Fil. er kalla brevet om gleda. Me finn ordet i ei eller fleire former heile 15 gonger. Det var i denne byen evangeliet vart forkynt for første gong i Europa. Paulus tala med kvinna Lydia ein sabbat på bønestaden ved elva. Apg. 16,12 ff. Ho høyrde på han og Herren opna hjarta hennar, står det. Og det er det me treng nå. Hjarta vårt er så stengt for Guds ord og hans vilje at Ånda må opna det slik at me forstår. Men det var her i Filippi at han vart fengsla, men opplevde at dørene opna seg og fangevaktaren vart frelst. Her fekk han oppleva underet frå Gud.

Paulus byrjar dette brevet med å ynskja dei nåde og fred - den vanlege helsinga han har. Her skal me og få byrja vårt liv - og halda fram så lenge me lever: I Guds store og rike nåde og eiga fred med Gud her på jord. Det er velsigna godt.

Og så takkar han Gud for desse kristne. Så ofte han tenkjer på dei, kjem takken. Då ber han for dei med glede. Kunne me alle hatt det slik at me fekk gleda oss over kvarandre som kristne! Innhaldet i dette brevet viser kvifor det kan vera slik mellom truande. Her er verkeleg nokre grunnsanningar i kristentrua.

I v. 6 kjem så eit sterkt vers. Det er noko Paulus er fullt viss om, der var det ikkje noka tvil og uvisse: Det Gud hadde byrja i dei ville han fullføra! Gud gjer aldri eit halvveges arbeid. Det står fast like til dagen då Jesus kjem att og me er i himlen.

Og det var ei god gjerning. Me kan ikkje gjera noko godt sjølv, me har ingen gode gjerningar i våre liv. Alt er smitta og tilskitna av synda. Det er vår attest. Sangb. 352. Me må få alle gode gjerningar som gåve frå Gud.

Kva tenkjer så Paulus på her! Kva er den gode gjerninga som Gud har teke til? Først av alt kan me seia det er sjølve kristentrua, slik dansken Marius Jørgensen skriv i den fine kommentaren til brevet. For trua vår er Guds gjerning og ikkje vår. Me kan ikkje tru rett, men me kan få alt av Gud. - Men då vil me nemna nokre sider ved trua og det Paulus kan ha tenkt på når han skreiv. I alle høve er det sant for oss som vil til himmelen: Alt er av Gud.

1. Tilgjeving for synda.

Dette er byrjinga til frelse i våre liv. Det er sjølve frelsa å få tru at livet er blitt nytt, heile synderegisteret er sletta ut. Gud har gløymt mitt gamle og stygge liv. Noko heilt nytt er kome til.

- Alle treng denne tilgjevinga, for me har alle synda. Rom. 3,23. Det finst ikkje ein einaste på denne jorda som er utan synd. Det var berre Jesus. Du har og ei evig sjel, og du kan gå fortapt. Alle som lever i si synd er fortapt. Ingen ting kan oppvega det av alt du fekk og åtte på jord. "Om jeg eidde alt, men ikke Jesus, å, hva vinning var det for din sjel?"

- Bibelen seier klårt at berre Jesus kan dette. Og han gir det ikkje utan vidare - det skjer ved erkjenning og vedkjenning av vår synd. Der nede på kne der me legg alt framfor han og seier: eg er fortapt utan frelse og nåde. 1.Joh. 1,9. Han kan tilgi og frelsa avdi han har betalt med sitt eige blod. Han ber oss berre å koma med vår synd. Det er omvending, sa haugianarane. Då gir han av nåde - og det tyder som gave. Når synda er tilgjeven tek eit nytt liv til for oss. Livet med Gud. Og her i tilgjevinga skal me få leva alle våre dagar. Me kan kom att gong etter gong og dagleg ta imot ny forlating. Jesus har lova det: han som tok til og tilgav første gong - han vil halda fram, med stadig ny tilgjeving. Tilgjevne synder vert vårt kristendom like fram til Jesu Kristi dag.

2. Eit liv i helging.

Helginga er kvardagslivet som kristen, eller "vandringa". Det er å leva rett for Gud og menneske i dei mange ting me møter til kvardags. Klarer me det? Mange strevar med denne sida av livet. Dei ser at livet ikkje er som det skulle, me feilar så ofte og gjer det me angrar sterkt på i mange år etter. Korleis kan eg då nå fram?

Me må alle vedgå at livet ikkje er lett. Her er altfor mange freistingar og fårar og fiendar. Og me er sjølve så svake og har lett for å feila. Kva gjer me då?

Først må me tenkja slik: Helginga er som alt anna i Gudslivet eit Jesu verk. Gjennom heile livet er det han som verkar oss både å vilje og å verka (kap. 2,13). Og i Kristi gjerning er me fullkomne frå første dag. For Gud står me kledd i Jesu rettferd - og der manglar ingen ting.

Dinest kap. 2,12: arbeid på dykkar frelse med otte og age. Det tyder m.a. at me ikkje er kobla ut. Alle formaningane i breva syner det. Det er smertefullt når pottemakaren skal gjera karet om til eit anna kar - avdi det vart mislukka. Jer. 18,4. Synda overlistar oss og me kjenner skamma over eit syndefall. Då kjem Anden igjen og viser oss til Kristus - med ny nåde og tilgjeving. Då ber han oss å halda vakt - over tankar, ord og det me gjer. Han ber oss vera varsam med dei me søkjer selskap og omgang med, 1.Kor. 15,34-35. Ordet er skarpt når det står slik: Alt de gjer i ord eller gjerning, gjer det alt i Herren Jesu namn, Kol. 3,17.

Denne påminninga vil Anden halda fram med til me er ved porten i himmelen. Han slepp oss ikkje.

3. Tenesta, v.5.

Filipparane hadde vore med i arbeidet i Guds rike, v. 5. Jesus fortalde om nokre som var ledige heile dagen, Mat. 20,6. Diverre er det mange nå og som er meir opptekne av sitt eige liv enn av Guds gjerning. Her må me understreka: All gjerning for Gud tek til som ein Guds gjerning i oss. Gud verkar på oss ved Anden, og det held fram heile livet. Dersom vår teneste ikkje har utspring i Guds gjerning med oss sjølve, vert det berre kjøt og menneskeverk. Det er meir til skade enn til gagn for Gud.

Det er og sant at me kom inn i denne tenesta då me vart frelste. Då byrja Gud å arbeida med oss som hans vitne. Ofte er dei nyfrelste mest ivrige her - dei fortelja andre kva Jesus har gjort for dei. Så sant det er Anden som har skapt denne trongen, vil den halda fram. Og Gud verkar på oss dagleg. Når me lever i Ordet og bøna og samfunnet, vil han gi oss velsigningar som me kan dela med andre. Me er skapt i Kristus til gode gjerningar, Ef. 2,10.

Likevel: Jesus bad sine apostlar om å gå ut til alle. Mat. 28,19. Det er eit direkte bod om misjon. Ikkje alle har den same oppgåva. Alle truande er levande steinar i Guds hus, men ikkje alle steinar er synlege. Alle er likevel naudsynlege.

Alt er Guds arbeid. Misjonen er ikkje vår misjon. Det er Jesu gjerning. Det skal gjera oss små og audmjuke kva stilling me så får i hans rike. Me er berre unyttige tenarar som gjer skyldnaden vår. Luk. 17,10. Marta streva det ho kunne, men Maria valde den gode delen. Luk. 10,42.

Dette skal hjelpa oss til å sjå at alt er Guds verk. Får me gjera noko, er det nåde. Om ingen ser det me gjer, er tenesta like stor nåde. For Gud har oversyn over alt. Alt er i grunnen hans gjerning i oss - og den vil han halda fram med til Kristi dag. Han vil fullføra det han tok til med - til målet er nådd!

Fil. 1,29. Dykk vart det unnt.

Slik var den gamle omsetjinga av dette verset. Nå heiter det m.a. i NB88: De har fått den nåden. KJN omset det slik: Det er gitt dere, på grunn av Kristus. Etter grunnteksta er det ei god omsetjing.

Me er blitt unnt noko av Gud. Her talar me om dei truande. Og det har me fått for Kristi skuld. Det me er og har er på grunn av hans frelsesverk på krossen. Det er aldri på grunn av vår eiga forteneste - for me har ingen. Me går tomhende gjennom heile livet. Alt me har er lånt gods. Gåver frå Gud.

Her nemner han to slike nådegåver. Paulus talar nok av erfaring her som så mange stader. Dette har han sjølv opplevd. han kan vitna med sanning.

1. Å tru på Kristus.

Det første han nemner er trua. Det er det fundamentale i kristendommen. Her tek frelsa til for ein syndar. Me kan aldri gjera noko til frelse, betala avdrag så å seia. Alt får me som gåve, me blir unnt det.

Slik var det med fangevaktaren her i Filippi. Paulus var fange, men Gud greip inn og gjorde eit naturunder. Vaktmannen vart redd og ville ta livet sitt. Då sa Paulus: Gjer ikkje det, men tru på Kristus. Apg. 16,31. Då skal du bli frelst, sa Paulus. Ingen ting anna. mannen skulle ganske enkelt få ta imot ei ferdig frelse. Bibelen er full av ord om trua, og alle frelste trudde på Kristus.

Her får me så høyra at trua er nåde, ei gåve, det vert unnt oss å tru. Fangevaktaren kjende det nok slik - han som ville ta sitt eige liv av otte for romarstaten. Så kom Gud med si gåve. Han fekk lov å tru på Jesus og slik bli berga.

Men me kan ikkje kreva noko. Me kan berre be, spørja - og koma slik me er. Sume vil seia: Eg får det ikkje til, eg har ikkje frelsesvisse. Eg veit ikkje om eg er ein rett truande.

Då kan me minna kvarandre om eit par ting her.

a) Kva er eigentleg frelsa? Og kvifor treng me frelse? Dei spørsmåla kan gjera noko klårt for oss. Då veit me at berre ein ting skil oss frå Gud, synda. Profeten seier det klårt: Dykkar synd har gjort skilsmål mellom dykk og dykkar Gud. Jes. 59,2. Berre det må ordnast. Når synda er borte og tilgjeven, er skilje mellom deg og din Gud borte. Då skal det ikkje meir til.

Det er altså ikkje tale om kjensler og stemning i oss. Det gjeld Guds tilgjeving til frelse.

Etter pinsedag står Peter fram og talar i Jerusalem og seier til jødane: Vend om så syndene dykkar kan bli utsletta. Apg. 3,19. Og då David hadde synda så grovt, sa han: Eg sanna mi synd for deg, Salme 32. Me skal vera ærlege og leggja alt fram for Gud. Svik i anden er å skjula noko eller bortforklara og leggja skulda på andre. David sa: Det er mi skuld. Då står det: Og Gud tok bort mi syndeskuld. Gud tilgav - og gløyme og gøymde synda.

Der synda er tilgjeven, er me frelste. Det er ikkje spørsmål etter kva me kjenner i oss eller "opplever" i sjelslivet. Det er godt å oppleva noko, men det varer sjeldan lenge. Då treng me noko fastare å halda tak i. Og det er grunnlaget for tilgjeving og frelse. Han kan tilgje avdi Guds eigen son har betalt for alt. Og det står fast i alle æve.

b) Eit anna spørsmål er: Kva er trua? Du prøver kanskje å få det til å tru, men lukkast ikkje. ­Då er det lett å gi opp, eller å gå gjennom livet som ein usikker kristen med lite glede i Gud.

Ordet i Rom. 10,17 har vore til hjelp for mange.Der skriv den same Paulus: Så kjem då trua av forkynninga - - og forkynninga kjem ved Kristi ord. KJN skriv dette slik: Så kommer da troen av det en hører, og det en hører kommer ved Guds ord.

Det å høyra er altså viktig. Og det er svært viktig kva ein høyrer. For det me lyttar til, skaper tru - eller tillit til det som vert sagt. Då vil me tenkja: det er sant det han seier.

Ordet om frelse står berre ein stad: i Guds ord. Der finn du vegen. Difor er det naudsynleg å høyra ordet forkynt - då blir trua fødd i hjarta. Difor seier profeten: Høyr, og du skal leva. Jes. 55.

Då vert det unaudsynleg å grava i sitt eige liv etter frelse. For då har du høyrt kva frelse er og kor du finn henne: I Guds ord - der høyrer du om Kristi frelsesverk. Og det held. Det er sikkert gjennom all tvil og alle vanskar.

Difor skulle me høyra mykje. Men viktig er det å høyra ei rett forkynning. Me skal ikkje fara hit og dit og få med oss alt som vert tilbudd på torget i vår tid. Det er den sikre veg til tvil eller iv erste fall ein falsk kristendom.

Dykk er det unnt - å tru.

Kristendom er nåde og gave.

2. Å lida for Kristus.

Paulus hadde kjent på kroppen kva liding var. Han visste det ikkje var romantikk og lette dagar. Han skriv sterkt om kva han sjølv har vore gjennom til dei kristne i Korint: "Eg har fått fleire slag. Eg har vore fleire gonger i fengsel. Eg har ofte vore i dødsfare. Jødane har fem gonger gjeve meg fortsi slag på eitt nær. Tre gonger har eg vorte hudfletta, ein gong steina, tre gonger har eg lide skipbrot, og eit døger har eg vore i djupet. Ofte har eg vore på reiser - i fare på elvar, i fare mellom røvarar, i fare mellom landsmenn, i fare i by, i fare i øydemark, i fare på hav, i fare mellom falske brør, i slit og strev, ofte i nattevaking, i svolt og torste, ofte i faste, i kulde utan klede." 2. Kor. 11,23b-27.

Han visste kva liding var. Likevel seier han: det er nåde.

Motgang var eit teikn på ei rett tru. Det høyrde med - avdi me lever i ei vond verd som hatar Gud og hans folk. Til Timoteus skriv han: "Alle som vil leva gudfryktig i Kristus Jesus, skal verta forfylgde" 2. Tim. 3,12.

Det er eit sterkt ord til oss som har det så lett og godt. Det har dømt meg ofte. Har me det for godt i landet vårt? Me opplever så lite motstand. Er me ikkje tydelege nok i trua?

Dei første kristne var glade når dei måtte lida. Dei kjende gleda i seg over å få likna Jesus på den måten også. Apg. 5,41. Smerten i kristenlivet høyrer med. Det skal me hugsa når me kjenner litt spott og høyrer hånord for at me trur på Guds ord og seier me er frelste.

Me opplever det for Jesu skuld.

Om Moses står det: Han akta Kristi vanære for ein større rikdom enn skattane i Egypt. Hebr. 11. Han såg fram til løna. Det var løysinag for han og, slik som for martyrane. Mange gjekk med smil om munn mot løvene i Rom, sjølv om dei kunne skjelva og ynskja å få leva litt lenger. Som Paulus visste dei at det beste var igjen, dei kunne gleda seg over at reisa var over. Dei stod snart ved målet. Fil.1, 23.

Det er nåde å lida for Jesus.

Dykk vart det unnt, ikkje berre å tru på Kristus, men og å lida for han. Slik skriv Paulus. Det er Guds ord.

Fil. 2, 6-8. Jesu 'skikkelse'

I dette avsnittet talar Paulus om Jesus Kristus. Korleis er eigentleg Frelsaren? Her finn me mange sider og eit vakkert bilete av Han. Ein meiner at dette opphaveleg var ei salme eller ei trusvedkjenning i tidleg tid. Paulus nyttar dette i brevet og står slik bak sjølve innhaldet.

I alle høve vil Paulus seia oss korleis Frelsaren er. Gud har fortalt oss om han. I Hebr. 1, 1 står det om at Gud har tala til menneska i tidlegare tider. Mange gonger og på fleire måtar gjorde han det. Profetane var Guds røyst og emnet var ein Frelsar for oss. I GT finn me dette ofte. Ordet om ein Messias er ikkje mennesketankar eller lause påstandar. Her finn me at Gud talar til verda.

Men i læra om Jesus finn me og at Han skulle koma og vera i fleire slags skapnader eller "skikkelsar". Og slik ser me her dei viktige drag av Jesu soge.

1. Jesus i Guds skapnad.

Først les me om Jesus i Guds skapnad, og det er hans tid i himmelen før julenatta. Me kallar det Jesu pre-eksistens, dvs. at han var eller eksisterte i æva før han vart menneske. Johannes skriv om det: I opphavet var Ordet - Joh. 1, 1. Ordet er bilete på Jesus: han var sjølve bodskapen fra Gud. Han ikkje berre tala om Gud eller var reidskapen hans. Jesus var sjølve det ordet som Gud tala ut til folket. Men Johannes skriv meir: Ordet var hjå Gud, og han var Gud. Alt dette talar om tida hans før han vart menneske.

Då var han i Guds skapnad, var lik Gud og var sjølv Gud av vesen fullt ut. Som Gud var han full av herlegdom slik Gud er herleg. I den øvsteprestlege bøna seier Jesus dette sjølv: "Og no, Far, herleggjer du meg hjå deg sjølv med den herlegdomen eg hadde hjå deg før verda vart til" (Joh. 17, 5). Her er det klårt sagt at Jesus åtte Guds herlegdom i æva. Kva anna kan herlegdomen "hjå Gud" vera?

Dermed var han sann Gud med alle Guds eigenskapar. Slik Gud er var Jesus. Han var heilag, rettferdig, allmektig på alle måtar. Dette er eigentleg uskjøneleg for oss.

Så legg Paulus til: han heldt det ikkje for eit røva bytte å vera Gud lik. Det var naturleg for han. Han hadde rett til det, han som sjølv var Gud. Difor hadde han rett og makt til å frelsa.

2. Jesus i ein tenars skapnad.

Dette er det neste steget for Jesus. Og då er me i krybba i Betlehem og ikkje i himmelen. Jesus vart eit menneske og kom til jord som alle andre born. Dette kallar me inkarnasjonen (lat. in carno: i kjøt): Han vart kjøt som me andre. I livet sitt viste han at han var menneske. Han ikkje berre vart fødd som eit menneske og oppførte seg som born flest. Han var i arbeid som snekker hjå faren i ikr. 20 år før han steig fram. Og seinare viste han at han hadde ein vanleg lekam: han vart trøytt, svolten og tørst som andre.

Paulus skriv om dette: han gav avkall på det og tok ein tenars skapnad på seg. Spørsmålet her er kva dette "det" tyder. Kva var det han la av? Dei lærde har strida om dette. Men det står kanskje klårt nok her: han hadde Guds skapnad og var Gud lik i makt og mynde - men han gav avkall på det.

Han vart ikkje berre menneske som me. Han la ikkje av det å vera Gud i seg sjølv. Men han la av seg den skapnad eller skikkelse han hadde som Gud. Han la av seg drakten for å seia det slik. Og den parallellen me fann i Joh. 17, 5 viser og dette: Han bed ikkje om å verta Gud att, for det var han heile tida. Han bed om å få att herlegdomen hjå Gud. Det var den han la av.

I Joh. 1, 14 står eit anna ord om "Ordet": Det vart kjøt og tok bustad mellom oss. Det er same tanken: Jesus kom til jord, men på ein annan måte enn som Gud. Han vart kjøt, slik me menneske er av kjøt og blod.

Jesus var altså Gud heile tida. Han var sann Gud og sant menneske i ein person medan han var på jord. Og det var naudsynleg. Han kunne ikkje frelsa oss syndarar i Guds skapnad. Han måtte bli lik oss for å hjelpa oss. Ingen kan sjå Gud og leva, hans herlegdom og utstråling er for sterk for oss.

Han var altså Gud i seg sjølv, i si natur, men han brukte ikkje si makt og sin rett som Gud alltid. Han viste det ikkje fram at han var Gud. Han kunne gjort det. På krossen kunne han ha stige ned og med ein pust sopa rein heile Golgata. Men han gjorde det ikkje - og det hadde med tenesta hans å gjera.

Me finn eit ord om dette i Hebr. 1, 3 og: Han er avglansen av Guds herlegdom og biletet av hans vesen, og han held alle ting oppe ved sitt mektige ord. Medan han var på jord, synte han ikkje fram heile Guds herlegdom og vesen. Han var berre ein svak avglans av det og eit meir eller mindre klårt bilete av Gud.

Me ser dette klårt i den athanasianske trusvedkjenninga. Der er det sagt at alle dei tre personane er innbyrdes like evige og "jevnbyrdige". Jesus er Guds Son, både Gud og like eins menneske. Han er fullkomen Gud og fullkoment menneske.

Då Jesus kom som menneske, kom han for å tena. Det seier ordet klårt. Han tok på seg ein tenars skapnad. Ordet tyder her ein slave eller træl (gr. doulos). Dei skulle gjera det verste arbeidet og ta på seg det andre ikkje ville. Eit døme på det er då Jesus vaska føtene til læresveinane. Det var slavane si oppgåve. Her stig Jesus ned - han som er Guds Son og skapar av heile verda. Han tener sine underordna. Og så seier han: slik skal de gjera med kvarandre. Han gjev oss eit føredøme på vår teneste. Det er ord til alle prestar, predikantar og misjonærar. Og her har me alle svikta mange gonger. Det er lettare å be andre gjera ei låg teneste enn å stille gjera det sjølv - med glede og takk for at eg fekk gjera det. Elles ser me korleis Jesus heile livet gjorde vel mot andre. Livet hans var i sanning ei teneste.

3. I ein fornedra skapnad.

Jesus steig djupare ned enn berre å tena. Han nedra seg sjølv, står det. Han gjorde det friviljug. Og nå nærmar me oss det lågaste punkt eller trinn på stigen. Han går stadig nedover i si gjerning. For dette er meir enn ei teneste. Å fornedra seg sjølv tyder å verta liten, spotta og handsama som ein slave.

Han fekk motgang på fleire måtar.

1) Først av menneske. Me les om korleis dei spotta han. Hans eige folk vende seg frå han. Han som var Gudssonen og ville alle vel, fekk motbør. Tenk at han den reine og heilage måtte oppleva å bli spytta på! Det er vanskeleg nok for oss menneske. Og her står Kongesonen frå himmelen og møter det.

2) Han vart lydig - det er ein del av den fornedra skapnad. Han kan kreva lydighet som skapar og Herre. Men her er han sjølv lydig - mot heile Guds lov. Ikkje eit bodord vart brote og ingen gjerning ugjord. Han levde eit fullkome liv, og han levde det for oss. Det var vårt liv og vår lydnad han gjorde.

3) Han døydde på ein kross, og for oss. og tok med det synda på seg. Det er eit mektig emne. Me kan berre gjera nokre streiftog nå. Men Bibelen har fleire sterke ord om Jesu gjerning. Profeten Jesaja 53,5 er sers klårt: Han vart såra og knust for oss, straffa låg på han. Det er langfredag på Golgata. Då vart Jesus dømt som ein syndar og måtte bera ansvaret for synda. Det var ikkje lettare for han å døy som syndar enn for oss. Han bar straffa og vart dømt. Gud handla med han som han ville handla med den verste syndar på jord. Ja, meir enn det - han bar jo alle synder!

Døyparen Johannes såg det og sa: Der er Guds lam som tek bort verda si synd. Og i 2.Kor. 5,21 skriv Paulus: Han vart gjort til synd for å frelsa oss, Det er veldig. Han som var rein og uskuldig var nå skuldig i alt. Til Gal. 3,13 må han skriva: Han blei ei forbanning for vår skuld.

Det er det djupaste trinn i fornedringa. Lenger ned kan ein ikkje koma. "Så sank du i vår jammer ned, så dypt som ingen vet." "Du gikk for meg en blodig sti, og jeg som skyldig var ble fri."

Det har vår Frelsar gjort for oss. Han har frelst oss fullt og heilt. Det vantar ingen ting. Du skal sleppa å gjera det minste. Frelsa frå Golgata er fullstendig og fullkomen. Det fekk Paulus oppleva (kap. 3), og mange av oss har sett oss fri og glad på det Gud gjorde på korset.

Har du gjort det?

Fil. 2, 8. Ein fornedra Frelsar

Me vil stansa ekstra ved den djupe sanninga om Jesus som lydig til krossen. Det er Bibelen si djupaste sanning, men og den alle viktigaste. Utan den er alt det andre til fånyttes.

Me ha lese om at Kristus vart menneske, vart ein tenar og fornedra. Han møtte motstand, men han var lydig til det siste. Der på krossen lydde det forløysande og triumferande ordet: Det er fullført. Joh. 19, 30. Då var gjerninga gjord.

Om frukta av dette seier Paulus ein annan stad: "De kjenner vår Herre Jesu Kristi nåde, at han for dykkar skuld vart fattig då han var rik, for at de skulle verta rike ved fattigdomen hans" (2. Kor. 8, 9).

Fil. 2, 9-11. Jesus opphøgd

I dette avsnittet fylgjer me Jesus på ein ny veg. Nå er han ikkje lenger slave eller i ein fornedra skapnad. Nå ser me han i ein ny guddomeleg glans. Me møter fleire sider ved Jesus i herlegdomen her.

I ein opphøgd skapnad.

Etter den djupe fornedringa møter me Jesus her i ein ny skapnad. Han kjem mot oss i ein opphøgd “skikkelse” eller stilling. Her går han fleire trinn oppover, slik han gjorde nedover. Gud opphøya han, høgt over alle andre. Han fekk eit namn over alle andre. Denne opphøyinga var eigentleg berre ein konsekvens av fornedringa, ei naturleg fylgje av at gjeringen var gjort. Han trong ikkje lenger vera fornedra, han kunne innta sin gamle stilling i himmelriket.

Kva er desse trinna oppover? Me vil fylgja han steg for steg.

1. Oppstoda påskemorgon.

Denne dagen syng me frimodig og med rette: Påskemorgen slukker sorgen - til evig tid. Denne dagen er viktig for oss, oppstoda er Guds kvittering for frelsa. Alt var godkjent av Gud, og Han kunngjorde det for alle ved å reisa Jesus opp or grava.

Paulus skriv til korintarane at oppstoda var etter skriftene. 1.Kor. 15,4. Det kom altså ikkje uventa på jødane om dei hadde lese Skriftene og sett at Jesus frå Nasaret var Messias. Men diverre var det mange som ikkje skjøna profetane.

Så viktig var det, skriv han i v. 14, at trua vår var tom og ingen ting dersom Jesus hadde vore i grava. Ja, den var gagnlaus og me var alle fortapt.

I v. 20 er det som han jublar og seier: Men nå er Kristus oppstaden! Og Hebr. 1,4 viser oss at Jesus har vorte så mykje større enn englane.

2. Himmelfarten

Dette er dagen då Jesus reiste heim att, og tok over sin rette plass i himmelriket. Hebr. 2,9 seier at han er krona med herlegdom og ære. For då fekk han alt attende og gjer nå bruk av si makt og kan vise sin herlegdom fullt og heilt.

Kva tyder så denne dagen for oss? Me veit at jul tyder Jesu kome som menneske, påske er tida då han leid og døydde for oss. Pinse tyder at Anden kom til jord som vår talsmann då Jesus forlet jorda.

Men Kristi himmelfartsdag? Kva er det?

Det var dagen då han overlet ansvaret og tenesta på jord til sine vener. Då gav han misjonsbodet. I den fasen i livet sitt viser han at nå må dei ta over. Hans tid er slutt. De skal vera mine vitne, sa han. Apg. 1,8.

3. Noko meir i himlen

Jesus fekk noko meir då han kom til himlen enn han hadde hatt før. Det kan synast underleg, men er likevel slik. Nokre bibelord syner det.

I Joh. 17,6 seier Jesus i bøna si: Eg har openberra namnet ditt for dei menneska du gav meg av verda. Dei frelste er altså ei gåve til Jesus. I Joh. 6,37 finn me det same: Alle dei som Faderen gjev meg, kjem til meg. Det er stort å sjå kor verdfulle menneska er for Gud. Kor stor pris Jesus set på oss i himmelen, ser me også i eit anna bibelvers.

I Hebr. 12,2 kan me lesa: "For å oppnå den gleda som venta han, leid han krossen med tolmod, utan å akta vanæra." Og kva slags glede var det? Han kjende himmelriket sin herlegdom, han visste om engleskarane. Men noko er nytt etter Langfredag og oppstoda: frelste menneske av alle folkeslag er der. Dei gledde han seg til å møta og vera saman med i all æve.

I Jes. 53,12 står det også noko me trur gjeld dette: Difor vil eg gje han dei mange til del og sterke skal han få… Gud sjølv seier dette om Son sin. Han skal få dei mange - og nokre sterke. Profeten såg altså at mange skulle bli frelst, til og med nokre stormenn.

Og NT er klår her som elles: Johannes såg ein så stor skare av frelste at dei ikkje kunne teljast. Åp. 7,9. "Som tusen bjerge full av sne." Kvar kristen skal vera med der - og gleda Frelsaren.

Prøv å sjå litt inn i dette: Du er til glede for Jesus. Han elskar deg så høgt at han døydde for deg, han kalla deg til seg og frelste trass i alle synder du hadde gjort. Og så ser han fram til å sjå deg att i himlen. Det er litt av opphøyinga hans.

4. Jesu atterkome og domen

Heile Bibelen lærer om Jesu atterkome og dom. Ei side ved det er at Jesus då vart opphøgd endå meir. Då skal han få ære på ein annan måte enn i himlen. Gud har då "storleg opphøgt han", v. 9. Han får namnet over alle andre: Frelsarnamnet og Herre-namnet. Han er ikkje lenger barnet, men kongen. Her er nemnt to ting som skal skje då.

a) Alle kne skal bøya seg i Jesu namn og visa han ære. Her gjeld det ikkje (berre) dei frelste. Heile himmelhæren skal æra Jesus, dei døde saman med dei levande. Dei som trudde og dei som forakte han. Alle er med. Det blir eit universelt bønnemøte der alle til slutt må sjå og erkjenna: Jesus er Gud.

b) Dinest skal alle bekjenna at Jesus er den han sa han var. Det er sant det han sa og gjorde. Mange vil oppleva at det då er for seint. Dei skal ikkje berre sjå og erkjenna det. Dei må seia det, vedgå det for seg sjølv og for andre og ikkje minst for Gud. Kvar tunge skal sanna at Jesus var Gud og æra han. Det blir noko til vitnemøte.

Kva tid det blir og kva rekkefølge alt skal skje i, veit me lite om. Ikkje alle ser det likt her. Men at det skjer er sant. Men det tyder ikkje at alle blir frelste til slutt. Det blir tvert om ei stor skillsmisse då. Då blir det klårt for alle kven som trudde og kven som ikkje ville. Truleg blir mange overraska då. Også dei fortapte må erkjenna: det var sant. Jesus er den einaste frelsar.

Misjonær P. A. Bredvei skreiv ei bok med tittelen: Smerten i Jesu gjenkomst, i 1954. Og smerten var: Mange millionar har ikkje høyrt. Kva gjer me med det? Kan eg vera med å visa ei sjel til Jesus før dette bønnemøte då alt er forseint? Og mest av alt: Er eg rede nå, i dag?

Vi må ferdige stå, brudedrakten ha på, og med olje i lampe og kar. Snart så lyder det bud: du skal møte din Gud. Du skal se ham som sonoffer var!

Fil. 3, 4-8 Forkasta alt - få alt

I dette avsnittet får me vita mykje om Paulus, korleis han var og korleis han vart ein kristen. Difor er det eit godt døme på ein rett kristen - både i omvending og i kristenliv. Ja, noko ved Paulus si omvending er og må vera lik alle kristne til alle tider. Me kan ikkje modernisera sjølve omvendinga, den er fastsett av Gud. Og i sume måtar er Paulus eit førebilete for oss, 1. Tim. 1,16. Trass i at mangt er ulikt med oss menneske, er noko alltid likt med dei kristne.

Paulus går over frå å vera ein farisear til å bli ein sann truande. Det viser at dette verkeleg går an! Og det skjedde då han fekk del i evangeliet. Dette bibelavsnittet kan difor bli ein prøvestein for oss: er eg rett omvendt til Gud? Me skal ikkje vera redde for å spørja slik. det kan driva oss nær inn til Jesus i ransaking og prøving. Det kan igjen føra oss inn på ein tryggare grunn for trua der me berre reknar med Jesus og ikkje oss sjølve. Det hende med Paulus.

Kvifor og korleis hende det?

I. Først: han forkasta alt sitt eige, v. 7.

Han såg at heile livet hans var unyttig og han rekna det for skarn, for skrap. Han såg altså heilt annleis på sitt tidlegare liv enn før. Det hadde skjedd noko radikalt med han. Kva var det som var så nytt? Og kva var det i hans liv han måtte forkasta?

Først: Det han hadde frå fødselen. Farisearane var stolte av det dei var fødde til og rekna det som ei førmon.

Paulus var omskoren på den 8. dagen. Det var ein religiøs seremoni jødane hadde - som andre folk også har. 3. Mos. 12,3. Den vart nøye utført på alle guteborn, og slik vart dei innlema i Israels folk. Her er det med andre ord ikkje tale om eit personleg val for å bli jøde.

Dinest seier han at han var av Israels ætt. Han var altså ein ekte jøde og ikkje ein proselytt som hadde gått over til jødedomen. Han ætta med andre ord frå Abraham. Av dei tolv stammane høyrde Paulus til Benjamin som budde i nærleiken av Jerusalem. Denne stammen hadde kome attende frå Babel etter fangeskapet der.

Her konkluderer han med at han var ein hebrear fødd av hebrearar og var dermed ein ekte jøde som hadde alle fordelar jødane hadde. Til efesarane tala han om dette slik: heidningane var uomskorne, utestengde frå Israels borgarrett og framande for paktene med deira lovnad. Dei var utan Gud og utan von i verda. Dei var langt borte frå Gud. Ef. 2, 12f. Alt dette åtte Paulus. I v. 4 seier han: det kunne han setja si lit til. Det var noko han bygde på til frelse.

Dinest tala han om sine eigne gjeringar. Han var ein farisear, og i denne samanhang tyder det ein fin moral. Han tilhøyrde den strengaste religiøse og moralske gruppa i landet. Dei levde verkeleg fint og tok det aldri lett med dei miste ting i kvardagen.

Fåren ved eit slikt liv er at ein stoler på sine gode gjerningar og let dei vera frelsesgrunn. Farisearen i templet gjorde det, Luk. 18,11ff. Han takka Gud for at han ikkje var som andre og rekna opp mange gode gjerningar. Han bad ikkje om noko, berre takka for det han sjølv hadde gjort.

Jesus tala om farisearane i Mat. 23 og seier dei gjorde alt for å bli sedde av menneska. Dei var fine på utsida - det folk såg. Men på innsida var dei fulle av allslags ureinskap. I v. 28 kjem forklaringa: Dei gjorde inntrykk av å vera rettferdige i det ytre medan dei var fulle av hyklarskap på innsida (KJN). Og det er ikkje nok i møte med Gud i dommen.

Difor sa Jesus i Bergpreika at rettferda måtte vera mykje større enn den farisearane hadde, Mat. 5,20. Det er alltid ein fåre for oss å tru at me er gode nok i oss sjølve. Då er me blitt farisearar same kven me er. Korleis har du det ? Har Anden fått visa deg korleis du eigentleg er?

Paulus sa ein ting til: Han var lytelaus i rettferd etter lova, v. 6. Han var ulasteleg (KJN) eller "uangripelig" (svensk 1981, og dansk Seidelin 1975). Det er sterke ord, og me trur at han verkeleg meinte det. Ingen skulle kunna finna feil ved han om dei samanlikna livet hans med Mose lov. Han var altså komen utruleg langt på sin religiøse veg. Så nidkjær var han at han forfylgde dei kristne - han rekna dei som fråfalne og skadelege. Han meinte det var rett å fengsla dei, ja drepa dei. Han var altså brennande for sanninga. Og dette var ei vinning for han, slik han såg det før. Han trudde han var på rett veg til himmelen - på grunn av sitt eige liv!

Slik levde han i mange år i sjølvbedrag. Sikkert det mange slike nå også. Dei stolar på det dei er og har gjort.

II. Han lærte å kjenna Jesus.

Det rann ein ny dag for Paulus i og ved Damaskus. Han fekk eit nytt liv. Han var på veg til Damaskus for å fengsla dei kristne. Han var svært nidkjær og ivrig i den tenesta. Før han nådde fram hende noko: Det stråla eit lys mot han, Apg. 9,3. Då såg han noko nytt om seg sjølv. han fekk vel nærast eit sjokk: Alt det han sjølv hadde gjort og vore, var totalt mislukka og difor ubrukbart! Livet og dei gode gjerningane hans var unyttige, ei hindring for han, ja rett og slett ei skam.

Nå akta han det for tap, for skarn alt saman. Det må ikkje ha vore lett. Men dit må alle koma for å bli frelst. Me må døy bort frå alt vårt eige og sjå kor syndige me er i hjarta. Me ser ikkje alt på ein gong, men ein ærleg kristen vil sjå meir og meir kor syndig han er i hjarterota. I boka Veiledning til fred skriv Rosenius om dette: "Derfor er dette det viktigste i all syndserkjennelse at en kjenner hjertets fordervelse: den forferdelige forakt for Gud, sikkerhet, vantro, hardhet, hykleri og all vondskap." Og han skriv: "Det å kjenne den vonde natur og fordervelsen i sitt vesen er det aller viktigste." Elles blir kristendommen vår lett ein teori eller ei lære - mellom mykje anna.

Men kva anna nytt fekk han sjå?

Jesus blei ein annan for han, han fekk sjå han på ein ny måte. Nå var det ikkje om å gjera å forfylgja han. Nå ville han vinna Kristus. Han kjende Jesus før og visste noko om han. Men det var berre i hovudet, i tanke og teori. Nå fekk han eit personleg møte med Jesus som sin eigen frelsar.

Rett kunnskap er viktig. Mange har altfor lite av det. Men det er ikkje nok å vita om Jesus, me må vinna han slik at han blir personleg for oss. Det er den levande trua. Det er å eiga Jesus.

Først får me sleppa alt vårt eige, og så rekna med Jesus i alt. Slik blir kristendommen vårt liv. "Den som har Sonen, har livet", 1. Joh. 5,12. Og "den som trur på Sonen, har evig liv", Joh. 3,36.

Dette har alltid vore vegen til Gud. Nokon annan veg finst ikkje. Det er ved å ta imot Jesus som frelsar me blir rettferdige for Gud. Har du blitt det? Ennå er det tid og ennå er det rom. Kom medan det er dag.

Fil. 3,9. Rettferdig for Gud.

Paulus trudde han var rettferdig for Gud då han var ein farisear. Men han bygde på feil grunnvoll. Det er ikkje alle som seier dei er kristne, som er det. Me kan ikkje peika dei ut og døma nokon på rett måte. Men i Guds augo er det skilnad. Og Paulus vart klår over det då han møtte Kristus. Han talar om to slags rettferd: mi eiga rettferd av lova, og rettferda av Gud på grunn av trua. Alle som opplever den levande trua på Kristus, vil sjå litt av det same hjå seg sjølv.

Å vera rettferdig er å vera rett i alle måtar i Guds augo, å vera fullkomen. Ettersom dette er ei sers viktig "sak" for ein kristen, vil me tala litt meir om det. Eit ord i Bergpeika talar klårt om dette: "Ver då fullkomne, liksom Far dykkar i himmelen er fullkomen" Mat. 5,48. Her er ikkje prutingsmon, her krev han alt.

Det er noko meir enn å streba etter å likna Gud, som S. Odland skriv i sin fortolking. For nå skal me tala om vår stilling hjå Gud, og ikkje kor moralske me kan vera på jord. Luther hadde ei stor naud: Korleis kan eg få ein nådig Gud? Tek me det spørsmålet for lett nå?

Lat oss samla nokre tankar om dette her:

1. Gud er fullkomen.

Bibelen viser oss Gud som heilag, rettferdig, god og allmektig på alle måtar. Me finn ingen mangler hjå Gud. Tviler du på Gud, om han fins, bør du søkja hjelp hjå dei som kjenner han, ikkje hjå dei som tvilar. Korleis kan dei hjelpa deg?

Heile Bibelen talar om denne eine Gud. Og han seier ved sin tenar Moses: "De skal vere heilage, for eg, Herren dykkar Gud, er heilag" (3. Mos. 19,2). Peter siterer dette ordet og viser slik at det gjeld i dag. 1.Pet. 1,15.

I 5. Mos. 10,17 les me: "Herren dykkar Gud, er Gud over alle gudar og Herre over alle herrar, den store, mektige og agelege Gud." Har me gløymt Gud nå? Folk lurer seg sjølv ved å tru dei kan gløyma han. Men Gud lever likevel! Og me må ropa det ut. Han står framleis ved sin vilje, han er like reell som i GT.

2. Me er ikkje fullkomne.

Det er den store kontrasten. Men du ser det ikkje om du berre samanliknar deg med andre menneske. Heller ikkje om du lagar dine eigne krav og bestemmer sjølv kva som er rett og galt. Det er ofte feilen. Me kan alltid finna nokon som er verre enn oss sjølve. Det er ikkje vanskeleg å finna feil hjå andre.

Nei, du må spegla deg i Gud sjølv! Du skal vera som han, så heilag og god som Gud i Bibelen er. Du skal elska dine fiendar og hata alt vondt, også i ditt eige liv.

Jesus har forklart korleis Gud er, Joh. 1,18. Difor må me leva som Jesus levde, ikkje noko mindre. 1.Joh. 2,6.

3. Klarar med det?

Spørsmålet blir: Greier me det? Sume prøver så godt dei kan. Dei er alvorlege og prøver etter beste evne. Då gjer dei akkurat slik Paulus gjorde: dei prøver loven sin veg.

Nokre meiner dei får det til og trur dei verkeleg har lukkast. Korleis kan det gå til? Det kan skje om dei slår av på krava, gjer vegen enklare og lettare slik at eit menneske kan klara det.

Men på den måten vert dei farisearar. Dei er nøgd med det dei får til. L. Hope fortel ei likning om dette: Ein skulle byggja ei bru over ei elv. Han hogg tømmer og skulle leggja dei over elva. Men stokkane var for korte. Dei rakk ikkje over. Kva gjorde han då? Han hogg rett og slett av målet, då fekk han det til å passa. Men brua vart for lita!

Kva har du gjort med det? Lagar du dine eigne lovar og bod - som er lette og greie å halda? I pengespørsmål, i sexliv, i abortsaka, i homofilisaka? Eller når du snakkar om folk, brukar tida på arbeidsplassen o.a.?

Den ærlege vil snart sjå det: dette maktar eg ikkje, eg kan gi opp, slutta med alt. Eg får det ikkje til. Min kristendom er ubrukbar.

Ja, det er vegen. Den som gir opp, er på rett veg.

4. Ein ny veg: Bli fullkomen i Kristus!

Denne rette vegen er å gi opp sitt eige strev. Ingen har noko anna von. Bibelen seier det slik: Den eg vil sjå til er den elendige, Jes. 66,2. Vår elendighet er vår synd, og den må bort.

Så skjer det utrulege, eit mirakel rett og slett. Syndaren blir fullkomen, han får alt han treng. Men det skjer ikkje ved å pynta på seg sjølv eller å forbetra seg. Ingen blir bra nok då.

Nei, me får alt me treng av Gud, av nåde ved tru. Guds eiga rettferd vert tilrekna oss som ei fri gåve. Difor kan profeten seia: Kom og kjøp utan pengar og utan betaling. Jes. 55,1. Og det kan skje avdi Kristus har betalt nettopp for vår rettferd.

Eg blir ikkje rettferdig i meg sjølv eller lever eit fullkome liv. Rettferdiggjeringa er ei juridisk handling: Gud dømer og seier: Den som trur på Kristus, er frikjend og rettferdig. Syndaren blir erklært rettferdig av Gud på grunn av at han trur på Kristi død. "Gud for alle riker dømmer selv og sier: Denne han er fri!" Pontoppidan skriv om dette slik: "Gud anser oss i Kristus som om vi aldri hadde syndet."

Den som omvender seg og trur, får dette av nåde. Dette er det Paulus skriv om: "Den eg får ved trua på Kristus, rettferda av Gud på grunn av trua," Fil. 3,9. Då er eg funnen i han. Då reknar eg ikkje lenger med lova og kva eg kan oppfylla. Då er eg gjort fri frå mine "plikter" til å leva fullkoment.

Det er dette han meiner i v. 8 når han seier at kunnskapen om Kristus Jesus har så mykje større verd enn hans eige liv. Han tenkjer ikkje på ein død teoretisk kunnskap. Nei, her er det tale om ein opplevd kunnskap, noko ein lærer å kjenna ved å erfara det. Ordet for å kjenna tyder det.

Mi eiga "jordiske" rettferd bør nok vera så god som mogeleg. Me skal ikkje forakta det. Men for Gud er ho alltid ubrukeleg. Då gjeld berre Kristus. Luther seier om dette ein stad: "Ved troen på Kristus blir Kristi rettferdighet vår rettferdighet, og alt det som er hans, ja han selv, blir vårt. Derfor kaller apostelen Paulus vår rettferdighet for Guds rettferdighet." Eller som Rosenius skriv: "Vi blir rettferdige uten noen fortjeneste eller verdighet fra vår side, men utelukkende av Guds nåde og gjennom den forløsning som er skjedd i Kristus."

Nå er spørsmålet: Er du ein slik personleg kristen, som kjenner Jesus ved denne erfaringa? Har Gud ved sin Ande fått synt deg at alt ditt eige må du forkasta, det kan ikkje brukast? Og så lært Jesus å kjenna på denne måten: Han er di eine og einaste rettferd? Utan den er du fortapt.

Men ennå er det tid. Me kan koma i dag.

Fil. 3, 10. Samfunn med Kristi liding.

I dette verset finn me fleire sterke ord og uttrykk om det å vera ein kristen. Eit av dei er at Paulus vil kjenna samfunnet med Kristi lidingar. Det er ein ingrediens i kristenlivet. Og me finn fleire ord om same sak i Bibelen. Me skal møta nokre av dei her.

Kva er Kristi liding?

Først av alt er det hans liding for våre synder då han hang på krossen. Det hende ein gong for alle, og ingen kan lida med han der. Hebr. 9,26; 10,12.18. Denne lidinga var "fullbrakt" på Golgata. Men me kan ha samfunn med denne lidinga ved å tru på Kristus og slik nyta godt av den frelsa han kjøpte oss. Dette er vår einaste von om frelse og ufatteleg stort for ein syndar.

Men så skriv Paulus i Kol. 1,24: Det som vantar i Kristi liding. Det må altså vera ei anna side som ikkje er ferdig. Den skal me sjå litt på nå.

Palmesøndag gjekk Jesus mot Jerusalem. Då han kom over Oljeberget, såg han byen - og gret (Luk. 19,41). Folket hadde ikkje teke mot bodskapen hans, dei ville rett og slett ikkje (Mat. 23,37). Det var ei ufatteleg stor smerte, for han visste dei ville gå fortapt.

Denne lidinga kan me ha del i! Framleis er det mange som ikkje vil tru og som spottar Guds Son. Her vil han dela samfunn med oss. Dette gjeld ikkje først og fremst aktivt arbeid i misjon. Her er det tale om ei inderleg sorg og smerte i sjela over dei ufrelste, i vårt land så vel som elles i verda. Gud elskar alle like mykje.

Kven er det så Jesus gret over i dag? Her trur eg det er fleire svar.

1. Han gret over oss kristne.

Ser me utover alle dei som kallar seg kristne i vår kyrkje, er det lite tvil om at ikkje alt er vel. Me har bispar og prestar og lærarar som offentleg lærer i strid med Guds ord - om abort, homofili, skilsmål, om kvinna si teneste i kyrkja og meir. Dette gret Jesus over.

Her er folk med kristennamn som ikkje berre lærer galt, men som lever etter det. Folk med kristennamn blir tekne for seksuelle overgrep mot born, og sume syndar på mange andre måtar mot Guds ord og bod. Mange av oss har nok falle i synder som sladder, usann tale og stygge tankar om andre. Det gret Jesus over.

Jesus tala om at på den siste tida skulle hans vener sovna, Mat. 25. Og Åpenb. 3 talar om ein kyrkjelyd i Laodikea som var lunken og ein i Sardes som var levande død. Dette er sløve kristne som ikkje tek det nøye med det indre livet i Gud. Lampene sloknar der Guds ord ikkje får råda og sinnnet blir oppteken med det som høyrer verda til. Blir me ikkje alle truffen av desse tankane? Kjenner me ikkje at søvnen tekk tak i oss?

Ser me at dette er eit bilete på vår tid? Og Jesus gret.

2. Jesus gret over dei ufrelste i Noreg.

Det er over 4 millionar menneske i Noreg nå, og Jesus ser kven som er hans eigedom. Den vakne kristne vil også skjøna at mange er utan liv i Gud, sjølv om me ikkje skal døma einskildpersonar.

Likevel er det åpenbart at mange er ufrelste i landet vårt. Det viser moralen deira og tale og tanke som kjem fram. Haldninga til Gud er endra ganske skremande dei siste tiåra. Eg trur det er sant at ein svært høg prosent av folket har avskrive Gud i sitt liv. Dei er Gudlause - og då er dei fortapt. Nå gret Jesus over desse mange.

3. Jesus gret over heidningane.

Heidningar er alle dei som ikkje har høyrt ein verkeleg bodskap om frelsa i Jesus. Nokre kan nok ha høyrt litt om den historiske Jesus, men dei kjenner ikkje Gudssonen Jesus som Frelsar. Det gjeld kinesarar, indarar, muslimar og mange andre. Dei går æva i møte utan von om frelse og himmel. Mange set si lit til ein falsk gud som ikkje kan hjelpa i æva. Ingen har tala til dei om Jesunamnet. Det gret han over.

Nå vil han leggja denne sorga og lidinga inn i oss. Han vil dela sine smerter med oss. Jesus vil be oss å gå inn i samfunnet med hans lidingar og få det vondt for dei ufrelste si skuld.

På ein engelsk skule fekk dei spørsmålet: Kva er å elska? Han som vann konkurransen, svara: Å elska er å lida! Det svaret gjeld oss. Vår kjærleik til Jesus skal målast på vår liding for Jesus. Då vert det ikkje lett å tena. Då får me vår "Getsemanekamp" med bønestsunder me aldri gløymer.

Moses var i bøn for sitt folk då Israel hadde synda, og han sa: Tilgje dei synda deira. Kan du ikkje det, så stryk meg ut av boka di! 2.Mos. 32,32. Og Paulus sa til romarane at han hadde ei stor sorg og ei vedvarande naud i hjarta for folket sitt. Han ville ynskja han var bannstøytt bort frå Kristus om jødane kunne verta frelst. Rom. 9,2-3. Dei var begge i samfunn med Kristi lidingar.

Og det gjeld oss. Me er kalla inn i dette. Kvar kristen skal vera ein sjelevinnar. Her er alminneleg "verneplikt", det er vårt "yrke". Og det kan vera slitsamt. Anders kom berande på ein annan gut. Ein mann ropte til han: Er han ikkje tung for deg? Nei, sa Anders, det er jo bror min!

Får me sjå folket som våre brør, blir ikkje tenesta tung. Dei andre blir våre folk.

Songaren spør: Er ditt liv innviet til Jesus, er du tynget av ufrelstes nød? Kva er svaret for deg? Me bed nokre gonger om å koma nærare Jesus. Men det tyder å lida meir. Å bli Jesus lik er å få mykje del i hans lidingar. Er me viljuge til det? For det tyder offer og kamp. Det blir ikkje roser og sollyse dagar.

Jesus sa ein gong til læresveinane: Sjå markene er kvite til haust. Joh. 4, 35. Han bad dei altså om å sjå korleis folket var. Dei skulle festa auga på andre menneske, på skarane som gjekk borte frå Gud. Nokre av dei var gamle og nær dødens port. Slik står mange framfor æva i dag også. Og nokre går fortapt.

I eit anna land drog ein far saman med guten sin ut på tur. Dei slo leir ved leva og guten leika ved stranda då far laga mat. Far formana og sa: Gå ikkje for langt ut, der er krokodillar. Så sette han seg med ryggen til elva og stelte til måltidet.

Snart ropa guten: Far! skund deg, krokodillen har tak i meg. Og så vart vatnet farga med blod. Far kom for seint.

Slik er situasjonen. Og mange kristne tek det med knusande ro og er ikkje med i noko arbeid for sjelene. Det ser ut til at dei er mest opptekne av sitt eige liv og sin familie.

Skunda deg. Det er snart kveld.

Fil. 3, 12-16. Gripen av Kristus

Kristenlivet er på fleire måtar underleg. Det er fullt av motsetnader og difor ofte vanskeleg å skjøna. Dette avsnittet viser noko av det.

Før Paulus skriv dette har han fortalt om si eiga omvending, om si fortid då han var ein eigenrettferdig jøde, og korleis han vart frelst og frigjort. Klårt og tydeleg viser han at alt hende ved tru på Kristus, og han kunne ikkje bruka noko av det han før hadde gjort. Berre trua på Kristus førte fram. Det såg han i dagane etter Damaskusopplevinga.

Og denne frelsa var fullkomen. Det mangla ingen ting på den.

Var Paulus også blitt fullkomen? I kvardagslivet sitt og i truslivet? Var han ferdig? Var alt vel?

Dette er nokre av spørsmåla som dette avsnittet rører ved og tek opp. Han viser oss ikkje berre omvendinga si og kva han trur. Her syner Paulus oss litt av sitt daglege kristenliv. Korleis er det å vera ein kristen til dagleg?

Det trur eg er saka her.

1. Han er ikkje ferdig, v. 12-13.

Han innrømmer det ope - noko mangla. Hadde han ikkje frelsesvisse? Jo. Trudde han ikkje at synda var tilgjeven? Jo. Var han blitt heilt rettferdig for Gud? Ja. Han kunne seia og synga og tru: Ren og rettferdig himmelen verdig er jeg i verdens Frelsermann !

Det var Paulus sitt vitnemål og indre song. Kva er det då som skjer i desse versa?

Han opplever ei spenning mellom ein fullkomen nåde og eit ufullkome kristenliv. Her gjeld det ikkje (berre) ytre moral, men meir denne kjensla: Eg strekk ikkje til. Paulus såg i seg sjølv så mange feilgrep, så mykje ugjort i sitt eige liv, mange krokar i hjarta der synda ville inn.

Han opplevde med andre ord den lutherske læresetninga på latin: Simul justus et peccator. Dei gamle lutherske fedrane sa det slik: På same tid er du rettferdig og ein syndar. Det er kristenlivet. Det har dei truande kjempa med alle dagar. Paulus gjekk heller ikkje fri.

I Rom. 7 skriv han om denne helgingskampen hjå eit Guds barn: Viljen har eg, seier han, men å gjera det gode, maktar eg ikkje, v. 18. Ja, det gode vil eg, men eg gjer det ikkje. Eg gjer tvert om det vonde, v. 19.

Han har funne den "lov" hjå seg sjølv at han vil gjera det gode, men det vonde ligg for hånda hans, v. 21. Det er noko som skjer med han, slik opplever han kristenlivet. Etter sitt indre menneske sluttar han seg til Guds lov, med glede - avdi han er fødd av Gud og har fått Guds sinnelag. Ei anna omsetjing skriv: "Jeg fryder meg i Guds lov etter det indre menneske" v. 22,KJN. Det atterfødde sinn ynskjer og vil gjera Guds vilje. Dette er eit teikn på at ein er fødd av Gud. Me har fått eit nytt sinn som vil leva i harmoni med Guds ord.

Men, skriv Paulus. Erfaringa hans stansar ikkje her. Han maktar ikkje dette nye livet. Han gjer faktisk ikkje det gode. Det vonde er så nær han som hånda er det.

Her er det Paulus kjempar og slit. Har du og vore der - ofte kanskje? Du får ikkje kristendommen din til. Sume gir opp då.

2. Paulus har ikkje gitt opp.

Han brukar nokre svært sterke ord om seg sjølv og korleis han har reagert på si erfaring. I v. 12 seier han: Eg jagar etter å gripa det. Vers 14: Eg gløymer fortida som ligg bak, og strekkjer meg ut etter det som ligg framfor, eg jagar mot målet.

Han må halda fram, elles er alt tapt. Det er slik med ein idrettsmann også: gir han opp i dei siste minutt, har han tapt alt og får ingen pris.

Her er det viktig å kunna gløyma. Me har lov å gløyma fortida. Den vil lett kasta skuggar og stenga dører for oss. Fortida kan plaga og pina ein kristen utruleg sterkt. I lange netter kan den minna oss om det me gjorde og det me ikkje gjorde men skulle ha gjort!

- Det som ligg bak. Livet vårt både som verdsleg og kanskje ein grov syndar. Men også det kristenlivet me har levd. Det kan og bli ei plage. Me skal ikkje skjula det eller unnskylda det. Me skal erkjenna og gjera opp med Gud og med menneske der det er naudsynleg. Dette siste kan vere vanskeleg. Her er det god hjelp å tala med ein sjelesyrgjar om korleis ein skal og bør gjera det. Djevelen gjer det ofte floket for oss for å få oss bort frå vegen. Ein samtale med ein kristen bror og søster kan løysa flokar for oss.

Men når det er oppgjort og du har fått tilgjeving av Gud, så hald gravferd over fortida di. Slepp den og lat den liggja der. Når djevelen vil dra den fram att, vis han til gravstaden: Du er gravlagd med Kristus og stått opp til eit heilt nytt liv der det gamle er borte.

- Like viktig er det i kristenlivet og helginga å sjå framover.Sjå fram mot målet, løna, frigjeringa. Er ikkje det verd all kamp? Om Jesus står det i Hebr. 12,2: "For å oppnå den gleda som venta han, leid han krossen med tolmod, utan å akta vanæra." Det er i denne samanhang me vert oppmoda til å sjå på Jesus og gå vidare i kampen med tolmod. Me har også noko i vente, men alt kan gå tapt dersom synda og verda grip oss i siste etappe. Himmelen er ikkje sjølvsagd for nokon."Nei, her gjelder trenge, ja, trenge seg frem…"

3. Om å halda fram i same spor, v. 16.

Skal det lukkast å nå fram, er det ikkje nok å halda fraam, skriv apostelen. Me må halda fram i same spor. Kva slags spor er det?

Det må vera dei spor eller den veg som fedrane gjekk og som Kristus og apostlane hadde rydda for oss. Og det fører tanken vidare inn i Guds ord. For der er desse spor oppskrivne. Der finn me dei. Skriftene er vårt vegkart. Skal me nå fram, må me leva vårt kristenliv etter dei.

Her er me inne i ei sers viktig og fårleg tid nå. Fleire av dei toneangjevande leiarane i kyrkja har gitt tydelege signal om at dei ikkje fylgjer den gamle boka, men omtolkar den slik at folk flest kan akseptera det. Det gjeld nå fleire biskopar og endå fleire prestar og teologiske lærarar. Oftast fylgjer folket "bjøllesauen" når denne viser ein lett og ufarleg veg.

Dette viser at me er inne i ei ganske sterk fråfallstid. Guds ord er ikkje lenger den absolutte autoritet over tru og liv. Fleire frukter er synlege, og dei vil truleg auka i tal og intensitet i åra som kjem. Det er indre åndeleg svikt i folket når kristen moral har rasa saman, når trua på den eine sanne Gud snart er borte for det store fleital av folket vårt, når folk er slutta å tru på livet etter døden og Guds dom.

Paulus såg denne fåren klårt, jfr. t.d. Apg. 20,29f.: "Det skal koma glupande ulvar inn mellom dykk, som ikkje sparer hjorden…" Difor skriv han her i v. 17 at lesarane skal fylgja etter Paulus avdi han fylgje etter Kristus på den rette måten, 1.Kor. 11,1. Han var ikkje åleine om det, difor skal dei også gi akt på andre som lever rett etter Skrifta. Men dei som svik, skal me ikkje fylgja, men skilja oss frå.

Det er også vår veg.

4. Kva var løyndomen til siger?

I vers 12 skriv Paulus korleis me skal sigra her: "Av di eg sjølv er gripen av Kristus Jesus." Det tyder først at Kristus har gripe tak i han og teke han bort frå det gamle livet og sett han over på ein ny veg. Paulus vart omvendt til Jesus der ved Damaskus.

Dinest må det tyda at Kristus er blitt stor for Paulus. Han er blitt "gripen" av Jesus og hans frelse. Det gamle livet er i sanning borte. Livet for han er nå Jesus Kristus. Han vil leva for han og døy for han, jfr. kap. 1,21. Heile hans liv er ein stadig lengt etter Kristus, som ein skriv. Han ynskjer å sjå meir av han, skoda djupare inn i det store frelsesverk som vart fullbrakt på Golgata då Kristus fornedra seg sjølv, kap. 2,8.

Dette har han ikkje ennå gripe fullkoment. Her har han også mykje att. Men han jagar etter det. Krafta i evangeliet er løysinga og løyndomen til eit nytt liv. Men han vil ikkje nå det i fullt mål før han er framme, i oppstoda frå dei døde, v.11. Slik er det med oss alle. Først då grip me frelsa heilt og fullt. Til den dagen skal me jaga framover - mot målet.

Fil. 3,17-21.Dei mange - og me.

I dette avsnittet er fleire rike tankar. I v. 17 bed han lesarane leva som han! Han var så viss om at han var på rett veg, at han kunne be andre inn på den vegen. Torer me det? Paulus var eit førebilete og døme for lesarane. Det var slik kristendommen for ein stor del auka i den første tida.

Når han så tenkjer på folket, ser han to flokkar. Det gjeld Filippi og andre stader. Verda er delt i to: dei frelste og dei fortapte. Her gjeld ikkje politiske eller etniske skiljeliner. Det er ikkje spørsmål etter om me er snille og stygge som menneske. Her er andre grenser.

A. Dei mange, v. 18.

Jesus talar om dei i Mat. 7,13-14. Dei går på den breie vegen og endar i fortaping. Det same seier Paulus her. Det er alle heidningane og dei ufrelste. Alle som ikkje har liv i Gud. Kva seier Paulus som dei?

1. Dei er fiendar av Kristi kross.

Det er det første han nemner, og kanskje det viktigaste kjenneteiknet på dei ufrelste. Dei har vraka forsoninga som frelsesveg. Det er den einaste veg til himmelen, og den vil dei ikkje gå. Mange kan godt akseptera ein religion og tale om ein Gud, men dei foraktar Jesus som frelsar. Sume vil vera kristne, men vil ikkje høyra om blodet og krossen. For den som trur på soning ved blod, erkjenner at han er dømd og fortapt.

2. Mos. 12 viser klårt at berre blodet frelser. Israel vart utfridd frå Egypt ved lammet sitt blod. Og Hebr. 9,22 seier: Utan blod blir utgytt, skjer ikkje forlating. Johannes skriv til sine vener: Jesu, hans sones blod, reinsar oss frå all synd. Og dei frelste kom inn i himlen på blodet, nokon annan grunn er ikkje gitt. Åp. 7,14f.

Gud være lovet, min sjel er frelst, i kraft av blodet…

jeg var fortapt og så ingen vei, da så jeg blodet!

2. Difor endar dei i fortaping.

Målet og framtida for dei som vrakar frelsa, er fortapinga borte frå Gud i all æve. Det seier Bibelen klårt. Og det er eit skilje mellom Gud og menneske som ein aldri kan passera. Me veit lite om korleis det vert der og kva lidinga vil vera. Men dei vil aldri få ein ny sjanse til å ordna si sak med Gud. Luk 16. Mat. 25,46. Åp. 14,10 og 20,15.

Dette er noko av det verste ein kristen tenkjer på. For me veit det er sant. Difor ville me gjerne ropa til alle: Kom i dag, nå er det tid å venda om. Brorson syng om dette:

Å, skulle du til dette la deg tigge? Det gjelder jo ditt eget sjeletarv.

Det er så hårdt i helvede å ligge, det er så godt å eie himlens arv.

3. Dei ufrelste viser det i livet.

Levemåten viser kor me høyrer til. Det er ikkje sant at nokon kan leva som kristne aldeles anonymt. Byen som ligg på eit berg, vil folk sjå. Livet er ein spegel av vårt indre.

Dei har buken til gud, står det. Dei lever for seg sjølv. Sume trur dette tyder eit liv i fyll og drikk. Vidare set dei si ære i si skam. Her meiner ein at han talar om seksuelle utskeiingar. I alle høve er det bilete på synder, og at dei ikkje skammar seg over å synda. Dei nektar til og med at noko er synd. Slagordet vert: Eg har lov til alt.

Vår tid viser mange slike trekk i folkelivet. Skamma synest å vera borte. Folk "står fram" i TV og aviser og fortel korleis dei lever i strid med Guds ord, i homofili og andre seksuelle synder. Folk skryt av at dei er frigjorde fra gamle skikkar og former - og dei får skryt av journalistar og mediafolk.

Dei trår etter det jordiske, står det. Verda og jordelivet er blitt hovudsak - sjølv om den er vår fiende! Der denne verda får plass, må Guds Ande ut, og dei stenger seg sjølve ute frå Guds rike. Det er alvor. 1. Joh. 2,15.

4. Paulus har nød for dei, v. 18.

Han har sagt dette ofte til dei då han var i Filippi og tala til dei. Paulus er ikkje redd for å ta seg sjølv oppatt. Han kritiserer ikkje og dømer ingen. Han viser dei berre kva Gud har sagt. Me gløymer lett dei fortapte i alt det me elles er opptekne med. Og dei ufrelste ynskjer å gløyma kva veg dei går på.

Men denne gongen skriv han. Og nå skjer det med tårer. Han har stor sorg over dei som går på den breie vegen. Han tenkjer på dei mange utan liv i Gud, mellom hans eige folk og heidningane han er send til.

Så kjem tårene: Tenk om dei går fortapt evig! For ein gru.

Korleis er det med oss: Kor er tårene? Har me gråt for dei ufrelste? Det er dei som sår med gråt, som skal hausta. Salme 126,5-6. Jeremia var ein gråtande profet midt i ei fråfallstid. Han gret dag og natt. Jer. 9,1; 13,17. Og Paulus seier til romarane at han har ei stadig sorg, "en uavlatelig gremmelse" i sjela for dei ufrelste.

Har me det? Dei går rundt oss dagleg. Skal me ta dei inn i vårt eige liv og i bønerommet vårt.

B. Ein annan flokk.

Men me, seier han. Det er dei som har teke mot Jesus, som elskar hans kross og blod, som har bruk for Frelsaren dagleg og i dommen. Dei veit at Jesus er deira einaste redning i livet og død. Kva med dei?

1. Dei har eit rike, v. 20.

Vårt borgarskap er i himlene, vår rette heim der me høyrer til og der me har rett å vera. Her er me utlendingar og framande. Difor treng me hjelp på vegen, me treng ein guide.

Himmelen er vår heim. Den kan me ikkje forklara og ikkje veit me korleis det er heller - sjølv om Bibelen gir oss mange bilete på det. Det veit me i alle fall: Alt er så annleis enn her. Jesu rike var ikkje av denne verda, sa han. Joh. 18,36. Og dei gamle hebrearane "bekjente at dei var framande og utlendingar", Hebr. 11,13. Målet av eit anna. Det har me som kristne også. Lat oss ikkje gløyma det!

2. Dei ventar Jesu kome.

Jesus sa at han skulle koma att og henta sine. Bibelen er full av lovnader om dette. Ein sunn og sann kristen vil venta og lengta etter Frelsaren. For han veit at himlen er så mykje betre enn dette livet. Det sa Paulus til lesarane også, kap. 1, 22-23. Det er litt av krafta i kristenlivet, og det gjer oss varsame i vår eigen levemåte. Det gjer oss brennande som kristne - for kva er ugjort om han kjem i dag? Det treng ikkje vera lovisk å tenkja slik.

En dag vil hytten falle ned, jeg vet ei når det kommer bud, men, salig håp, med trøst og fred: Jeg har et evig hjem hos Gud.

Slik song Fanny Crosby i 1891, over 70 år gamal.

Er det vår song?

3. Dei skal bli forvandla, v. 21.

Ved Jesu kome skjer det store underet: me skal verta forvandla. Lekamen vår vert nå fri alle plager som jordelivet gav oss. Me får ein herlegdomslekam, 1.Kor. 15,40.42ff. 53ff.

Då er me evig trygge - alt vondt er borte - me er fullkomne! Jesus veit best kva tid du skal koma heim, så det må me overlata til han. Då skal alt bli forvandla, ikkje berre lekamen. Vårt tilhøve til andre menneske blir nytt. Det gamle er gløymt for alltid. Og synda skal me aldri møta meir, ikkje ein urein tanke skal dukka opp i sinnet.

Ja, vi skal møte ham i skyene, herlighet stor!

Fil. 4,4. Gled dykk i Herren

Dette brevet er kalla "Brevet om gleda", og glede er viktig i kristenlivet. Ordet finn me 15 gonger og viser at Paulus la stor vekt på det her. I dette brevet brukar han ordet glede meir enn i noko anna brev. Det blir ganske spesielt når me veit han skreiv det i fengsel. Til og med i lekkjer kunne han gleda seg. Det viser at den kristne trua er sterk, den kan vinna over alt.

I Neh. 8,10 er det sagt slik: Gleda i Herren er dykkar styrke. Og i Esra 6,22 les me: Gleda var stor, for Herren hadde gjort dei glade. Det syner nett grunnen til ei slik sterk glede som varer i alt som møter oss.

Denne gleda er fødd i oss, lagt ned i sjela av Gud sjølv då han frelste oss. Difor er gleda ei Andens frukt, Gal, 5,22. Me fekk det i fødselsgåve. Salme 4,8: Du har gjeve meg glede i mitt hjarta større enn den dei andre har. Ingen ting i denne verda kan fryda oss slik som frelsa, korkje rikdom, makt eller ære.

Ordet i salme 34,6 er fint: Dei såg opp til han og stråla av glede. Det er løyndomen til ei ekte og sann glede: å fylgja Jesus, sjå på han. Du veit ikkje kor mykje du taper hvis du vrakar det Jesus har gjort.

På same tid blir me oppmoda og formana til å gleda oss. Det gjer Paulus i dette brevet: Gled dykk, atter vil eg seia: gled dykk! Det tyder vel at det ikkje alltid er så lett å sjå gleda. Og mange ting vil røva den frå oss og ta den bort frå oss. Difor seier han det så sterkt: Ikkje gløym gleda i Gud.

Kva er så gleda i Herren? Kva har me eigentleg å gleda oss over? Kva kan me seia om det nå:

1. Først: eg er eit Guds barn.

Johannes skriv om det slik: "Sjå kor stor kjærleik Faderen har vist oss at me skal kallast Guds born, og det er me. 1.Joh. 3,1. Dei som trur og tar imot Frelsaren, er blitt barn av Gud. Så lenge me lever i samfunn med Gud og høyrer Herren til, er me det. Ein songar seier det slik: "Du som freden meg forkynner, du en frelser, jeg en synder, du med Amen, jeg med bønn, du med nåden jeg med skammen - å, hvor vi dog passer sammen, du Guds salvede Guds Sønn."

Ei anna salme seier det slik: "Det er da noe å være barn av Gud den evige Fader, og her på jorden ha ham til venn som aldri sine forlater." Det må vera god grunn til glede. Peter hadde opplevd dette og skriv til sine vener: "De frydar dykk med ei useieleg og herleggjord glede", 1.Pet.1,8. Me kan ikkje forklara det, men me er glade for å vera frelste! Me har fått meir enn heile verda.

2. Frelsesgrunnen er Guds verk, ikkje vårt.

I kap. 2 talar Paulus som dette: Det Gud har gjort til frelse for oss i Kristus. Og i Rom. 8,3 skriv han: Det som var umogeleg for lova … det gjorde Gud.

Det kan me gleda oss over, for det er ikkje noko av det me er, som gjer oss kristne. Paulus skriv ofte om dette: Alt er av nåde, utan vår forteneste. Det viser ikkje minste dette brevet. Det er berre Guds gjerning i Kristus som gjer oss til kristne. Me kan ikkje forstå alt av det, men me kan ana litt av kor stort det er: Eg kan ikkje gjera noko til frelse, han har gjort alt. "Hva Jesus har meg givet gjør meg for Gud så kjær."

Gud sende Sonen sin, Jesus Kristus, til jord for å frelsa syndarar. Han kjøpte oss fri på krossen, og betalte for all vår synd. Det var umogeleg for oss å frelsa oss sjølve. Gud måtte gripa inn. Han strauk ut skuldbrevet mot oss - og tok det bort då han nagla det til krossen. Kol. 2,14. Luther forklarar dette slik til den 2. artikkelen: "(Jesus) er min Herre, som har løyst ut meg fortapte og fordømde menneske, kjøpt meg fri og frelst meg frå alle synder, frå døden og djevelens makt, ikkje med gull eller sølv, men med sitt heilage, dyre blod og den skuldlause lidinga og døden."

Difor kan me gleda oss - for han gjorde oss skikka til å få del i himlen, Kol. 1,12. Dersom me såg meir av kva dette tyder, ville nok gleda strøyma over og skapa takk og lovsong. For det er evangeliet som skaper sann glede.

3. Namnet står i livsens bok.

Paulus nemner nokre av venene sine på namn og seier: Dei har namna sine skrivne i livsens bok, v. 3. Det tyder at dei var frelste, dei var Guds born. Paulus kjende dei godt og han var viss om at dei var det. Det er rett etter dette han skriv: Gled dykk!

Jesus sa det same til sine læresveinar ein dag: Gled dykk over at namnet er skrive i himmelen, Luk. 10,20. Dei skulle ikkje leggja slik vekt på at arbeidet lukkast og at dei hadde gjort noko for Gud. Slike ting kan og bli ein fåre for oss, difor var det så naudsynleg å seia: gled dykk ikkje over det, men… Ingen ting er så viktig for oss som å vita at me har fått ein plass i himmelriket. Me synest nok at mykje anna er viktig i livet. Men Livsens bok er det avgjerande.

Kor viktig det er, ser me i Åp. 20,15: Om nokon ikkje var oppskriven i Livsens bok, vart han kasta i eldsjøen. Då er det ikkje von lenger. Då er alle sjansar oppbrukte. Eit døme på alvoret finn me i Esras bok 2,62. Då jødane kom heim att frå Babel, var det nokre som ikkje kunne gjera greie for opphavet sitt eller om dei høyrde til Israel. Dei leita etter ættelistene sine, men dei fanst ikkje oppskrivne nokon stad, står det. Difor vart dei utestengde. Slik vil det gå ein dag med alle som er utan frelsa i Kristus - både i vårt land og i misjonslanda.

"Er ditt navn skrevet der?"

4. Gleda er ikkje bunden av jordisk lukke og velstand.

Avdi gleda er av Gud, kan ho vara ved gjennom sorg og sakn, under forfylgjinga og like ved dødens port. Til og med når eg minnest syndene eg har gjort, kan eg gleda meg! For eg veit at dei er tilgjevne for Jesu skuld. Paulus skriv: Som sørgjande, men alltid glade. 2.Kor. 6,10.

Det er stort å høyra Jesus til! Har du opplevd det, og teke imot den ferdige frelsa i Kristus?

*

*

INNHALD:

Fil. 1, 6. Den gode gjerning i oss.............................................................. 1

1. Tilgjeving for synda.......................................................................... 2

2. Eit liv i helging.................................................................................. 2

3. Tenesta, v.5..................................................................................... 2

Fil. 1,29. Dykk vart det unnt.................................................................... 3

1. Å tru på Kristus............................................................................... 3

2. Å lida for Kristus............................................................................. 4

Fil. 2, 6-8. Jesu 'skikkelse'....................................................................... 5

1. Jesus i Guds skapnad....................................................................... 5

2. Jesus i ein tenars skapnad................................................................. 5

3. I ein fornedra skapnad..................................................................... 6

Fil. 2, 8. Ein fornedra Frelsar.................................................................... 7

Fil. 2, 9-11. Jesus opphøgd...................................................................... 7

I ein opphøgd skapnad......................................................................... 7

1. Oppstoda påskemorgon................................................................... 7

2. Himmelfarten................................................................................... 7

3. Noko meir i himlen........................................................................... 8

4. Jesu atterkome og domen................................................................. 8

Fil. 3, 4-8 Forkasta alt - få alt.................................................................. 9

I. Først: han forkasta alt sitt eige, v. 7................................................... 9

II. Han lærte å kjenna Jesus............................................................... 10

Fil. 3,9. Rettferdig for Gud..................................................................... 10

1. Gud er fullkomen........................................................................... 11

2. Me er ikkje fullkomne.................................................................... 11

3. Klarar med det?............................................................................. 11

4. Ein ny veg: Bli fullkomen i Kristus!.................................................. 11

Fil. 3, 10. Samfunn med Kristi liding....................................................... 12

1. Han gret over oss kristne................................................................ 12

2. Jesus gret over dei ufrelste i Noreg................................................. 13

3. Jesus gret over heidningane............................................................ 13

Fil. 3, 12-16. Gripen av Kristus.............................................................. 14

1. Han er ikkje ferdig, v. 12-13.......................................................... 14

2. Paulus har ikkje gitt opp................................................................. 14

3. Om å halda fram i same spor, v. 16................................................ 15

4. Kva var løyndomen til siger?.......................................................... 15

Fil. 3,17-21.Dei mange - og me............................................................. 16

A. Dei mange, v. 18........................................................................... 16

1. Dei er fiendar av Kristi kross.......................................................... 16

2. Difor endar dei i fortaping............................................................... 16

3. Dei ufrelste viser det i livet.............................................................. 16

4. Paulus har nød for dei, v. 18........................................................... 17

B. Ein annan flokk.............................................................................. 17

1. Dei har eit rike, v. 20..................................................................... 17

2. Dei ventar Jesu kome..................................................................... 17

3. Dei skal bli forvandla, v. 21............................................................ 18

Fil. 4,4. Gled dykk i Herren................................................................... 18

1. Først: eg er eit Guds barn............................................................... 18

2. Frelsesgrunnen er Guds verk, ikkje vårt.......................................... 18

3. Namnet står i livsens bok............................................................... 19

4. Gleda er ikkje bunden av jordisk lukke og velstand......................... 19

INNHALD:....................................................................................... 20

Ingen kommentarer: