torsdag 20. september 2007

Obadja

Profeten Obadja

Av Nils Dybdal-Holthe

Copyright NDH. År 2001.

Innleiing.

Profeten Obadjas bok er den kortaste boka i heile GT. Den har berre 21 vers. Me veit lite om profeten og tida han levde. Men ein meiner det var mellom år 587 f. Kr., då Juda gjekk under, og 312 f. Kr. då araberane tok landet til edomittane.

Hovudinnhaldet i denne profetboka er ord om Edom, som ligg søraust for Dødehavet. Namnet til profeten tyder Herrens tenar, og det er han ved å forkynna dette ordet.

Obadja forkynner at Herren vil døma dette folket avdi dei er hovmodige. Dei reknar med at ingen kan vinna over dei. Domen skal koma avdi edomittane har fare fram med vald mot israelittane. I tillegg har dei sett med skadefryd på ulukka deira.

Men ein rest av Israel skal vera att, og dei skal utvida landet til alle kantar. Utfriarane skal døma Edom, og riket skal høyra Herren til.

1. Dom over Edom, v. 1-9.

Overskrift, v. 1.

1 Synene åt Obadja. Så seier Herren Herren om Edom: Ei tidend har vi høyrt frå Herren, eit bod er sendt ut mellom heidningfolka: Stå opp, lat oss reisa oss til strid mot Edom!

Obadja fekk altså bodskapen i syner frå Gud. Korleis dei kom, er ikkje klårt. Men dei innheld ein bodskap frå Herren Herren, på hebr. er her brukt to ulike ord med denne tydinga. Det er: Adonaj JHVH. Det siste vert også uttala adonaj av jødane. Det er namnet på Israels Gud.

Ordet for syner er Chazon på hebr. Det er nytta om profetane ved sida av Dibrei (ord) frå Herren. Det er Guds bodskap dei får slik. Det er elles berre profetane Jesaja og Nahum som byrjar profetbøkene sine med dette ordet.

Herren har høyrt ei tidend - han har høyrt og sett noko om folket. Gud føl med og veit kva som skjer med einskildmenneska og med eit heilt folk. Her meiner ein at "vi" tyder profeten og hans krets eller landsmenn.

"Eit bod" er utsending, eit sendebod eller ein engel. Men det er ikkje ordet for engel som er nytta her, men tsir: å fara ikring, snu om - altså ein som fer ikring, ein utsending. Han skal oppmoda assyrarane og seinare kaldearane til å reisa seg mot Edom. Og dei svara: Lat oss stå opp og gå. Jfr. Jerem. 49,14 som siterer dette.

Talar om Edom, v. 2-9.

Første utsegn: Hovmod kjem før øydeleggjing, v. 2-4.

2 Sjå, eg vil gjera deg liten mellom heidningfolka. Du skal verta djupt vanvørd.

Domen over Edom er klår: land og folk skal bli lite og forakta. Edom er ætta etter Esau, og domen er i samsvar med hans liv og lagnad. Men folket nå er ikkje dømd på grunn av det Esau gjorde, men avdi dei har fylg i hans fotspor. Dei er sjølve ansvarleg for sin lagnad.

Nokre biblar har her fortid: Eg har gjort deg liten, avdi profetordet er så sikkert som om det alt er gjort (Maurer). Med tanke på neste vers, skriv Calvin slik: Når eg har gjort deg til eit lite folk, kvifor er du då så hovmodig (stor i eigne augo)? Men er det slik, kan ein spørja: Kvifor er då heidningefolk naudsynlege for å knusa ein som alt er så liten? Jer. 49,15.

3 Hovmodet i hjarta ditt har narra deg, du som bur i bergskorter, i din høge bustad. Du som seier i hjarta: Kven vil støyta meg ned til jorda?

Grunnsynda er hovmodet. Det tyder å greia seg sjølv, ha store tankar om sin eigen kapasitet, å tru at ein skal greia seg sjølv også ovafor Gud og i æva. Det kan aldri eit menneske. Det er ikkje stoff nok i oss til å stå seg i Guds dom.

Men nett dette hovmodet har narra folket. Det fører til eit stort bedrag. Dei trur dei er trygge. Dei har bygt byane sine sterke i bergkløfter og trur dei ikkje kan takast av nokon fiende. Eit døme er byen Petra som ligg i Edoms land. Den heiter Sela på hebraisk (Jes. 16,1; Dom. 1,36 med artikkel). Ordet tyder berg, klippe, og høver godt til landet Edom. Sela var hovudstad i Edom, Wadi Musa. Hieronymus skreiv slik om landet: "Heile Edomitt-landet frå Eleutheropolis til Petra og Sela har små bustader (habitatiunculas) i holer og grotter; og (det skjer) på grunn av den sterke sola her i dei sørlege områda."

Tankane deira er store: Kven vil støyta meg ned? Det er uttrykk for at dei vil greia seg sjølv og meiner dei skal klara det.

4 Om du byggjer høgt som ørna, om du legg reiret ditt mellom stjerner, så vil eg støyta deg ned derifrå, seier Herren.

Verset viser kor makteslause eit menneske er. Kor langt dei går frå Gud (Salme 139) eller kor høgt dei kjem eller kor langt bort dei dreg i alle retningar, vil Gud vera der. Sjølv den høgaste av alle vil han støyta ned, døma og visa til rette.

JFB nemner at Edom er bilete på Anti-Krist, Jes. 14,13; Dan. 8,10 og 11,37. Då må og domen over Edom vera streng slik den vert for Kristi motstandar.

Å bli støytt ned er den djupaste fornedring. I religiøst språk tyder det fortaping: Å vera borte frå Herren og hans frelse i all være.

Andre utsegn: Plyndring og røveri, v. 5-7.

5 Om det kom tjuvar til deg, eller røvarar om natta – å, kor du vert gjort til inkje! – ville dei då stela meir enn dei trong? Om det kom folk til deg som ville hausta vinen din, ville dei då ikkje la ei ettersanking verta att?

Her byrjar profeten sine refleksjonar etter v.1-4. Sume omset første setning og seinare med spørsmål, og då i ironisk tydning. For det var i røynda verre gjester enn ransmenn og tjuvar som kom. Profeten grip her attende til noko som nyss har hendt og ser her byrjinga på oppfyllinga av orda i v. 2-4.

Ein tjuv vil vanlegvis ikkje makta å finna alt i eit hus. Noko vert liggjande att. "Ville dei då stela meir enn dei trong" i NB-88 er omsett slik i NN-38: "Vilde dei 'kje stela det dei trong?" Kanskje det seier betre at tjuven tek det han vil ha. Douay-omsetjinga av Vulgata har også dette sikte: Would they not have stolen till they had enough".[1] Det er ikkje logisk at ein tjuv er nøgd med det han treng, han vil alltid ha meir.

Meir logisk er haustfolket i neste del av verset: Dei kan vera leigde som haustfolk og vil lata noko vera att, t.d. strå som ligg på marka. Det var etter Mose lov, 5. Mos. 24,21. Og me kjenner dette i praksis i soga om Rut, Rut.2, 7 og 16.

6 Men kor dei ransakar Esau og leitar opp dei løynde skattane hans!

Esau vert her innført som ættefar til Edom, slik 1. Mos. 36,8 viser. Dette folket skal ransakast. Dei har samla store skattar, men heller ikkje dei kan hjelpa dei i domen. Det som er skjult i mørket, skal koma fram i dagen. Slik er det alltid i Guds rike, 1. Kor. 4,5.

Ransakinga frå Gud vil bli total. Edom vil bli fråteke alt. Ingen ting blir att som er skjult for han. Slik går det til slutt med alle menneske utan Gud. Dei trudde kanskje dei hadde ordna seg vel og hadde løynde skattar til hjelp. Ja, Edom er alt som så godt som død, som om domen alt har gått over folk og land.

Baker i Tyndale Comm. gjer merksam på at Gud tala til Edom i v. 5: til deg! Men i v. 6 tal han om Edom som om han alt var borte. Så viss er Guds dom over menneska.

7 Dei du har gjort pakt med, driv deg heilt til grensa, dei du hadde fred med, svik deg og får overtaket på deg. Dei mennene som et av brødet ditt, set snare for deg. – Det finst ikkje vit i han!

Edom får igjen direkte tiltale. Til og med venene deira er mot dei nå. Dei driv folket bort frå landet. Edom hadde fred med nokre folk - nå er dei svikarar. Så skjørt er venskap i verda. Nå får dei overtaket og vinn siger. Dei næraste er heller ikkje til å stola på, dei som et av brødet ditt. Her kan me samanlikna med Jerem. 38,22.

Brød er teikn på pakt. Salme 41,10. Dei første nabatearstammane som kom til landet fekk ei pakt med dei innfødde og fekk lov til å slå seg ned der. Sidan har dei utvida sine rettar og teke meir med makt. Her fekk dei støtte frå vener i øydemarka.[2] I Salme 35,1 er nytta eit ord med same konsonantar som i brød (l'ch'm), men det tyder strid, kamp. Baker finn her eit ordspel som gjer den skjulte opposisjonen frå såkalla vener tydeleg. Dei Edom trudde var vener, viser seg å vera fiendar.[3]

Dette er også litt av snara, sjølv om snare er usikker omsetjing. Nokre har fotanglar eller sår.

Tredje utsegn: Domens dag, v. 8-9.

8 Skal eg ikkje den dagen, seier Herren, gjera ende på alle vismennene i Edom og alt vit på Esaus berg?

Vismenn kan her vera slik som kan mana fåre ved magisk innsikt og makt, altså heidenske vismenn. I alle høve er det tale om verdsleg visdom og ikkje den som kjem frå Gud. Edom og Esau er for så vidt synonymer her - Edom er etterkomarar av Esau. Esaus berg er spesielt for Obadjah og viser vel til fjellandskapet i Edoms land. Spesielt kan Seir-fjella vera meint her, Gen. 36,8.[4]

Å gjera ende på viser truleg til domens dag, sjå v. 15 og Jes. 7,18. 20; 10,20. I alle høve kjem det ein slik dag for alle, anten det er Edom, andre heidningefolk eller vårt eige folk. Då skal Herren gjera ende på hovmot og synd og motstand mot Skaparen og Frelsaren.

9 Kjempene dine, Teman, skal verta motlause, så kvar mann vert drepen og rudd ut på Esaus berg.

Teman (Jer. 49,7) er synonym for Edom. Teman var ein stammehovding i Edom og son til Elifas, 1. Mos. 36, 11.15.42. Esaus fjell eller berg er også det som ovafor. Det er her brukt i 3. person i motsetnad til andre her.

Kjempene i dette folket skal og takast, dei skal verta motlause så alle mann vert drepne og rydda ut av folket. Det er tale om full øydeleggjinga av folket. Og det er eit sterkt bilete på Guds totale dom på den siste dag.

Denne øydeleggjinga har nå bygt seg opp til eit klimaks: All rikdom skal bli teke frå dei, v. 5-6, alle menneskeleg visdom skal bort, v. 7-8, og dei lir tap på all militærmakt, v. 9. Heile samfunnet blir oppløyst ved at det økonomiske grunnlaget blir borte ved sida av visdom til å styra rett og den militære tryggleik forsvinn (Baker). Kva er det då att av samfunnet og folket menneskeleg tala?

Årsaker til dom over Edom, v. 10-15.

a. Dei var passive tilskuarar til plyndringa, v. 10-11.

10 For valdsverket ditt mot Jakob, bror din, skal skam dekkja deg. Du skal rydjast ut til evig tid.

Det kan vera rett å spørja kva grunnane kan vera til at det går slik i eit folk. Kvifor gjekk Edom under. Nederlag er skam. Valdsverk er og omsett med drap - med tanke på brodermordet på Jakob. Jakob står vel her for Israel. Nå skal dei sjølv ryddast ut - til evig tid. Folket og nasjonen Edom skal aldri meir oppstå, dei er borte frå kartet for alltid.

11 Den dagen du heldt deg unna, den dagen då framande førde bort godset hans, då utlendingar gjekk inn i portane hans og kasta lodd om Jerusalem – då var du òg som ein av dei.

Her får me den eine årsak til fallet i Edom. Dei var passive og berre såg på då Jerusalem vart teken. Utlendingar og framande kom og førde folket bort og kasta lodd om byen. Dei skulle ha vore til hjelp - men dei heldt seg unna. På den måten viste dei seg de facto som fiendar av Jerusalem og folket. Og dermed fekk dei same dom som fiendane.

Slik er det alltid. Passivitet er synd og gjer oss delaktige i syndige menn sine gjerningar. Dei som veit å gjera godt og ikkje gjer det, har synd av det, står det i Skrifta.

b. Gjer ikkje dette! v. 12-14.

12 Sjå ikkje med skadefryd på dagen åt bror din, på ulukkedagen hans. Gled deg ikkje over Juda-borna den dagen dei går til grunne. Lat ikkje munnen så vidt opp på trengsledagen.

Profeten oppmodar Edom til å slutta med ei rekkje handlingar. Dei må slutta å vera motstandarar av Juda. Det er framtida det gjeld nå.

Først må dei ikkje gleda seg over at det går galt med andre. Ein ulukkesdag for andre er ingen grunn til glede, og slett ikkje å harsellera over dei som lid. Her gjeld det Juda. Fleire uttrykk er brukt om Juda sin situasjon: dagen åt bror din, ulukkedagen, den dagen dei går til grunne, og trengsledagen. Alle talar om alvor og øydeleggjing. Juda går ikkje fri domen. Dei må også svara for at dei ofte har synda og gjort Gud imot.

Men andre skal ikkje lata opp munnen og tala mot dei eller fryda seg over andre si ulukke. Det hadde Edom tydeleg nok gjort, og det vart ein grunn til deira eigen undergang.

13 Drag ikkje inn gjennom portane åt folket mitt den dagen dei er i naud. Sjå ikkje du òg med skadefryd på ulukka deira den dagen dei er i naud. Legg ikkje hand på godset deira den dagen dei er i naud.

Det neste dei ikkje må gjera er å gå inn i byen når andre er i naud. Her er tanken at dei ikkje må gå inn som fiendar, det dei i røynda er. Sjå med skadefryd på dei vil verka endå sterkare og hardare om dei var inne mellom folket. Difor må dei ikkje gå inn og gjera det. Det vil vera å sjå ned på dei, og det har ingen rett til. Aller minst ein som skal vera bror.

Ein fiende vil ikkje vera nøgd med å sjå på folket som lir og må dra bort. Dei vil ta alt det gods dei kan finna og få tak i. Denne tanken er og med her. Dei skal ikkje dra inn i byen for å stela. Då vil dei leggja meir synd til den synda dei alt har gjort.

Slik ser me at Herren gjennom profeten ikkje berre uttalar dom over Edom, men åtvarar dei så ikkje domen skal bli større.

14 Stå ikkje attmed vegskilet for å hogga ned dei av folket mitt som har sloppe unna. Gjev ikkje flyktningane deira i hendene på fienden på trengsledagen.

Nokre tenkjer seg at edomittane har utlevert nokre juda-rømlingar til kaldearane.

Åtvaringa er at ein ikkje skal drepa eller overgje nokon. Stå attmed vegskilet kan verka som ein vaktar på, søkjer etter dei som slapp unna. Motivet var å ta livet av dei. Det skal ein ikkje, seier profeten. Og kjem det flyktningar, skal ein ikkje overgje dei til fienden - dei vil sikkert drepa dei. Det er like galt om ein drep dei sjølve eller om ein leverar dei til slike som ein veit vil drepa.

c. De får att for gjerningane, v. 15.

15 For Herrens dag er nær over alle folka. Som du har gjort, skal det verta gjort med deg. Gjerningane dine skal koma attende på ditt eige hovud.

Herrens dag er Messiastida med dommens dag. Kome nær er og omsett "truer".

Dette og dei neste to versa er ein fin tekst. Den talar om dom og frelse frå Gud. På Sions berg skal dei frelste vera. Det er det mest vesentlege på denne jord. Då gjeld ikkje kva me meiner eller gjer, men korleis Gud handlar med oss. Alle må møte Gud ein dag, og menneska må møta att sine gjerningar og livet. Me får att for det me gjorde. Men alt dette skal skje etter Guds målestokk. Det er viktig, først då vert det rettferdig.

Då er det godt at Gud har funne ein veg for menneska. Ein stad der me kan sleppa aunna dommen. På Sion. i Jerusalem. Kva hende der? Ein kross vart reist ein fredag. Bibelen seier at alle synder i verda vart samla der. Og der forsvann dei i Guds vreide og kjærleik då Jesus døydde. Dei vart tekne bort, står det. Kol. 2,14.

Songaren seier det fint: Vår synd ble helt utslettet da den ble på Sønnen lagt. Han ropte ut på Golgata de ord: Det er fullbrakt.

Det er godt for meg. Utan denne frelse er menneska fortapt. Difor må me ta imot dette medan det er nåde og tid på jord.

3. Israel og nasjonane, v. 15-21.

a. Alt blir omsnudd, v. 15-18.

16 For liksom de har drukke på mitt heilage berg, skal alle folka drikka utan stans. Dei skal drikka i fulle drag og verta som om dei aldri hadde vore til.

Her er det plutseleg jødane han talar til, medan det før var Edom som det og er i v. 18. V. 16-17 er eit innskot etter Jer. 25,15f. 27-29 og 49,12. Sjå og Jer. 49,2.

"Drukke" eller tøma begeret med Herrens gift, Jer. 25,15ff. Israel har gjort det og er komen gjennom elden. Difor vil lovnaden koma til folket nedf.

17 Men på Sions berg skal det vera ein flokk som har sloppe unna. Det skal vera heilagt, og Jakobs ætt skal overta eigedomane sine.

Ein flokk er ein rest, Jes. 7,3. Det skal vera heilagt er eigentleg "ein heilagdom" som kan tolkast som tabu eller urørleg. Jes. 8,14. Men dette er ein bodskap om siger. Israel er den heilage resten. Avgudane og dei vonde skal ikkje sigra over Guds folk. Profeten ser at ein gong skal all makt samlast i Guds hand og alle vil erkjenna at riket er hans. På Herrens dag skal det henda og han åleine skal gjera det.

18 Jakobs hus skal verta ein eld og Josefs hus ein loge. Og Esaus hus skal verta til halm, og dei skal setja eld på det og eta det opp. Ingen skal verta att av Esaus hus, for Herren har tala.

Josefs hus er her om efraimittane til skilnad frå judearane. Med Jakob meiner han jødane som folk og gjer der ikkje skil på Juda og Jakob. Denne lina er eit innskot.

At Esaus hus vert til halm eller boss tyder tyder det sundhakka halmrusket etter treskinga. Det er altså ikkje tale om stor, fin halm.

Herren har tala er eit avslutningsord der Obaja sluttar av sin eigentlege profeti. Sume trur at resten av kapitlet er seinare redigering og tilføyingar av avskrivarar. I teksten er det ingen sakleg grunn til å tru det.

b. Retur til heimlandet, v. 19-21.

19 Dei som bur i landet mot sør, skal ta Esaus berg i eige. Dei som bur i låglandet, skal ta Filistarlandet, og dei skal ta Efraims-landet og Samaria-landet i eige, og Benjamin skal ta Gilead.

Landet mot sør (Sørlandet) sjå 1. Mos. 12, 9a der det truleg er meint Negev. Dei skal ta Edomsland. For Esaus berg - vart til vanleg ikkje rekna med til Negev. Låglandet, sjå Josva 9,1a, er vel Saronssletta langs kysten. Samarialandet trur nokre er føyd til her avdi samaritanerane var hata av Israel. Gilead er heile Austjordan-landet. Etter at Israel-Juda kom under ammonittane, 1. Sam. 14, 47b.

Det er jødefolket som var spreidd ikring som nå kjem heim att og tek attende sitt eige land. Det er ikkje romantikk eller nasjonal sjølvtekt. Det er frukt og resultat av Guds openberring og profetord.

20 Dei bortførde av denne Israels-hæren skal ta landet åt kana'anearane heilt til Sarepta. Og dei bortførde frå Jerusalem, dei som er i Sefarad, skal ta i eige byane i landet mot sør.

Her har nokon omsett første setning med eit innskot: Dei bortførde av israelittane (som nå bur i Halah) etter 2. Kong. 17,6: Assyrarkongen førde Israel bort til Assyria og let dei bu I Halah. Om Sarepta sjå 1. Kong. 17,9 der enkja budde, mellom Tyrus og Sidon ved Middelhavskysten. Namnet har og vore skrive Sarfat. Sefarad (Sjaparda) er etter innskrifter ei bygd i Media.[5] Etter andre kjelder var det distriktet Lydia i vestre del av Tyrkia/Lille-Asia.[6] Sardes var då hovudstad i Lydia. Hieronymus meinte Sefarad var Bosporus, men dette får ikkje stønad av mange i dag. Ein har til og med tenkt seg Sefarad i Spania.[7] Desse bortføde skal ta i eige byane sør i landet, det er Negev. Det er altså tale om eit stort landområde.

21 Bergingsmenn skal fara opp på Sions berg og døma Esaus berg. Og riket høyrer Herren til.

Jerusalem vart øydelagd i 587 f. Kr. Bergingsmenn skal også koma dit og berga byen. LXX omset her: Frå Sions berg, slik at meininga er at bergingsmennene kjem frå Jerusalem og ikkje til. Ein meiner det er feil omsett. Slik vår omsetjing er, har det eit eskatologisk sikte: frelsa skal koma.

Å døma Esaus berg kan ein skjøna på to måtar: Den eine er at dei skal straffa Edom for heidenskap og synd. Esau er ofte bilete på Guds og Israels fiendar. Dei skal Gud døma og bergingsmennene er Guds representantar og sendebod. Den andre måten å sjå dette på er å samanlikna med domartida. Ordet "døma" kan knyta dette bandet. Domarane i den tida leda folket meir enn å straffa dei. Slik førde dei folket til berging og frelse. Edom vil slik ikkje bli fullstendig øydelagd, men få del i Guds frelse.

Riket høyrer Herren til er ein vakker setning. Her peikar det vel fram til Messiasriket, og profeten siterer Salme 22,29. Der er det nett Messias som er omtala som ein lidande frelsar, oppfylt i Jesus. Profetord om Messiasriket finn me t.d. i Dan. 2, 44; 7,14.27. Sak. 14,9.

- Wisløff skriv om dette siste verset: Hele denne siste del av Obadias profeti er et herlig framtidssyn om Guds rikes endelige seier. Guds folk kan underkues og forfølges, og deres dager kan synes talt. Men seiren er allikevel viss. Guds fiender skal til sist måtte bøye seg, og "riket skal høre Herren til".

Litteratur.

- Obadiah, Jonah and Micah. Tyndale OT Commentary. 1988. Obadiah, by David W. Baker.

- A.R.Fausset, i JFB Commentary, repr. 1984. (R. Jamieson, A.R. Fausset and David Brown.)

- Sigmund Mowinckel i DGT III, Tolvprofetboken. (MMM).

- Oddvar Nilsen: Daglig bibelkommentar 5, s. 205f.

- Walter L. Baker: Obadja, i Das Alte Testament erklärt und ausgelegt; Band 3, von J.F. Walvoord und R.B. Zuck. Hänssler 1991/2000.

- C. Fr. Keil i Keil and Delitzsch. Old Testament Commentaries, vol. 6: Obadiah p. 1048ff. 1972.

- E.B. Pusey, i The Minor Prophets, a Commentary 1972, vol I. Obadiah p.343ff.

- Leslie C. Allen: The Books of Joel, Obadiah, Jonah and Micah, i The New International Commentary on the OT, 1976, p. 129ff.

- John Calvin: Calvin's Commentaries 6 The Minor prophets. Obadiah, p. 430ff. (Reprint).

- A. Dächsel i Dächsel's Bibelwerk, A.T. II.2. Die Propheten. Der Prophet Obadja, S. 811ff. (1871-.).

- C.E. Armerding i The Expositor's Bible Commentary vol. 7, 1985. P. 335ff.

- Matthew Henry's Commentary, vol 4. 1959. Obadiah p. 1270ff.

- Fredrik Wisløff: Gamle Testamentet IV. 1959. Obadias s. 544ff.

- S.Aa. Nielsen i Dansk Bibelværk for Menigheden. De tolv Profeters Bog 1957. Obadias s. 2095ff.

- Johannes Sandved i Bibelverket: Fortolkning til profetene Amos, Obadias og Jonas, s. 75ff.

- Fr. Wisløff: Det gamle Testamente IV. Profetene.

- Jonas Myhre: De tolv små profeter. Lutherstiftelsens bibelværk. 1917f.

Biblar.

Innhaldsliste:

Innleiing.................................................................................................................................... 1

1. Dom over Edom, v. 1-9........................................................................................................ 1

Overskrift, v. 1.................................................................................................................... 1

Talar om Edom, v. 2-9............................................................................................................. 2

Første utsegn: Hovmod kjem før øydeleggjing, v. 2-4....................................................... 2

Andre utsegn: Plyndring og røveri, v. 5-7.......................................................................... 3

Tredje utsegn: Domens dag, v. 8-9..................................................................................... 4

Årsaker til dom over Edom, v. 10-15........................................................................................ 5

a. Dei var passive tilskuarar til plyndringa, v. 10-11......................................................... 5

b. Gjer ikkje dette! v. 12-14............................................................................................... 6

c. De får att for gjerningane, v. 15..................................................................................... 7

3. Israel og nasjonane, v. 15-21................................................................................................ 7

a. Alt blir omsnudd, v. 15-18.............................................................................................. 7

b. Retur til heimlandet, v. 19-21......................................................................................... 8

Litteratur............................................................................................................................ 10

Innhaldsliste:....................................................................................................................... 10



[1] Slik omset dei den latinske teksten.

[2] MMM s. 657.

[3] Baker i Tyndale Comm. p. 35.

[4] Baker i Tyndale Comm. p. 35

[5] MMM s. 658.

[6] JFB-commentary II,2, p. 569.

[7] Tyndale Commentary, av David W. Baker, p. 42.

Ingen kommentarer: