onsdag 26. september 2007

Rut

Ruts bok

Ein enkel, oppbyggeleg kommentar.

Av Nils Dybdal-Holthe.

Berre to bøker i Bibelen har kvinnenamn som tittel – Rut og Ester. Og dei er kvar på sin måte viktige bøker. Forteljinga om Rut er vakker på mange vis. Diktaren Gøethe sa om den: Det er ingen som er lik den i verdslitteraturen. Då må det vera litt av dei perle. Og denne perla skal me stansa for nå, sjå på henne frå fleire vinklar.

For boka om Rut er lærerik. Ho talar om eit fint menneske, ja fleire fine menneske møter me her. Og dei kan stå som bilete på kristne og slik gi oss åndelege lærdomar i vårt eige liv.

Den historiske hendinga er truleg i dommartida, og boka er plassert i Bibelen vår etter Dommarboka. I den jødiske kanon var ho sett som nr. 4 mellom ”Skriftene”, og ho vart brukt ved pinsefesten. Frå den greske omsetjinga Septuaginta (LXX) er ho plassert mellom dei historiske bøkene.

Me merker oss straks at Rut vart stammor til Jesus gjennom David og er slik med i det galleriet av personar som var Jesu jordiske forfedrar. Sjå om det i Mat.1,5 og Rut 4,13f.

Kapittel 1.

På vandring – frå brødhuset.

Rut. 1,1-5:[1] I den tidi då domarane styrde, vart det ein gong uår og svolt i landet. Då for ein mann frå Betlehem i Juda i veg med kona si og båe sønene sine og vilde bu i Moab-landet ei tid. Mannen heitte Elimelek, og kona hans No'omi og dei tvo sønene Mahlon og Kiljon; dei var efratitar* — frå Betlehem i Juda. No kom dei då til Moab-landet og vart veranda der.

<*frå Efrata, d. e. Betlehem. 1MO 35, 19>

Og Elimelek, mannen hennar No'omi, døydde; men ho sat att enkja med dei tvo sønene sine. Sønene tok seg konor frå Moab-landet; den eine heitte Orpa og den andre Rut. Og dei budde der på lag ti år. So døydde dei og, både Mahlon og Kiljon, og kvinna levde att åleine etter båe sønene sine og mannen sin.

I dette avsnittet møter me No’omi på reis, og det ho opplever kan vera sant om så mange andre. Ho var ei av dei stille i landet.

Først ser me korleis ho og mannen Elimelek levde saman i Betlehem i Juda. Betlehem tyder ”brødhuset”. Det var Davids stad og Jesu fødeby. Men så hende det at hungersnaud også kom til denne byen. Dei hadde det materielt vondt.

Tenk – endå i brødhuset kan somme lida naud. Og det er sikkert: det går mange mennesker i åndeleg naud i verda i dag, også midt mellom dei kristne og i kristne miljø. Det skal me vera merksame på så me ikkje i egoisme og likesæle let slike gå i nauda. Det var nett det No’omi opplevde.

Dinest drog No’omi og mannen ut på reis. Det var ikkje levekår for dei i brødhuset Betlehem. Og dei drog ut til eit heidensk land og var framande der, v.4. Begge sønene tok seg moabittiske koner, og det var forbode i Israel. Berre dette må ha valda No’omi sorg. Tenk, hennar eigne born skulle synda slik mot Herren. Sikkert sit det mange foreldre kring i landet med slike tunge tankar og sorger.

Her skal me leggja merke til at dei hadde noko av skulda sjølv for dette: Dei hadde reist bort frå landet og folket sitt der sønene kunne ha funne seg israelittiske koner. Sjølv om det var naud i landet, reiste ikkje alle frå Kana’an. I ti år levde dei slik.

Så døydde Elimelek, og ny sorg og naud møtte familien. No'omi sat att med to søner og to verdøtre. Så kom endå ei ny sorg: Begge sønene døydde, og morshjarta sat att med store spørsmål i sinnet. Mange går med slike tankar: Kvifor hende dette nett meg? Kva er meininga med alt som skjer i livet? Då er det lett å gi Gud skulda for det vonde og vanskelege. Me har sett mange har gjort det og anklaga Gud for urett.

Men det skal me vera varsame med. Gud gjer ingen noko urett, og har aldri gjort noko menneske urett. Men eit par ting skal me merka oss i slike høve.

Først: Me skjønar ikkje alltid det Gud gjer. Tankane hans er høgare enn våre. Det som skjer med oss er kanskje reint uforståeleg i øyeblikket. Men treng det tyda at Gud ikkje veit kva han gjer? Det er gjerne slik med born: Dei skjønar ikkje alltid det far og mor gjer. Og ofte kan dei difor bli utålmodige og krevja sin vilje. Det er ikkje lett for det vesle barnehjarta å forstå dei høge tankane til mor og far. Likevel er deira vilje best.

Det andre er: Gud ville noko med No'omi sin familie. Han hadde ein plan, og skulle den gjennomførast måtte det skje slik. No'omi skjøna ikkje kor det bar av eller kva Gud ville. Men Gud skjøna det, og det var nok. Det er den innstillinga eller tiltrua til gud me skal ha når me møter uventa ting i livet. Me skulle læra oss å tenkja slik: Gud veit nok kva han gjer også nå. Han har ein plan.

RTS 1,6-13. Då tok ho ut frå Moab-landet med sonekonone sine og for heim att; for ho hadde høyrt i Moab-landet at Herren hadde set um folket sitt og gjeve dei brød.

So gav ho seg i veg frå den staden der ho hadde butt, ho og båe sonekonene hennar. Då dei var komne eit stykke på vegen heim til Juda-landet,

då sa No'omi til sonekonone sine: Snu no og far heim att, kvar til si mor! Herren vere miskunnsam mot dykk, so som de hev vore mot dei avlidne og mot meg!

Herren gjeve at de må finna ein heim, kvar i huset hjå sin mann! So kysste ho dei; men dei tok til å gråta og sa til henne: Nei, me vil fylgja deg attende til folket ditt.

Men No'omi svara: Far heim att, døtrene mine! Kvifor vil de vera med meg? Hev eg kann henda endå søner i vente som kunde verta mennene dykkar?

Snu, døtterne mine, og far heim att! For eg er for gamal til å gifta meg att. Og um so var at eg kunde tenkja: Eg hev endå von, ja um eg so alt i natt fekk ein mann, og so vart at eg fødde søner, skulde so de bia til dei vart vaksne? Skulde so de stengja dykk inne og leva utan menner? Nei, døtterne mine! For det er mykje verre for meg enn for dykk, etter di Herrens hand hev råma meg so hardt.

På vegen heimatt

Då nauda vart stor her og, vende No'omi heim att til sitt eige land. På denne turen hende også noko. Det finn me lærerikt. Men først litt om ekte og uekte blomar.

Dei to verdøtrene syner seg å vera heilt ulike menneske. Dei kan stå som bilete på to slag åndelege menneske. For det vil alltid vera slik mellom dei kristne: Dei ekte truande og dei falske. Me kan likna det med ekte og uekte blomar. I dag kan ein laga plastblomar el.a., som ser ganske like ut dei ekte. Du skal koma ganske nær dei for å oppdaga at dei ikkje har liv. Men tek du på dei eller luktar på dei, vil du finna om dei er ekte.

Slik var det i Israel som Paulus seier: Ikkje alle som er av Israels ætt, høyrer difor til Israel, Rom.9,6. Og i Johs 4,23 talar Jesus om dei sanne tilbedarane.

Me vil finna dei same slags menneske i dag: Nokon har liv i Gud og lever med han. Andre ser gjerne ganske like ut i det ytre, og det kan vera vanskeleg for oss å sjå skilnad. Men dei har ikkje åndeleg liv. Sjølv om me ikkje ser denne skilnaden, veit Gud om det. Det kan sjå likt ut ganske lenge, men ved Jesu kome vil det syna seg kven som er sanne Guds born.

- På vegen heim sa No'omi til verdøtrene at dei skulle venda heim att. For dei høyrde til i Moab og ville verta framande i Israel. Ho ynskjer dei det beste, men meiner det er best at dei snur. Då syner skilnaden seg. Begge ville nok fylgja henne lenger i byrjinga, men då det røynde, var det berre Rut som gjekk vidare.

1,14-15. Då tok dei til å gråta att, og Orpa kysste vermor si til avskil, men Rut vilde ikkje skiljast ifrå henne.

Då sa ho: Du ser versyster di hev fare heim att til folket sitt og til sin gud. Far no du og heim att og fylg versyster di!

SKILNADEN SYNER SEG

Det var ein verkeleg skilnad mellom Orpa og Rut. Og den kom til syne då det røynde på, då det kosta noko. Me har lese at No'omi ville at begge skulle fara heim att til sine og få seg nye menn og familie. Ho sa ikkje dette avdi ho mislikte dei, men for å setja dei på prøve. Ho var nok verkeleg glad i sonekonene sine og ville dei det beste.

Då synte skilnaden seg. Begge to gret og tykte nok det var vanskeleg å skilja seg frå vermora. Og begge sa dei ville fylgja henne heim til Juda. Men No'omi visste betre: det dei lova i ei slik stund der kjenslene rådde, det ville dei snart trega når kvardagen kom i Kana’an. Difor heldt ho på sitt: Far heim att, døtrene mine. Ho var sjølv for gamal til å gifta seg om att og få born som kunne verta deira menn, v.13.

EIT VAL

Midt i gråten tok Orpa avskil, v. 14. Ho for heim att til sitt folk og sine gudar, som var avgudar. Me høyrer ikkje meir om henne. Ho går liksom inn i det store mørke og har ikkje noko å gjera med Guds folk. Ho kunne nok ikkje tenkja tanken på å forlata alt sitt og sine. Hjarta hennar var bunden i Moab, slik kona til Lot var bunden til livet i syndebyen Sodoma. Det var hendinga med henne Jesus brukte for å åtvara læresveinane då han tala om dei siste tider, Luk.17,32. Dei skulle vera reie og hugsa korleis det gjekk kona til Lot. Her er viktige ting å ta med seg slik at me ikkje vert liggjande etter på vegen.

SKILNAD I HJARTA

Det som var den alvorlege skilnaden mellom Rut og Orpa, var hjartetilhøvet. Orpa hadde berre eit ytre og laust tilhøve til No'omi. Då høvet baud seg, tok ho heim att og levde som før. Men mellom Rut og No'omi var det usynlege og sterke band. Ho var så eitt med vermor si at bandet var usliteleg. Her var ikkje den minste tvil om at ho skulle fara til Juda og Betlehem dit vermora ville dra. Rut ville ikkje skiljast frå henne, står det. Her var ekte kjærleik.

Nå ser me igjen eit fint trekk ved No'omi: Ho freista endå ein gong å overtala Rut til å fylgja Orpa, v.15. Du ser versyster di har fare heim att til folket sitt og guden sin, snu du og¼ Det var ei sterk freisting eller prøve for henne. No hadde ho høve til å gå attende til det gamle livet hjå folket sitt.

I den stunda syner hjartetilhøvet seg. Ho seier: Du skal ikkje telja meg til å skilja lag med deg og fara heim att. Det var noko meir enn høfleg framferd og fine ord. Det hadde skjedd noko med Rut i samværet med No'omi. Og det gjorde at ho var viljug til å gjera alt for å vera i lag med henne.

PÅ SAME VEG

Men Rut svara: Du skal ikkje telja meg til å skilja lag med deg og fara heim att. For dit du gjeng, vil eg og ganga, og der du stanar, vil eg og stana; ditt folk er mitt folk, og din Gud er min Gud;

der du døyr, vil eg og døy, og der vil eg verta gravlagd. Herren late meg bøta for det både no og sidan um noko anna enn dauden fær skilja meg frå deg!

Då No'omi såg at ho stod fast på sitt og vilde vera med henne, tala ho ikkje meir til henne um det.

Dette er vakre og talande vers!

Rut var altså på same veg som No'omi – også åndeleg tala. Ho hadde fått same heimland, same folk og same Gud. Med det forlet ho alt sitt eige og alle sine. I grunnen eig kvar kristen det same vitnemålet som Rut bar fram her. Og kan henda er det dette som skil dei sanne og dei falske truande. Difor vil me stansa litt ved det vitnemålet.

Gode føredøme

Ho seier: Din Gud er min Gud. Før hadde ho levd mellom avgudar og var vaksen opp i det heidenske Moab. Sikkert var ho ein ekte heidning som hadde levd ungdomslivet som heidning. Så vart ho gift inn i familien til No'omi og Elimelek. Der budde ho ei tid. Det står ikkje noko om kva som gjorde at ho fekk eit nytt syn her. Men truleg var Elimelek og No'omi gode føredøme og levde som ekte jødar i tru på sin Gud. Eit slikt liv kan ikkje vera utan frukt. Dei som ser eit sant åndeleg liv, vil merka det og bera preg av det. Då Ryt såg det og høyrde husfaren Elimelek be til Jahveh, kunne ho ikkje stå imot og vart ein truande. Ho såg etter kvart at dei hadde ein levande Gud og ikkje døde avgudar som ho.

Dette hende i dommartida i Israel frå ikr. 1100 f.Kr. Då levde nok historia om Herren sine underfulle gjerningar i Egypt og i øydemarka i Israels folk. Her har nok Rut fått høyra om ein Gud av eit heilt anna slag enn det ho hadde høyrt om før.Og trua vart fødd i hjarta hennar då ordet om Gud lydde. Og ho var lydig, forlet avgudane og vart ein israeltruande.

Farvel du brede strede, jeg bytter vennelag¼

At dette er sant, ser me av det neste: Ditt folk er mitt folk. Ho kjende seg eitt med det folket som No'omi tilhøyrde. Ho trivdes der og skjøna vel med åra at ho høyrde til der. Då No'omi ville dra, kunne ho ikkje tenkja tanken at ho skulle vera att åleine utan henne. For jødekvinna No'omi var blitt hennar rette folk. Banda til moabittarane var løyste etter desse åra og samværet med henne.

Og er det ikkje slik med truande folk til alle tider? Den som er fødd av Gud og har teke imot evangeliet, blir løyst frå verda. Gamle vener og deira interesser har så lite å seia nå. Nå har han fått noko nytt. Dei truande er blitt hans folk. ”Farvel du brede strede, jeg bytter vennelag¼

Trivsel i slekta

Vitnemålet til Johannes var slik: Me veit at me er gått over frå døden til livet, for me elskar brørne. 1.Johs 3,14. Og brørne er dei truande, Guds vener på jord. Det er eit kjennemerke på dei frelste. Har me ikkje bruk for og trivest saman med Guds folk, er det grunn til å spørja om noko er sjukt og galt med gudslivet vårt. Me er ikkje skapt og frelst til å gå åleine og tru at berre me har rett i alt. Å fødast på ny fører med seg at me kjenner oss i slekt med andre frelste. Og det gjeld også om me ikkje alltid er samd med dei i visse spørsmål. Er dei på veg til himmelen, er dei mine åndelege slektningar.

Med Jesus – i alt

Vidare seier Rut slik: Dit du går vil eg gå, og der du bur vil eg bu. Der du døyr vil eg døy. Det er uttrykk for at ho er viljug til å gå alle stader der No'omi går. Ingen ting skal kunne skilja dei. Det kunne nok bli ei strabasiøs reis mellom øydemark og hei. Og ikkje visste dei kva dei møtte der i Betlehem heller. Rut hadde sikkert høyrt om grunnen til at dei reiste frå byen. Det var uår og naud. Det var ikkje noko enkelt og lett liv dei no tok til på. Likevel sa ho: Eg vil dela kår med deg.

Og nett den innstillinga er så viktig for ein kristen til alle tider. Ikkje berre i medgang og lyse dagar, men i alt vil me gå med Jesus. Og målet er der framme, det vil me nå.

Orpa hadde aldri skjøna dette. Ho hadde berre vore i lag med desse israelittane i det ytre. Ho tok den lettaste vegen då det røynde på.

Rut derimot – ho hadde smakt av Guds godleik. Og ho overlet seg og framtida si i Guds hender. Hendinga vidare skal visa at det var trygge hender å leggja livet sitt i. Slik er og livet for ein kristen. Rut er eit godt døme på ein truande.

Då No'omi såg at ho stad fast på sitt, slutta ho å overtelja henne. Ho skjøna at Rut hadde ei sterk tru og vilje til å gå med henne.

V. 19-22. So heldt dei fram etter vegen til dess dei nådde Betlehem. Og då dei kom til Betlehem, kom heile byen i rørsla for deira skuld, og kvinnone sa: Er dette No'omi?

Men ho sa til dei: Kalla meg ikkje No'omi*! Kalla meg heller Mara**! For Den Allmektige hev gjort det ovleg beiskt for meg;

<*ynde.>

<**beiska>

med fulle hender for burt, men tomhendt hev Herren late meg koma att. Kvifor kallar de meg No'omi, når Herren hev vitna mot meg, og den Allmektige hev late det ganga meg so ille?

So kom då No'omi heim att, og med henne var Rut, Moab-kvinna, sonekona hennar, som hadde flutt frå Moab-landet; dei kom til Betlehem fyrstundes i byggskurden.

FØDD I SMERTE

Det har ofte vore slik at store verk – menneskeleg tala – er blitt fødde i sorg og naud og stor smerte. I medgangstider skjer ofte berre meir overflatiske ting. Me kan tenkja på songar. Dei songar og salmar som ikkje berre blir slagerar og døgnfloger, er som regel skrivne i tunge tider og fødde i smerte. Slik var det t.d. med salmane til Brorson. Få hadde så tunge dagar som han i livet, og få salmar har slik tyngde i innhaldet. Difor skulle me eigentleg takka Gud for alt som hender. Gud vil oss noko med det han legg i vegen vår. Me får heller vera tålsame ogventa på svaret kva det er.

Tilflukt i nauda

Då – i denne nauda – søkte altså No'omi heim att, v. 19. Og no kjenner ho seg useieleg fattig, v. 20f. Ho hadde hatt fulle hender, men sat no att tomhendt. Og det var Gud som hadde lete det gå slik. Djupast sett var det slik, og det treng ikkje liggja nokon anklage mot Gud hjå henne i desse orda.

Her legg me merke til at det først no, når alle hennar næraste var døde, at ho søkte heim att. Ei enkje hadde faktisk ingen ting å leva av i gammal tid. Så ho hadde ikkje stort anna å gjera enn å søkja heim til slekta si.

Og er det ikkje ofte slik i livet? Gud må gjera oss små før me tek vår tilflukt til han. Han må ofte ta fra oss det me gleder oss over og lever for. Gud gjer alt dette av kjærleik, sjølv om det ikkje smakar slik medan det står på. Men hovudsaka for han er å få oss heim tils eg!

Eit godt døme frå NT er den fortapte sonen, Luk.15. Han søkte ikkje heim før arven var brukt opp. Slik var det i Israel og. Gud måtte audmjuka folket igjen og igjen. Så tok No'omi og den eine verdottera på vegen heim til Betlehem.

Hyrdeomsut i forsamlinga

Då opplevde dei noko: Heile byen kom i rør, v.19. Her kom ho heim att etter over ti år i framande land, og ein skulle tru ho var gløymd. Men nei, alle snakka om det som var hendt. Me må tru dei tok vel imot dei og faktisk heldt velkomstfest.

Men – me legg merke til at ingen tala om dei då dei reiste ut! Det står i alle høve ikkje noko om det. I den nauda som då var, glei dei umerkande bort frå byen og folket. Og dei var kanskje ikkje dei einaste som freista lukka ein annan stad.

Her melder tanken seg med ein gong: Er me merksame på dei som glir bort frå oss åndeleg tala? Det kan vera etter ei vekkjing. Mange er komne med og er glade. Ein syng og frydar seg over dei som kom. Men etter ei tid tek nokre til å gli bort. Dei kom sjeldnare til møta. Ikkje ofte såg me dei på småmøta. Dei tok etter verda i levevis og hadde nok lita tid til Guds ord og bøn.

La me merke til at det gjekk slik? Eller gjekk me i vårt eige utan den hyrdeomsuta for dei som var svakare enn oss sjølve? Nå veit me alle at det er sers vanskeleg å tala med slike om åndelege spørsmål. Dei kjem så lett i forsvarsposisjon, og det er vanskeleg å finna rette ord og talemåte. Men tanken på å hjelpa dei, skulle leva iss og ikkje døy. Så lagar Herren den rette stunda når tida er inne.

På rett plass

Dei kom til Betlehem i byrjinga av kornhausten, v.22. Og det skal visa seg at dei gjekk frå fattigdom og eit liv i framande kår til eit nytt og rikt liv, sjølv om ingen ting kom lettvunne for dei. No var dei på rett plass, i Guds folk sitt rike.

Tyding av namna

Lat oss ta med litt om tydinga av namna på personane her. I Bibelen er det slik at namna tyder noko, og dei svarar til den karakter eller oppgåve personen har. Og det viser korleis Gud inspirerte både dei som skreiv Bibelen og personane i Bibelen som ga borna sine namn.

Elimelek tyder ”min Gud er konge” og er eit vakkert vitnemål om eit menneske. No'omi tyder ”vakker” eller ”elskeleg”. Som karakteruttrykk høver det godt på henne. Somme har meint at det talar om korleis Herren er, at han elskar henne. Sønene heitte Mahlom (svakhet) og Kiljon (sjukleg). Begge døydde unge, så namna kan ha samanheng med helsa deira. Då No'omi tykte alt gjekk galt for henne, bad ho Rut kalle henne Mara, og det tyder ”beisk”, v. 20. Og Rut tyder truleg ”trøyst” eller ”oppmuntring”.Og det vart ho for vermor si ved at ho fylgde henne heim til hennar land og det som hende der.

Slik kan me få tru at Herren er vår konge trass i at me er svake og veike og ofte kjenner at livet er bittert. Gud er min konge, ja, Jesus er vår frelsar – som det namnet tyder.

Kapittel 2.

Rut møter Boas

V. 1-20. No'omi hadde ein kjenning som var skyld mannen hennar, ein rik mann av ætti hans Elimelek; han hette Boas.

Ein dag sa Rut, Moab-kvinna, til No'omi: Lat meg ganga ut på åkeren og sanka aks etter einkvar som syner at han vil meg vel! Ho svara: Ja, gakk du, dotter mi!

So gjekk ho av stad og kom til ein åker og sanka aks der etter skurdfolket, og det høvde so til at åkerstykket høyrde Boas til, han som var av ætti hans Elimelek.

Best det var, kom Boas dit frå Betlehem, og han sa til skurdfolket: Herren vere med dykk! Dei svara: Herren velsigne deg!

Og Boas spurde den drengen som hadde tilsyn med skurdfolket: Kven høyrer ho til denne gjenta?

Drengen som hadde tilsyn med skurdfolket, svara: Det er den unge moabitkvinna som fylgde med No'omi hit frå Moab-landet.

Ho spurde um ho kunde få plukka og henta i hop dei aksi som ligg att millom kornbandi etter skurdfolket, og so kom ho, og hev stade her frå i dag tidleg og til no; det er ikkje langt belet ho hev sete inne.

Då sa Boas til Rut: Høyr, dotter mi! Du skal ikkje ganga av stad og sanka aks på nokon annan åker; gakk ikkje her ifrå heller, men haldt deg åt tenestgjentone mine her!

Sjå etter kvar skurdfolket arbeider på åkeren, og gakk etter dei! Eg hev sagt til drengene at dei ikkje skal røra deg; og vert du tyrst, so gakk burt åt kjeri og drikk av det som drengene auser upp!

Då kasta ho seg ned med andletet mot jordi og sa til han: Kvifor hev eg funne slik nåde for augo dine at du hev umsett for meg, endå eg er framand?

Boas svara henne so: Dei hev fortalt meg alt det du hev gjort mot vermor di etter mannen din var avliden, korleis du skildest frå far din og mor di og fedrelandet ditt og for til eit folk som du ikkje kjende noko til fyrr.

Herren gjeve deg lika for det du hev gjort! Gjev du måtte få full løn av Herren, Israels Gud, han som du hev kome til for å finna livd under vengene hans.

Ho sa: Lat meg finna nåde for augo dine, herre, etter di du hev trøysta meg og tala blidt til tenestkvinna di, endå eg ikkje ein gong er so mykje som ei av tenestgjentone dine.

Då det leid til måls, sa Boas til henne: Kom hit og et av brødet og duppa brødstykket ditt i vineddiken! Då sette ho seg jamsides med skurdfolket, og han rette henne steikte aks, og ho åt og vart mett og hadde endå att noko.

So reiste ho seg og tok til å sanka; og Boas sa til drengene sine: Ho må gjerne sanka millom kornbandi og; gjer henne ikkje noko til meins!

Ja, de skal draga ut aks or bandi og lata dei liggja, so ho kann sanka dei upp; ingen må skjenna på henne.

So sanka ho aks på åkeren alt til kvelds, og då ho banka utor det ho hadde plukka, vart det på lag ein efa med bygg.

Ho tok det upp og gjekk til byen, og vermor hennar fekk sjå det ho hadde sanka. So tok ho fram det som vart att då ho hadde ete seg mett, og gav henne det.

Då sa vermori til henne: Kvar hev du sanka i dag, og kvar hev du arbeidt? Velsigna vere han som hadde slik umsut for deg! So fortalde ho vermor si kven ho hadde arbeidt hjå, og sa: Den mannen som eg hev arbeidt hjå i dag, heiter Boas.

Møte med ein åndeleg slektning

Då No'omi kom heim att til Betlehem, møtte ho snart eign slektning til mannen hennar. Det var Boas. Og han kjem til å spela eign viktig rolle i denne historia. Og det var eit godt møte. Boas var eign truande, slik at Rut fekk møta eign åndeleg slektning.

Ein dag bad Rut om å få gå ut på marka og sanka aks.

Alt av nåde

Rut vart sendt ut på åkeren for å sanka aks, og der møtte ho Boas. Han tala venleg til henne, ja til alt haustfolket. Herren vere med dykk, sa han. Han la merke til den nye jenta og spurde kven det var. Han sa til Rut at ho berre skulle sanka hjå han og ikkje flakka på andre åkrar. Ho vart nok forundra over dette. Korleis kan du ha godvilje mot meg som er framand, v. 10.

Då svara Boas kva han hadde høyrt om henne: Ho hadde forlate sitt folk og fylgd med til Israel. Det skulle Herren løna henne for, og ho skulle finna livd under vengene hans.

Gud gir ikkje frelse som løn for arbeid. Det er ikkje Bibelen sin tale. Men den som kjem til Herren får alt av nåde. Du har sanneleg vist godvilje mot meg, sa ho, v. 13. Godvilje er det same som nåde[2] og ”barmhjertighet”. Og ho visste ho trong det, ho rekna seg ikkje ein gong som ei tenestejente. Med det meinte ho nok at ho var heidning og kunne ikkje venta noko godt etter naturleg tankegang.

Liv – mot synd, Satan og dom

Men Gud ville gi henne ly, som det står på bokmål. Menneska treng denne livd eller ly mot synda i oss og ikring oss og Satan som kjem med listige åtak. Ofte treng me og ly mot vonde menneske me møter på vegen. Ikkje minst treng me det mot dommen som ventar alle ein gong. Rut var framand og heidning og kunne berre vona på nåde og godleik. Elles hadde ho ingen ting å rosa seg av.

Er ikkje det så likt oss? Me er slike fortapte kryp frå heidningland. Skal me verta berga, må det bli av nåde åleine frå Gud. Me kan søkja denne tilflukt frå Gud, me kan finna ly under vengene hans. Korleis kan det skje?

Vår tilfluktsstad

Rut seier det i grunnen så klårt i v. 13: ”lat meg finna nåde for augo dine, herre.” Og i v. 20 seier No'omi til Rut då ho kjem heim: ”Velsigna vere han av Herren som ikkje har teke si miskunn[3] bort.” Det er i grunnen hovudsaka. Å søkja ly hjå Gud er å bli frelst av nåde og Guds miskunn. David seier det same i Salme 36,8: ”Kor dyrverdig er di miskunn, Gud. Mannsborna flyr inn i skuggen av dine venger.”

Det tyder at Gud får tilgi vår synd og skuld. Når det skjer, er me i trygg forvaring hjå han. For han er viljug å sletta ut alle våre brot og stryka ut synda. Før det skjer med eit menneske, er det hjelpelaust fortapt. Ingen ting kan hjelpa oss utan at Gud forlet synda vår. Det er å finna ly hjå Gud.

På blodets grunn

Og Gud kan gjera det. Grunnen er Jesu forsoningsverk for vår synd. På krossen tok han ansvaret for synda og døydde for alle menneske. Han betalte for all synd på jord. Difor kan me finna ly i forsoninga. Jesu blod blir vårt skjul. Det same skriv David i Salme 5,13: ”Du vernar han med nåde som med eit skjold.” På bokmål står det: Du omgir ham med nåde.

Og dette stemmer fint med Paulus si forkynning. I Efesarbrevet står det klårt i kap. 2,8: ”Av nåde er de frelste ved tru, og det er ikkje av dykk sjølve. Det er Guds gåve.”

Nåde tyder nett det: Me har ikkje fortent det. Me ville ikkje få tilgjeving dersom Gud skulle rekna etter vår eiga forteneste. Gud gir oss det fritt som ei gåve.

- Det er klårt at korkje Rut eller andre i GT kunne sjå dette klårt. Dei fekk høyra det i bilete og symbolhandlingar. Men me ser det i det klåre lys frå evangeliet og Jesu verk. Difor kan me gleda oss meir over dette enn dei gamle jødane kunne då.

Serleg verna

Slik må Rut ha kjent det. Ho kom frå heidningeland og fekk alt ho trong.Ho fekk mat som dei andre, v. 14. Og då ho skulle til å sanka aks, ga Boas henne lov til å sanka mellom kornbanda. Arbeidsfolka fekk endå til bod om å dra aks ut or kornbanda så ho fekk dei óg, v.16. Dei andre skulle ikkje gjera henne noko vondt og ikkje skjenna på henne. Rut var altså serleg verna av Boas som åtte åkrane her.

Ein sann israelitt

Kap. 2,20-23. Då sa No'omi til sonekona si: Velsigna vere han av Herren, som ikkje hev teke si miskunn burt, korkje frå dei levande eller dei avlidne! Og ho la til: Den mannen er i skyld oss; han er ein av løysingsmennene[4] våre.

Og Rut, moabitkvinna, sa: Han sa og til meg: Haldt deg åt folki mine til dei gjort frå seg all skurden min.

Då sa No'omi til Rut, sonekona si: Det er godt, dotter mi, at du fylgjest med gjentone hans; på ein annan åker kunde dei snart ha gjort deg eitkvart til meins.

So heldt ho seg åt gjentone hans Boas og sanka aks til både byggskurden og kveiteskurden var ende. Men ho budde hjå vermor si.

Det var løysingsmannen Boas som skulle bli vona for Rut!

Den siste merknaden i kap. 2 syner at ho levde eit reint liv i høve til menn. På den måten viste ho seg og som ein sann israelitt, sjølv om ho ikkje var det av fødsel eller oppseding frå barndommen. Ho levde ikkje som ei laus heidningekvinne og tok den første mannen som baud seg. Ho søkte heller ikkje etter menn. Ho heldt seg til Bosa sine kvinnelege arbeidarar og fekk bod av No'omi om det.

Tenarsinn – ikkje nytesjuk

Eit trekk til ved Rut skal me ta fram frå kap. 2. Brandtzæg kalla dette kapitlet: ”Rut som den tjenende”.[5] Og det er treffande sagt. Rut venta ikkje at alle skulle oppvarta henne og gjera alt som trongst. Ho var ikkje krevjande og let andre skaffa føda for seg. Ho seier til vermora: Lat meg gå ut på åkeren. Ho hadde tenarsinnet og vilje til å arbeida og skaffa det dei trong. Heile haustonna var ho i arbeid.

Slik vert Rut eit førebilete på ein sann kristen og eit godt menneske som tek sin part av strevet. Nytesykja er aldri etter Guds vilej. I vår tid trur eg me treng minna kvarandre om det. Her er mange – både eldre og unge – som nok er meir oppteken av å nyta og krevja og venta på tenester, enn sjølv å bøya seg ned for å tena. John F. Kennedy sa i ein tale: Spør ikkje etter kva landet ditt kan gjera for deg, men spør kva du kan gjera for landet ditt. Den ånda er fullt i tråd med Guds ord.

Vanleg arbeid

Jesus tala fleire gonger om teneste for andre. Og han meinte ikkje berre tenesta med å tala Guds ord og arbeida med åndelege ting. Han meinte vanleg arbeid. Det må og gjerast. Me ksal ikkje bli så ”fine” at me berre vil gjera det som syner eller som andre tykkjer er fint. Fleire av Jesu likningar handlar om å arbeida. Ein gong sa han: ”Den som vil vera stor mellom dykk, skal tena dei andre, og den som vil vera den fremste av dykk, skal vera træl for dei andre.” Mat.20,27f. Det er sterke ord. Ein av anklagane til Jesus mot farisearane var nett dette: ”Alle sine gjerningar gjer dei så folk skal sjå dei.” Mat.23,5.

Men Rut var arbeidar. Utan å bli beden om det, gjekk ho. Slik er ho føredøme for unge kristne: Vent ikkje at andre skal gjera alt. Ver praktisk i kristendommen din. Hjelp far og mor, byd deg fram til å gjera den ringaste tenesta. Både i heimen og i bedehuset må golvet vaskast og anna ryddast. Slike tenester kan og gjerast for Jesus.

Eg har ei tenesta stor for Gud

Frå dag til dag i det stille¼

Tålmod

Kap. 3,1- Og No'omi, vermor hennar, sa til henne: Eg vil sjå til å finna deg ein heim, dotter mi, so du kann få det godt.

Høyr no: Du kjenner Boas, husbonden åt dei gjentone du fylgdest med, og veit at han er skyld oss. No i natt kastar han bygget sitt på treskjestaden.

No skal du två deg og salva deg, og so skal du hava på deg klædi dine og ganga ned til treskjestaden; men lat ikkje mannen sjå deg fyrr han hev ete og drukke sitt nøgje.

Når han so legg seg, skal du merkja deg staden der han legg seg; Gakk so dit og slå upp åklædet nedmed føtene hans og legg deg der; då segjer han deg sjølv kva du skal gjera!

Ho svara: Eg skal gjera alt det du segjer.

So gjekk ho ned til treskjestaden og gjorde i alle måtar so som vermori hadde sagt henne fyre.

Då Boas hadde ete og drukke og var komen i godlag, gjekk han og la seg attmed kornhaugen; då kom ho stilt og slo upp åklædet nedmed føtene hans og la seg der.

Midnattsbel vart mannen uppskræmd og bøygde seg framyver, og so fekk han sjå at det låg ei kvinna nedmed føtene hans.

Og han sa: Kven er du? Ho svara: Eg er Rut, tenestkvinna di. Breid åklædet ditt yver tenestkvinna di; for du er løysingsmannen[6] min.

V. 10- Då sa han: Herren velsigne deg, dotter mi! Du hev no synt større kjærleik enn fyrr, med di du ikkje hev gjenge etter dei unge karane, korkje fatige eller rike.

Ver no ikkje redd, dotter mi! Alt det du segjer, vil eg gjera for deg; for alt folket i byen min veit at du er ei fagna kvinna.

Det er sant som du segjer: Eg er i røyndi løysingsmannen din; men det finst ein annan løysingsmann som er næmare enn eg.

Ver no her i natt! Vil han då i morgon løysa deg, vel, so lat han det! Men hev han ikkje hug til å løysa deg, so skal eg gjera det, so visst som Herren lever! Ligg no her til morgons!

So vart ho liggjande nedmed føtene hans til morgons, då reiste ho upp fyrr det var so ljost at folk kunde kjenna kvarandre; for han tenkte: Det må ikkje spyrjast at kvinna hev kome hit til treskjestaden.

Sidan sa han: Kom hit med den kåpa du hev på deg, og haldt henne fram! So heldt ho kåpa fram, og han mælte i seks mål bygg og la det på ryggen hennar; dermed gjekk ho inn til byen.

Då ho kom heim til vermor si, spurde ho: Korleis gjekk det deg, dotter mi? Då fortalde ho henne alt det mannen hadde gjort mot henne,

og sa: Desse seks måli med bygg gav han meg; for han sa: Du må ikkje koma tomhendt heim til vermor di.

Då svara No'omi: Haldt deg no i ro, dotter mi, til du fær sjå korleis det gjeng med dette! For den mannen gjev seg ikkje fyrr han fær greidt saki, og det i denne dag.

Me har sett korleis Rut arbeidde på åkeren til Bosa, ein slektning av Elimelek, verfar hennar. Nå var ho enkje og hadde slik lite framtid. Ho skulle hatt ein heim og fått meir tryggleik i livet.

Rut sjølv tok seg ikkje til rette og søkte ikkje menn ute på åkeren. Ho hadde vel tenkt på å få ein ny mann og heim, for ennå var ho ung. Men ho hadde tid å venta og syner slik eit fint tålmod. Her er noko å læra for einkvar. Ekteskapet er ein del av Guds plan og vilje. Men det er skrive i ordet at det skal skje i otte og age for Gud, i Herren. 1.Tes.4,4-5.

Mykje vondt i heimane og mange skilsmål kunne vore ugjort om menneska hadde tenkt meir på det og hatt tid å venta. Serleg unge menneske skulle kanskje læra å ha meir tid her. Mennesket må mognast i livet før det kan tåla påkjenningar. Og eit ekteskap er meint av Gud å vara livet ut. Då blir det mange kvardagar, og det kan skapa konfliktar. Difor skal ein ikkje vera for snar her. Det gjeld både menn og kvinner.

Men No'omi tenkte på sonekona si og la ein plan for henne, slik me har lese i v.1-9.

Ordet heime tyder eigentleg kvile.[7] Rut skulle nå koma til ro og ikkje flakka om frååker til åker for å finna mat. Kvile er eit vakkert ord for ein heim.

Skikk – ikkje snare

No'omi kjende skikkane i Israel, korleis dei pleidde å gjera dette. Det synes å vera ukjent for Rut. No'omi bad henne vaska og salva seg og gå ned til treskevollen der Bosa var. Men ho måtte vera varsam og ikkje gå før alt arbeidet var gjort og Bosa var ferdig med måltidet. Når han la seg skulle ho leggja seg ned ved føtene hans og venta.

Dette må ha vore skikken deira i slike høve. For No'omi seier at Bosa vil seia henne kva ho skal gjera. V.4. Her er altså ikkje tale om at Rut skal freista Bosa til synd eller leggja ut ei snare for han. Det er rett og slett tale om ein skikk. Det var truleg slik ei kvinna gjorde det klårt for ein mann at ho var interessert. Så fekk han svara slik han ville.

Lydig og audmjuk

Om Rut sjølv hadde tenkt på Boas slik, veit me ikkje. Men les me vidare frå v. 5, høyrer me at ho svara lydig: Eg skal gjera alt det du seier. At ho svara slik er ikkje berre uttrykk for lydnad mot vermora slik skikken var i tida. Det syner litt av hennar karakter: Ho bøygde seg og var viljug å gjera det andre sa. Ho sa ikkje imot eller ville pressa sin vilje fram.

Då kvelden kom, gjekk Rut tiltreskeplassen og la seg stilt ved føtene hans. Er ikkje det eit vakkert ord om korleis ho var? Ho ville ikkje laga noko oppstyr om seg sjølv på nokon måte. Midt på natta vakna Bosa og kvakk til då han såg ei kvinne ved føtene sine. Men heller ikkje han var ein slik lauskar som nytta seg av dei kvinner som baud seg til. Difor spør han straks: Kven er du?

Svaret som Rut gir, viser igjen noko av hennar karakter. Ho seier: Eg er Rut, tenestekvinna di, v. 9. Slik stiller ho seg på den låge plassen som før. Ho tek ikkje noko for sjølvsagt. Ho kan likeså vel rekna med å få nei som ja. Ho var ein framand og det var kvinner nok i Israel som Bosa kanskje ville ha. Difor finn me henne aaudmjuk ved føtene hans.Så bed Rut om at han vil leggja kappa si over henne, og det var jamgodt med eit frieri på den tida. I Esek. 16,8 er det nytta som uttrykk for å ta ein til ekte. Der er det brukt om at Herren tek Israel til ekte: Då breidde eg snippen av kappa mi over deg, sa Herren. Og du vart mi.

Her kan det vera interessant å vita at ordet for kappe er det same som er omsett med vinger i kap. 2,12.[8] Der brukte Bosa det ordet til Rut og sa ho hadde kome til Israels Gud for å finna livd under vengene hans. Nå brukar Rut det same ordet til Bosa og seier: Brei kappa di over meg, eller: Brei vengene dine over meg. Ordet tyder begge deler.På same måten som ho søkte ly hjå Israels Gud ved at ho kom til Betlehem med No'omi og trudde på hennar Gud,bed ho nå om ly hjå han. Med det ville ho seia at han skulle ta seg av henne og gi henne ein heim. Det er same ordet som er brukt i hebr. NT om venger i t.d Åp.4,8, og då Jesus sa til jødane: Kor ofte ville eg ikkje samla dyk som ei høne samlar kyllingane under vengene sine. Det er og uttrykk for skjul og livd og vern.

Løysingsmann – men kven?

Då Rut ba Bosa om å leggja kappa si over henne, slik me las i kap.3,9, var ikkje det eit tilfeldig spørsmål.Heller ikkje var det kjensler eller eit plutseleg innfall som dreiv henne. Sjølv om vermora No'omi hadde bede henne gjera det, var det og noko meir som låg til grunn for oppmodinga. Du er løysingsmannen min, seier ho v. 9. Me skal tala meir om det seinare.Her nemner me berre at ho med det faktisk minner han om at han etter jødisk lov hadde ei viss plikt til å ta seg av henne. Det er No'omi som har undervist henne om dette.

Les med resten av kapitlet, ser me at Bosa var glad over svaret. Han seier: Herren velsigne deg, dotter mi. Etter svaret hans treng ho ikkje meir vera i tvil. Ho skal løysast og få ein mann og heim. Men det var ikkje sikkert at det vart Bosa som skulle gjera det. Det var ein nærare slektning som dei først måtte spørja. Men elles kunne ho vera trygg. At hana kalla henne dotter si, kan kanskje tyda på ein viss skilnad i alder; at ho var yngre enn han.

Livsstilen er viktig

Ho får god attest av han nå: Du har vist større truskap nå enn før, seier Bosa, sidan du ikkje har gått etter dei unge mennene. v. 10. Ho er ei god kvinne, seier han. Og dette vitnemålet er ikkje berre hans meining. Nei, alt folket i byen veit det, kviskrar han til Rut i nattestilla. Folk har lagt merke til denne framande og sett at ho ikkje levde som heidningar flest. For ho vart nok rekna for ei heidningekvinne ennå. Det understrekar forfattaren og boka. Namnet Rut er nemnd 12 gonger, og av dei er ho kalla moabitt 5 gonger.

Ho var med andre ord eit samtaleemne i byen. Ordet om at heile byen tala om Rut tyder eigentleg byporten. Der samla folket seg som på eit torg, og der sat domarane i byen og avgjorde saker. Difor var det viktig kva folk sa om henne der.

- Som kristne er me på same måten i fokus for alle og einkvar me møter. Dei legg merke til korleis me lever og gir oss attest. Det kan nok vera at denne attesten ikkje alltid er rettferdig når nokon vil sverta oss. Men det skal leva i tanken vår at me er lys og salt her i verda. Folk får ofte det inntrykk av kristen tru og liv, som dei får av oss. Og det legg eit ekstra alvor over livsstilen vår.

Bosa ba henne vera hjå han den natta – stadig ved føtene – så skulle saka ordnast neste dag. Då ville dei oppsøkja den andre løysingsmannen. Dersom han ikkje ville eller kunne løysa henne, lova han rett ut at han skulle gjera det, v.13. Her i nattestilla fekk altså Rut ein lovnad. Det var dyre ord for henne som ho nok tok vare på.

Ikkje til anstøyt

Før det var lyst, sto ho opp og gjekk heim att til No'omi. Korkje ho eller han skulle vera interessaert i at folk skulle sjå at ho hadde vore der om natta. Slikt har folk alltid lett for å tala om, og dei legg ofte merke til det dei sjølv tenkjer. Her handla dei klokt og unngjekk slik å bli skada. Den same klokskapen kan vera nyttig for mange, altså å leva varsamt for ikkje å vekkja anstøyt hjå andre. Ofte kan det som er gjort i uskuld sjå ut som synd og skam for den skitne fantasien. Ved å handla klokt kan slikt unngåst.

Trulovingsgåve

Men før ho gjekk, fekk ho seks mål bygg av Bosa med seg heim til vermora. Han ville ikkje at den framtidige brura skulle koma tomhendt heim.Det er litt uvisst om kor mykje ho fekk. Leon Morris trur det var 6 seah, som er ikring 40 kg.[9] Det var ikkje så lita trulovingsgåve – og ho var tung å bera.

No'omi var nok spent på korleis natta hadde vore og spsurde straks ho kom: Korleis gjekk det med deg? Svaret var nett dei 6 mål korn, og det ovetydde vermora: Rut hadde nok ikkje gått til fånyttes til Bosa. Difor kunne ho trøysta jneta og seia: hald deg i ro. Det var ikkje meir å gjera for henne. Nå var det opp til han.

Løysingsmannen gjev seg ikkje

Og Bosa får ein uvanleg vakker attest av No'omi: Den mannen gjev seg ikkje før han får saka ordna, og det i denne dag, v.18. Gåva hadde nok overtdd henne, og kanskje kjende ho mannen frå før.

- Denne attesten kan også seiast om vår utløysar. Han gjev seg ikkje før alt er ordna. I alle høve er det sant om Frelsaren. Han gav seg ikkje. Alt vart gjort for å sona verda si synd, og alt vert gjort for å kalla syndarar inn til krossen. Han gjer og alt for å føra sine gjennom denne vanskelege og vonde verda. Skal me vegen om dødsporten, treng me ikkje stå der aleine. Vår ”Boas” vil ta oss ved handa og føra oss fram. Han gjev seg ikkje. Han søv ikkje og slumrar ikkje, Israels vaktar. Det kan me leva i vissa om. Salme. 121,4.

Kap. 4.

Nytt livsavsnitt

I kap. 4 lers me korleis Bosa løyser Rut og tek henne til ekte. Me har alt lese at No'omi kom tomhendt heim frå Moab, men at Rut ikkje trong dra tomhendt heim frå Bosa.

Men nå var desse tomhendte dagar slutt. Eit heilt nytt livsavsnitt tok til, både for Rut og Bosa, og sikkert for No'omi og.

Kap. 4,1-8. Medan hadde Boas gjenge upp til byporten og sett seg der. Då høvde det so at den løysingsmannen som Boas hadde tala um, gjekk framum der, og Boas sa: Kom hit og set deg her, frende! Då kom han og sette seg.

So henta Boas ti av styresmennene i byen og sa: Set dykk her! Og dei sette seg.

Sidan sa han til løysingsmannen: Det åkerstykket som Elimelek, bror vår, åtte, hev No'omi selt, ho som er attkomi frå Moab-landet.

Eg tenkte at eg vilde varsla deg um det og segja: Kjøp det du medan dei er til stades dei som sit her, og styresmennene for folket mitt! Vil du taka det etter løysingsretten, so gjer det; vil du ikkje løysa det, so seg frå til meg, so eg fær vita det; for ingen annan eig løysingsretten enn du, og næst etter deg er det eg sjølv. Han svara: Eg vil løysa det.

Då sa Boas: Når du kjøper åkeren av No'omi, so kjøper du han og av Rut, moabitkvinna, kona åt den avlidne, og du skyldar å reisa upp att namnet åt den avlidne på odelseiga hans.

Løysingsmannen svara: So kann eg ikkje nytta løysingsretten min; for då kom eg til å spilla min eigen odelsgard. Løys du åt deg det eg skulde ha løyst; for eg kann ikkje løysa det.

Det var gamal sed i Israel at når ein mann skulde stadfesta ei attløysing eller eit avtala byte, då drog han av seg skoen og gav han til den andre; det var i Israel jamgodt med eit vitnemål.

Difor sa løysingsmannen til Boas: Kjøp det du! og so drog han av seg skoen.

Begge hadde retten¼

Straks det vart dag, gjekk Bosa til byporten for å ordne saka. Den andre og nærare løysingsmannen kom framom og Bosa ba han stansa. Deretter samla han ti av dei eldste i byen. Dei hadde etter alt å døma stort ansvar og stor makt, etter skikken i landet påå den tida. Her skulle dei fungera som vitne i samtalen og avgjerda med løysingsmannen.

Det viser seg nå at No'omi hadde selt eit stykke mark som Elimelek hadde ått, v.3. Det må ha vore hans part i den felles åkeren som låg utafor byen. Bosa ga den andre løysingsmannen høve til å kjøpa åkeren etter den rett han hadde som nærare slektning. dei ti skulle vera vitne til det. Berre desse to hadde slik rett etter Elimelek. Og den andre sa verkeleg at han ville kjøpa det.

Boas både ville og kunne

Bosa ser ut til å ha venta med å nemna det neste: Om du kjøper åkeren, må du og ta Rut til kone. Du er skuldig å ta henne til deg og slik reisa opp att namnet etter Elimelek og son hans. Rut har truleg då ikkje hatt born med første mannen, og nå måtte løysingsmannen gi henne g\born.

Då han fekk høyra det, vara han verdig med saka. Han kunne ikkje ta seg av Rut, og heller ikkje då nytta seg av løysingsretten til jorda. Det er ikkje sagt klårt kvifor han ikkje kunne det. Han var viljug til å kjøpe jorda, men kunne ikkje ta seg av Rut. Det står ikkje at han var gift før og slik ikkje kunne løysa henne – sjølv om det kunne vera tilfelle. Ein meiner elles at denne mannen ikkje hadde god nok økonomi til alt: Både å kjøpa åkeren og sørga for Rut. hans eigen gard ville då lida skade. Då avgjerda var teken, stadfeste dei det ved å ta av seg skoa, v. 7. Begge gjorde det til vitnemål om at dei var samde. I tillegg tok Boas dei ti til vitne på at han hadde kjøpt åkeren.

Kap. 4,9-16.Då sa Boas til styresmennene og alt folket: De er i dag vitne på at eg hev kjøpt av No'omi alt det som Elimelek åtte, og alt det Kiljon og Mahlon åtte.

Og Rut, moabitkvinna, enkja etter Mahlon, hev eg vunne meg til kona for å reisa upp namnet åt den avlidne på odelseiga hans, so namnet hans ikkje skal verta utrudt millom brørne hans eller i porten på heimstaden hans; det er de vitne på i dag.

Og alt folket som var i porten, og styresmennene sa: Ja, det er me vitne på. Herren late den kvinna som no gjeng inn i huset ditt, verta som Rakel og Lea, dei tvo som bygde upp Israels hus, og gjev du må koma til velmakt i Efrata og få ein namngjeten son i Betlehem!

Gjev Herren vilde lata deg og denne unge kvinna få slikt avkjøme at huset ditt vert likt huset åt Peres, han som var son åt Juda og Tamar!

So tok Boas Rut til seg, og ho vart kona hans; han gjekk inn til henne, og Herren laga det so at ho vart med barn og fekk ein son.

Då sa kvinnone til No'omi: Lova vere Herren, som ikkje let deg vanta løysingsmann i dag, og han verte namngjeten i Israel![10]

Han skal kveikja di sjel og forsyta deg i alderdomen; for sonekona di, som held so av deg, er mor hans, ho som er meir for deg enn sju søner.

Og No'omi tok barnet og la han i fanget sitt og vart fostermor hans.

Den sanne løysingsmannen

Denne skikken eller lova om løysingsmannen finn me i Moselova. I 5.Mos. 25,5ff finn me orda om at ei enkje ikkje måtte gifta seg ut or ætta og ta ein framand til mann.Lova var slik at eldste sonen i det nye ekteskapet skulle kallast son til første mannen hennar slik at namnet hans levde vidare, og dermed minnet og ætta hans. Dette gjaldt om det første ekteskapet var barnlaust.

Kor mykje Boas og den andre var i slekt med Elimelek er usagt, men dei var truleg ikkje brørne hans. Her er det nok ein fjernare slektning som nemnd i3. Mos.25,48f. Dette må vera bakgrunnen for hendinga i Ruts bok, og slik eit døme på korleis lova verka i praksis.

- Og namnet løysar fører tanken lett til ein annan løysar som Guds folk eig. Som syndige menneske har me fleire likskapsdrag med Rut, og me treng ein som er i stand til å fria aoss ut or vår store naud.

Berre på tre vilkår kan denne løysinga skje: Løysaren må vera viljug til å løysa.han må ha rett til det. Og han må betala prisen (ha råd). Alle desse tre vilkår vart oppfylde av Boas – og av Jesus, slik me skal sjå vidare i Ruts bok.

To løysarar – for oss

Rut opplevde at det eigentleg var to som skulle løysa henne, slik det faktisk er med oss åndeleg sett. Her vil me ”anvenda” soga om Rut på oss i frelsesspørsmålet.

Den første løysaren er Guds heilage lov. Og alle menneske freistar først av alt å bli løyst av han. Mange jødar i bibelsk tid levde i den trua at lova kunne frelsa dei. Etter syndefallet ligg denne tanken djupt i kvart einaste menneske den dag i dag.

Det skjer ved at menneska prøver å leva så godt dei kan. Somme er religiøse og meiner dei kan halda dei ti boda etter Guds vilje. Jesus sa faktisk det til den rike, unge mannen: Vil du gå inn til livet, så hald boda. Mat. 19,17. Då tala han om den første løysaren. Han meinte ikkje at den unge mannen kunne eller skulle bli frelst ved å halda lova. Men han skulle prøva seg der først. Nokre meiner at når dei gjer så godt dei kan, vil ikkje Gud krevja meir av dei. Dei held seg frå avgudar i det ytre, misbrukar ikkje namnet åt Herren eller Guds dag.Og dei er så gode mot andre som dei meiner dei kan klara. Somme held seg gjerne til ”den gylne regelen” i Mat. 7,12: Alt som de vil at andre skal gjera mot dykk, det skal de og gjera mot dei.

Sjølvbedrag

Slike tankar er sjølvbedrag. Ikkje noko menneske har klart å halda Gud bod, og ingen greier å leva etter den gylne regelen. Også den er ein del av lova sin funksjon. Jesus gjorde det klårt i bergpreika (Mat.5) at Guds lov ikkje berre skulle tolkast etter bokstaven. Det var ikkje nok at ein held seg frå direkte mord, sa han. Vonde ord var jamlikt med drap. Og eit ureint blikk og ein tanke var hor og brot på det 6. bodet.

Nå sa den første løysaren at han ikkje kunne løysa Rut.Problemet var ikkje at han var uviljug. Men han var ikkje i stand til det.

Slik er det med menneske som vil frelsa seg ved lovgjerningar. Dei kan ikkje. Og aldri har noko menneske greidd det. Om det skriv Paulus klårt i Gal.2,16: For av lovgjerningar vert inkje kjøt rettferdiggjort. Og i Rom.8,3 seier han: Det som var umogeleg for lova, (¼) det gjorde Gud.Det er altså ikkje tale om at serleg sterke og gode menneske kan makta å bli frelst ved sitt eige liv. Ingen kan det. Dette er ein fellesnemnar for heile slekta.

Viktig erkjenning

Før dette er klårt for eit menneske, slepp ikkje den andre løysaren til.Det er viktig. Det er noko av meininga med orda i Gal.2,19: For ved lova er eg død for lova. Og Rom. 3, 20: For ved lova kjem ein til å kjenna synda; og Rom. 7,7:Eg kjende ikkje synda utan gjennom lova. Det er vel ikkje heile tydinga av desse orda, men noko.

Då slepp den andre løysaren til, nemleg Boas. Det det var klårt at Rut ikkje kunne løysast ved den første, sa Boas at han ville gjera det! Så tok han dei eldste i byen og alt folket til vitne på det, v. 9. Dette var med andre ord offentleg kjend, ingen skulle vera i tvil om at Boas hadde teke Rut til seg og kjøpt att åkeren. Ja, seier han i v. 10: Rut har eg vunne meg til kone. Ordet for vunne er det same som å kjøpe. Boas hadde kjøpt Rut og slik vunne henne til kone. Det vert slik ei mistyding i NO-78 som seier at Boas tek Rut til kone. Sjølv om han nok likte Rut og var glad i henne, fekk han henne ikkje gratais. Dei hadde gjort ein handel utan at det er sagt noko meir om prisen eller kven han betalte til. Sjølve kjøpet må nok referera til åkeren som han kjøpte. Men Rut var medrekna totalt sett.[11]

Vakkert bilete

Dette er eit vakkert bilete på den andre løysaren vår, Jesus. For det er han som slepp til når Guds ord har vist oss at me er fordømde og fortapte syndarar. Då seier han: Eg vil løysa deg. Han elskar oss og vil ha oss inn i sitt rike. Ja, han vil ha syndige menneske som si brur.

Men han fekk det ikkje lett og ikkje gratis. Han måtte forlata himmelens herlegdom, bli fødd i ein stall og tåla spott av vond emenneske. Til sist gjekk vegen om Getsemane og Golgata. Der kosta det han livet å løysa oss! Han døydde og betalte med blodet sitt for å frelsa heile verda. Slik vart han ein løysar for alle menneske. Men det er viktig å ha det klårt for seg, at det er berre dei omvende, som tek imot frelsa ved tru, som blir utløyst og frelst.

Inn i slekta og kvilestaden

Me finn desse tankane ofte i Bibelen. Job seier t.d. i si naud: Eg veit at utløysaren min lever, Job.19,25. Og Jesus sa at han var komen for å tena og gi livet sitt som løysepenge for mange (Mat. 20,28). Paulus vitna om Jesus og sa: Han ga seg sjølv til løysepenge for alle (1.Tim.2,6). Peter skriv slik om prisen som vart betalt:De er frikjøpte – med Kristi dyre blod (1.Pet,1,19). Ved å ta imot Jesus i tru får me eiga retten til å vera Gud born. Joh.1,12.

Boas tok Rut til seg og fekk sonen Obed. Så hadde Rut funne sin kvilestad, fått sin eigen heim. Det gjekk som Boas hadde sagt, kap.2,12: Herren skal løna deg og gi deg fullt vederlag. Løna var framfor noko anna, seier Brandtzæg med rette: At Dfavid vart etterkomaren hennar og seinare Jesus. Også No'omi vart kveikt i sjela då ho såg kor godt det gjekk Rut.Ho vart fostermor til den vesle guten.

Så me og få venda oss til løysaren og der få eit godt og velsigna liv i teneste for den same frelsar og Herre.

Slektsregister

Kap. 4,17-22.Og grannekonone gav han namn og sa: No'omi hev fenge ein son! Dei kalla han Obed; Han vart far åt Isai, far hans David.

Her er ættetavla hans Peres: Peres fekk sonen Hesron,

og Hesron fekk sonen Ram, og Ram fekk sonen Amminadab,

og Amminadab fekk sonen Nahson, og Nahson fekk sonen Salma,

og Salmon fekk sonen Boas, og Boas fekk sonen Obed,

og Obed fekk sonen Isai, og Isai fekk sonen David.

Boka vert avslutta med eit oversyn over etterslekta. Liner vert dregne framover til kong David. Og det syner at boka er skriven relativt seint etter hendinga. Det må altså ha vore i eller etter David si tid.

Naboane var interessert i det som hende, serleg konene var med her. At barnet vert kalla son til No'omi heng saman med jødisk skikk, slik me har vore inne på. Obed var i røynda son til Mahlon og/ Kiljon, sønene til No'omi. Ettersom Rut hadde vore gift inn i familen, fødde ho nå ein son for No'omi. Slik rekna dei det.

Det er litt underleg at naboane gir barnet namn. L. Morris trur det kan henga saman med at Rut og Bosa aksepterte det ettersom dei viste slik interesse, eller at det var ein lokal skikk.[12]

Først kjem ættefedrene til Bosa. han stamma frå Peres av Juda stamme. 1.Mos. 46,12. me legg merke til at Mahlon ikkje er nemnd, og at barnet Obed er rekna som son til Bosa – som han og var etter kjøtet.

Deretter kjem slekta fram til David. Etter dette er Obed farfar til David. Ettersom Bosa var ekte jøde og kunne føra slekta si attende til Juda, kunne det skje med rette. Og kvifor blir det gjort her? Ein grunn er nok at det var viktig å visa at Rut vart oldemor til kongen, og berre det forsvarar at Ruts bok får ein plass i Skriftene.

Men truleg går tanken vidare – i det lange profetiske perspektiv: David skulle bli stamfar til Messias, og Rut blir slik ein del av hans ættetavle. NT ser det slik. Matteus reknar opp ættetavla til Josef i kap. 1, den går attende til Abraham – ettersom Matt. ev. er skrive for jødar var det viktig. Her er Bosa med i rekkja av forfedrar. Til vanleg er berre faren med i slike lister. Ved nokre få namn er kona med hjå Matteus. Bosa fekk sonen Obed med Rut, står det, kap.1,5. Det profetiske perspektivet har slik med at Rut er stammor til Messias, menneskeleg tala.

---

Litteratur

J. Brandtzæg: Ruts bok og Jonas’ bok. Misjonskurset pr. brev Xxi. Opphaveleg ei bok kalla To veier, 1924.

Audun Leif Thorsen: Ruts bok. Bibelverket 1988.

Leon Morris: Ruth.Tyndale 1969.

Fr. Wisløff: Gamle Testamentet II, De historiske bøker,1948.

Keil and Delitzsch: Old Testament Commentaries. Ruth. AP&A-utgave.

The Pulpit Commentaries, Ruth. AP&A-utgave.

August Dächsel: Die Bibel oder Die ganze Heilige Schrift 1.2.1867. Ruth.

Matthew Henry: Commentary II, Ruth. 1959.

Aschenfeldt-Hansen: Gullgruben.

C.T.Goslinga: Bible Student’s Commentary.Ruth.1986.

F.C.Cook: The Bibel Commentrary. Ruth. 1979.

P.Fjellstedt: Biblia. All den Heliga Skrift med förklaringar I. 1878.

Robert Jamieson: A Commentary I, 1984 (1868). Ruth.



[1] Teksten er henta frå Nynorsk omsetjing 1938.

[2] På hebr. Er brukt order Chen, som tyder nåde.

[3] Her er brukt chæsed på hebr.

[4] Sjå 3.Mos 25, 25.

[5] J. Brandtzæg: Ruts bok, i Misjonskurset pr. brev, s. 38.

[6] Sjå til Rut 2, 20.

[7] Heim er i slekt med indogermansk ci som tyder å liggja. Etymologisk ordbok.

[8] Hebr. Kanaph. Hovudtydinga er skjul, tildekking.

[9] L.Morris i Tyndale Comm.p. 294.

[10] d. v. s. ved søner.

[11] Det er altså ikkje tale om kjøp av ein slave el.l.

[12] L.Morris: Tyndale comm. p. 315.

Ingen kommentarer: