fredag 1. juni 2007

Kommentarbøker

I dette avsnittet vil me ta fram ein del bibelkommentarar og vurdera nokre av dei. Difor vil det stå bøker her som ikkje alltid er gode saman med fine og nyttige bøker. Denne lista vil utvidast med tida.

NORSKE BØKER:
Ettbindskommentaren på Lunde forlag 1987 er ein enkel og grei bibelforklaring. I ei så lita bok til heile Bibelen går ein ikkje inn i detaljar men viser oversynet.

Håndbok til Bibelen, Luther forlag 1978/85 gir og eit oversyn over innhaldet.

-Hva handler Bibelen om? Hermon forlag 2004. Denne boka legg vekt på at lesaren skal forstå hovudsaka med boka og legg meir vekt på innhaldet enn på t.d. forfattarskap. Det er ein rett synsvinkel. Litt amerikansk.

-Lutherstiftelsens Bibelværk, med forklaringer. 6 bind. Kom først ut slutten av 1800-taler, ny utgåve frå 1913. Konservativ og stort sett god forklaring. Nokre stader vel tynn.

Sigurd Odland: Fortolking av mest heile NT. Grundig, men tung å lesa. Han opnar for feil i Bibelen, t.d. ved historiske og geografiske spørsmål. Lutherstiftelsen, seinare Antikkforlaget. Han har gode forklaringar og går ofte i djupna.

-Bibelverket, utg. av Lutherstiftelsen og Lunde frå slutten av 1960-talet. Mange bind med ulik kvalitet.

-Oddvar Nilsen: Daglig Bibel-kommentar, frå 1986. Fleire bind med svært enkle og korte forklaringar. Tanken er "å hjelpe folk til å lese Bibelen". Nilsen kommenterar eit kapittel om gangen, tenkt som ein dagleg andakt. Nilsen er pinsevenn.

Ø. Andersen: Grunnsannheter til frelse 1-2 (Romerbrevet). Han har og Romerbrevet i Bibelverket. Desse er særs gode.


Andre SKANDINAVISKE bøker:

DANSK: Credokommentaren (dansk). Her er både danske, norske og svenske forfattarar og synes konservativ og god, men noko ulik frå bind til bind.

Asschenfeldt-Hansen: Fra Guldgruben. Enkel, oppbyggeleg og bibeltru kommentar til heile Bibelen.Kom ut første gong ikr. 1900 og trykt opp att seinare. Norsk utgave på Antikkforlaget frå 1991. Ein forfattar.

Dansk Bibelværk for menigheden. Lohse forlag 1952ff. Fleire forfattarar. Enkel forklaring, men lite grundig og prega av moderne teologi.

Fortolkinger fra Det danske Bibelselskap. Små bøker utgitt fra 1930årene og til etter krigen over bøker i GT og NT. Gode og enkle forklaringar av innhold og samanhang.

Marius Jørgensens forklaringar til bøker i GT og NT. Her er mykje godt oppbyggeleg stoff. Han har heile bibeltimar eller talar over kvart avsnitt han tek fram.

SVENSK: P. Fjellstedt: Biblia ... med Förklaringar. Enkel, oppbyggeleg og bibeltru forklaring til heile Skrifta frå 1800-talet. Tre store bind.

TOLKING av Nya Testamentet, utg. av Svenska Kyrkans Diakonistyrelse o.a. Ujamne teologisk sett. Hugo Odeberg har Korinterbreva.

C. O. Rosenius: Romerbrevet. I dansk-norsk og norsk omsetjing. Dette er ei uendeleg djup kjelde om kristentrua. Ingen vil angra på å bruka tid på dette verket.

E.J. Ekman: Pauli bref till efesierne. 1884. Her er mykje godt, sjølv om Ekman vart prega av frikyrkjer i si tid. Ekman var prest (kapellan) men gjekk over i Misjonsforbundet og var bibelskulerektor der. Synet han er noko prega av det.

ENGELSKE Bøker inkl. amerikanske:

- Luther's Works. Concordia, USA. Ca. 55 bind av Martin Luthers skrifter. Nokre av dei kan ein kjøpa brukt på internett.
- Matthew Henry's Commentary. Fullstendig utgave 6 bind, samt eitbindsutgåve utan bibeltekst. Puritansk tolking i England i slutten av 1600 og byringja av 1700-talet med reformert tilsnitt. Systematisk og oppbyggeleg.

- Keil and Delitzsch: Old Testament Commentaries. Fleire bind over heile GT. Opphaveleg var den tysk frå slutten av 1800-talet. Grundig og god.

- JFB Commentary on the whole Bible (ved Jamieson, Fausset og Brown). Eldre engelsk teologi. 6 bind samt eitbindsutgåve noko forkorta.

- The New Bible Commentary - eit bind.

- J. Calvin's Commentaries. Den dekker mest heile Bibelen, med unnatak av Openberringa og 2-3 Johs brev samt historiske og små-skrifter i GT. Det er skilnad mellom Calvin og Luther teologisk. Calvin lærer mellom anna at Gud har valt ut og bestemt nokre til frelse og eit sterkt syn på lova og GT, og på sakramenta har dei ulike syn. - Det er og skilnad på dei i måten dei skriv på. Litt enkelt kan ein seia at Luther skreiv med hjarta, og Calvin skreiv med vitet og tanken. Calvin var ikkje teolog men jurist, og det ser me i skriftene: han er klar og tydeleg og kortfatta når han forklarer noko. (Ein bør/må ha lese ein del av Luther før ein går inn i Calvin, trur eg.)

- A. Barnes: Notes on the Bible. Kom ut første gong i 1832 om evangelia, seinare i nye opplaget til vår tid over heile NT og noko av GT. Typisk klassisk engelsk teologi. I nokre utgåver er noter av utgjevar som ikkje er samd i teologiske standpunkt. I Openberringa fylgjer han t. d. ei historisk tolking der han finn synene i Op. att i seinare historie.

- Tyndale Commentaries til GT og NT. Mange små bind med teologisk forklaring meir enn oppbygging. Prega av nyare konservativ teologi.

TYSKE bøker.

-Luthers Werke. Weimarausgabe (WA), er den største og mest komplette og vitskaplege utgåve av Martin Luthers skrifter. Tysk tekst.

-Luthers Werke - utgave ved I. G. Walch og mindre enn WA. Tysk tekst.

-Wuppertaler Studienbibel, begründet von Fritz Rienecker. Det nye testamentet og noko av GT. Fleire forfattarar. Konservativ.

-August Dächsel: Die Bibel ... mit in den text eingeschalteter Auslegung.Gammel luthersk bibelkommentar til heile Skrifta. Noko er omsett til norsk/dansk. Mykje fint.

-Theodor Zahn: Kommentar zum Neuen Testament. Som vanleg grundig tysk kommentar til grunntekst. Som Sigurd Odland på norsk har Zahn diverre opning for feil i historiske og geografiske spørsmål. Tung å lesa.

- W. F. Besser: Bibelstunder (Bibellæsninger) - til fleire skrifter i NT. Opphaveleg tysk fra 1840-talet, omsett til norsk/dansk i 1860åra. Dels omfatande og oppbyggelege bøker med eit sjelesørgerisk sikte.

- Bibel-Kommentar, Edition C. Fleire bind og forfattarar. Hänssler Verlag. Red. av Gerh. Maier. Er tenkt som eit standardverk, og nyttig for predikantar. Legg vekt på forklaring, er systematisk, og med nokre framlegg til preikedisposisjonar.

-

Ingen kommentarer: